Christoffer Berg har ei unik evne til dukke opp på Strandafjellet på dei beste pudderdagane. Du ser han ofte flygande ut frå ei klippe og lande fjellstøtt i meterdjupe pudderlandingar. Han vaks opp med å køyre ski ned eit av Noregs beste frikøyringruns frå toppen av Roalden og heim til Langlo. Med bakgrunn som alpinist, kjennskap til Strandafjellet som få andre, og eit personleg forhold til skia sine der han kjem i hug kvar dei ulike hakka i skia kjem frå, er det ikkje rart at Christoffer drar på hardare enn dei fleste.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. (Publisert i Vinter PS 2016)

Kor lenge har du stått på ski?

– Eg har stått på ski så lenge eg kan hugse. Faderen lærte meg å stå på ski så fort han kunne, så han slapp å bære meg i bæremeis til hytta. Eg er oppvaksen med å herje rundt i snøen med brudern på slep. Fadern bygde hopp og hengte opp kraftige arbeidslys i trea når det blei mørkt. Då fekk vi rase fra oss ute til vi blei lei, eller måtte dragast inn for å ta tannpussen.

Har du nokon spesielle skiminner frå oppveksten?

– Eg hugsar godt tida eg var med i Alpingruppa. Alle kveldane vi fraus på fingrar og tær og køyrde portar på Fjellet. Og ikkje berre skikøyringa med Alpingruppa, men eigentleg heile greia. Det gode samhaldet med trenarane, foreldra som var med på treningar, sommar- og haustsamlingar, renn og den gode stemninga. Og ikkje minst den varme safta og kinderegga vi fekk i varmestua etter Strandacup-renn. Den safta og kinderegga pratar vi om den dag i dag når vi sit i varmestova.

Når starta du med frikøyring?

– Frikøyringa kom då vi starta på ungdomskulen og foreldra våre gav oss frie taumar til å utforske fjellet. Men vi var aktive alpinistar og redde for å få øydelagt skia våre. I det gamle trekkhuset fekk vi leite etter gamle ski som vi kunne bruke som «steinski». Der fann vi mykje gull. Jo eldre vi blei, desto meir var vi innom skiutleiga og masa på Arve’n om å få låne ski. Den første frikøyringsskia mi var eit par Morotta med supertelemarkbindingar og ankelhøge biksemsko. Etter det har det berre balla på seg. Eg har sikkert pløya gjennom minst tretti par ski opp gjennom åra. Mange av dei står framleis i garasjen. Eg har sprengt kjernen på nokre ski, reve ut bindingar, og knekt to par sko. Men aldri knekt ei ski.

Christoffer på tur gjennom eventyrskogen ein heilt vanleg midtvekedag. Foto: Håvard Myklebust.

Har du nokon spesielle frikøyringsopplevingar frå Strandafjellet?

– Den legendariske påska i 2012. Då det kom 235 cm pudder på tre og ein halv dag. Det var skikkeleg snorkelføre, Kuro-skia var ikkje brei nok då. Det var kontinuerlig køyring heile tida. Sure lår, men blide fjes og god stemning. Eg hugsar veldig godt då dei bygde stolheisa på Furset. Vi fekk over ein meter med snø medan dei bygde trekket i oktober. Den 13/10-09 stakk eg og ein kompis opp på Egga, og køyrde ned til Varmestova utan å ta nedi stein ein einaste gong. All denne snøen var jo ei plage for dei som jobba med heisen, men fint for oss.

Kva likar du best med Strandafjellet?

– Eg likar best at vi har så store område til å boltre oss og køyre lange runs på. Det er opp til deg sjølv kor langt du vil køyre. Eg merkar at det var mykje meir flyt i køyringa før. No i desse hasjtagg-tider blir det oftare stopp i gruppa for å ta enda eit bilete. Difor syns eg det er kjekt å køyre med bror min når han kjem heim. Han bur ikkje her lenger så han må skunde seg og få mest mogleg snø under skia før han reiser tilbake til Trondheim. Eg kjenner jo syra i låra, men kjensla av å køyre lange runs er fantastisk.

Har du eit favorittrun?

– Fønnaheiane i lav januarsol er god stemning, og Torsnikkdalen om snøforhalda er stabile.

Korleis opplever du som lokal frikøyrar at fleire og fleire frikøyrarar kjem hit til Stranda?

– Vi har så store område her at det ikkje er eit problem. Eg har enda ikkje vore i Hevsdalen utan å køyre uspora snø. Eg kjenner fjellet og finn mine plassar. For min del er det ikkje noko problem. Eg oppfattar det heller meir som om det faktisk er utombygdingar som trur dei eig heile fjellet og blir småsure.

Christoffer på veg gjennom fjell-lufta i Hevsdalen. Foto: Håvard Myklebust.

Har du eit frikøyringtips til dei som besøker Strandafjellet for første gong?

– Følg markerte løyper, følg rygg og ver trygg. Hehe … Nei da, eg har ofte møtt på folk som har enda opp i en sidedal og trur dei er i Hevsdalen fordi dei har fylgt nokre skispor dei fann. Mitt tips er å ikkje følgje spor berre fordi det går spor der. Skaff deg ei viss geografisk oversikt over området først, og les dagens vêr- og skredvarsel. Elles står det meste i guidane til Fri Flyt. Utover det vil eg ikkje røpe noko meir.

Kva gler du deg mest til med vinteren?

– Det må bli den første botnlause dagen, når eg kan køyre der eg vil utan å vere borti steinar eller røter. Når eg kan køyre heim utan å ta nedi, då er sesongen fullverdig i gang. Elles gler eg meg til kompisdagane. Skidagar med kompisar som gjerne blir avslutta med hytteslarv. Diverre er det ikkje like mange av dei som før. Enkelte har jo klart å bli småbarnsforeldre. Så vi har ikkje like mykje fritid ilag som før. Men det er stas når vi endeleg får samla gjengen på hytta etter ein god skidag.