Ski- og brettkøyrarar gruer seg til å ta stolheisen av ulike årsaker. Vi er redde for å ramle, for å snakke med framande eller å miste ein vott eller stav. Uansett kva din grunn er, er vi alle like i heiskøa, og om vi vil til topps, så må vi jo alle ta heisen opp.
Tekst: Martin Andrè Kristoffersen.
Med tanke på alle våre ski- og brettkøyrarar har vi satt samen ei lita liste over viktige moment å hugse på når vi no går ein ny sesong med heiskøyring i møte. Om du memorarar og held deg til denne lista, vil ferda med stolheisen garantert bli ei positiv oppleving. Kven veit, kanskje blir det nesten like kjekt å ta heisen som å renne ned?
1. Ikkje start heisturen med å få panikk og dra sikkerheitsstonga hardt ned i hovudet på ein av dine medpassasjerar. Det skapar berre dårleg stemning. Vent til de har forlate påstigingsområdet og alle har sete seg godt ned i stolheisen. Skaff deg oversikt over situasjonen ved å sjå om dei andre er klare til at du dreg stanga kontrollert ned med ei mjuk og føreseieleg rørsle. I tillegg kan du gjerne spørje om dei andre er klare før ein dreg ned sikkerheitsstanga, då føler dei seg sett og viktige, og heisferda har på denne måten fått ein positiv start.
2. Pass på utstyret ditt i heisen. Dette gjeld spesielt om du sit i stolheisen opp Roalden. Etter kvart openberrar nemleg den verdskjende fjordutsikta seg. I det augeblikket er det lett å miste alle hemningar og febrilsk leite fram mobilkameraet. Vi har observert dette fenomenet mange gongar, og sjølv om ein har tatt heisen opp Roalden mange gongar før, er ein ikkje immun mot det perfekte Instagram-augeblikket der lyset, snøen og fjorden spelar på lag for å gje deg 238 likes. I jakta på mobilen, som kan ligge i eit utal lommer på skijakka eller buksa, er det nemleg lett å miste a) vottar/hanskar b) skistavar c) begge deler. No er det ikkje verdas største krise om dette skjer, med mindre staven treff nokon i hovudet. Det er likevel særs uheldig å miste det ein varmar og beskyttar hendene med. For å unngå uheldige situasjonar som dette, anbefaler vi vottar/hanskar med handleddsstropp. I tillegg anbefaler vi å plassere skistavane under skinka. Di eiga skinke, ikkje skinka til personen ved sida di. Det skapar berre dårleg stemning. I tillegg kan du også spørje sidepersonen om hjelp til å halde vottar og stavar. Folk er oftast meir hjelpsame enn vi trur og sjansen for at du får eit ja til svar, er ganske stor. Kanskje blir det starten på eit nytt venskap?  

Det er lett å miste alle hemningar og febrilsk leite fram mobilkameraet for å forevige denne utsikta. Men pass på å ikkje mist mobilen. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

3. Sjenerte stolheispassasjerar kan gøyme seg bak skibriller og bandana, men det er jo litt pinsamt om ein er så (u)heldig å hamne i heisen med same person fleire gongar. Då er det fint å ta mot til seg og starte ein samtale, men val av samtaleemne er viktig for korleis du og medpassasjeren vil oppleve heisturen. Vi oppfordrar derfor til å ikkje starte samtalen på følgjande måtar: a) «Veit du ikkje kven eg er? Eg er den beste skikøyraren på fjellet,» b) «Eg såg du tryna på big jumpen i stad, om du heller forsøker….» c) «Eg hadde vunne Alperittet i fjor om det ikkje var for at rennet vart innstilt, men i år kan eg diverre ikkje delta…,» d) «Eg hadde same ski som du renn på for tre år sidan, dei var gode då men desse er myyyyykje betre.»
 4. Når du kjem til topps med heisen, gjeld det same som i punkt 1. Ikkje avslutt heisturen med å få panikk og dra opp stanga slik at dei som sit saman med deg i heisen får stanga i haka, då kan dei lett bite seg i tunga og det er ikkje noko kjekt. Det skapar berre dårleg stemning. Hald hovudet kaldt og skaff deg oversikt over situasjonen. Har dei andre teke skia eller brettet av støtta? Då går det truleg også bra å løfte opp stanga. Den siste viktige avgjerda er korleis du på ein kontrollert og elegant måte glir ut frå stolheisen. Skal du a) vente til dei andre glir ut av stolheisa eller b) vere førstemann ut? Om du vel alternativ b, kan det vere smart å til dømes gli ut til venstre om du sit lengst til venstre i stolheisen. Det kan lett oppstå dårleg stemning om du tek fart og glir over til høgre. Om du har tenkt deg til høgre, kan du heller vente til dei andre har glidd ut, eller gli ut rett fram for så å ta eit stavtak eller to over til høgre.
5. Om du er ein av dei som føler at du verkeleg meistrar å ta heisa, då oppfordrar vi deg til å vise respekt for dei som ikkje er heilt trygge på korleis dei skal handtere heissituasjonen. Vi har alle vore der ein eller annan gong. Det er ikkje fint å le av andre, det skapar berre dårleg stemning. Du er nok heller ikkje den beste til å ta stolheisen på fjellet.
PS: Om du framleis kjenner at det knyt seg i magen med tanke på å ta stolheisen til topps på Roalden, kan du trøyste deg med at det også finst gondolar å sitje i. Men då må du plassere skia/brettet på utsida av gondolen medan gondolen beveger seg framover. Det krev ein viss koordinasjon, om skia ikkje blir plassert langt nok nede kan det hende at den dett ut på veg til toppen. Viss du synest dette også høyres skummelt ut, kan du gjere som oss i redaksjonen. Sjå til andre sida av dalen. Vi køyrer heller koppetrekket, då slepp vi å memorere punkta ovanfor. Alle andre skal jo uansett opp på Roalden…