Gondolen har stoppa for dagen og dei siste skikøyrarane tuslar nøgd mot bilane på parkeringsplassen i Hevsdalen. Det er no Sjur Ringstad, skandinavisk meister i tråkkemaskin frå 2010, sit seg inn i tråkkemaskina og gjer seg klar for ei ny økt i Noregs vakraste kontorlandskap, og eg skal få lov å bli med. 

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. (Publisert i Vinter PS 2017)

Vi køyrer under heisvaierane på Roaldsheisa, og det polstra skinnsetet byr på mykje meir komfort enn kva eg hadde førestilt meg, noko som kanskje er på sin plass med tanke på at denne doningen kosta godt og vel tre millionar kroner. Med alle knappane og dei to spakane liknar førarsetet meir på cockpiten i eit fly enn ei stor kraftig beltevogn som flyttar snø på fjellet.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen

– Med desse spakane styrer eg belta. Og denne styrer skjæret, fresen og diverse andre småting. Det som er så fint med denne maskina, er at eg kan legge fresen parallelt ut på sida av maskina, det gjer det enklare å preppe når vi køyrer nedover med mykje nysnø, noko vi ofte har her på Stranda. I tillegg er det parkskjer som gjer skjeret svært fleksibelt.

Sjur blir tydeleg begeistra medan han forklarar kva denne fantastiske maskina kan utrette. Han har vakse opp på gard, og interessa for traktorar og maskinar kom tidleg.

– Eg starta å jobbe som heisvakt på Fjellet då eg var 16 år gammal. Då eg var ferdig i heisen om ettermiddagane, brukte eg å sitte på i tråkkemaskinane medan dei preppa. Dermed hadde eg mange timar i tråkkemaskina før eg starta å køyre sjølv.

– Når preppa du aleine første gong?

– Første gongen eg preppa aleine, var natta etter Alperittet i 2005. Den kvelden ville alle «gamlekarane» ha fri for å stikke ned på hotellet. Dermed måtte eg som yngstemann jobbe. Det var ein ganske tøff start. Det var forferdeleg vêr den natta, og eg skulle på eit tidspunkt køyre transportløypa frå Furset-traseen til heisbua på Egga-trekket. Etter kvart trudde eg at eg nærma meg heisbua, men då viste det seg at eg stod under trekket eit godt stykke lenger oppe i fjellsida. Då gav eg opp, og venta til det letta med å preppe ferdig.

– I 2010 vart du skandinavisk meister i tråkkemaskinføring, i konkurranse med 45 andre tråkkemaskinførarar frå alpinanlegg i heile Skandinavia. Kva går ein slik konkurranse ut på?

– Vi måtte gjennom tre ulike oppgåver. Den siste oppgåva var å køyre tråkkemaskina i eit åttetal. I utgangspunktet er jo ikkje det så vanskeleg, men då tråkkemaskina hadde bilratt som svinga til høgre om eg styrte mot venstre, vart det vanskeleg. Men det gjekk jo på eit vis, og til slutt stod eg att som vinnaren. Eg skulle eigentleg konkurrere mot 12 andre tråkkemaskinførarar i VM i Sveits, men vulkanutbrotet på Island sette ein stoppar for det. Eg skulle ta eit fly kl 10:03 frå Gardermoen til Zurich, og kl. 10:00 stoppa dei all flyging.

Tråkkemaskina et høgdemeter som det norske folk et Grandiosa, og vi kan sjå den velkjende utsikta ned mot Stranda og Storfjorden i bakspegelen. Det er ein fin vårkveld, men som Sjur var inne på tidlegare er det ikkje berre finvêrskveldar her på Stranda.

Sjur har heilt ok utsyn frå kontorvindauget. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

– Korleis er det å jobbe når nordvesten slår inn og snøføyken gjer det vanskeleg å sjå kor ein skal køyre?

– Ei natt hadde det snødd om lag 10-15 cm då eg starta å preppe Furset-traseen. Nordvesten heldt det gåande heile natta, og det same gjorde eg. Eg køyrde opp og ned heile natta, og då det letta på morgonen var løypa preppa og klar til opning. Då hadde det snøa godt over ein meter den natta. På ei skikkeleg nordvestnatt herjar vind og snøvêret ofte fram til i 8-9-tida, og så skin det opp og blir kjempefint vêr. Då ser ikkje alltid løypene heilt strøkne ut, og folk undrar kvifor vi ikkje har preppa.

– Kva er det kjekkaste med jobben på Strandafjellet?

– Det kjekkaste med jobben er å lage fine løyper som gir gjestane gode opplevingar. På sommaren planerer vi ut traseane med gravemaskina og legg på den måten til rette for at preppinga blir betre til vinteren. Det er jo også veldig kjekt å kome i gang med snølegginga om hausten, og starte å preppe løypene etter kvart som det blir produsert snø.

– Får du sjølv tid til å renne på ski i løpet av vinteren?

– Det blir lite tid til skikøyring. I fjor fekk eg seks skidagar på Fjellet. Eg prøver å lure meg ut ein tur medan eg er på jobb for å sjå over løyper og heisar. Av og til ser eg betre kva som må gjerast når eg har ski på beina. Når eg først har ein dag eller to fri på vinteren, er det ofte så mykje å gjere heime på garden at eg ikkje har tid til å renne på ski.

Vi har kome heilt ned til Hevsdalen igjen, og snøkrystallane har hardna til etter at sola har krope lenger og lenger opp fjellsida. Rillene skjæret har etterlatt seg i løypa, byr opp til carvingfest for gjestane som er tidlegast ute i morgon. Men no skal eg klive av tråkkemaskina og ta kvelden, medan Sjur skal halde fram vidare gjennom natta, for i morgon tidleg skal milevis med løyper vere ferske og klare til nye gjestar.