Få ting pregar det dagelege livet langs fjorden i like stor grad som ferja. Når går ferja, og rekk eg ho? På mange måtar styrer ho livet til dei av oss som må krysse fjorden for jobb eller fritidsaktivitetar.

Ferjer har vore ein viktig del av landet vårt i lange tider. I Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 les vi at små elver som bryt ein landeveg skulle blir utstyrt med ei bru eller med tau frå den eine elvebredda til den andre. Ei togflóti (tauflåte) vart festa til tauet over elva, og ferjumadr (ferjemannen) tok så folk over elva på tauflåten.

I den norrøne litteraturen les vi om ferjer som saltvatnsfartøy. Egilssoga omtalar ferjene som rodrarferjur (roferjer). Desse gruntgåande roferjene var breie, med eit årepar i kvar ende, eit stort opent lasterom midtskips, med eller utan skipsdekk. Dei var ikkje egna for anna enn å krysse forholdsvis korte strekningar, eit sund eller ein fjord.

Tidlegere fylkesordførar i Møre og Romsdal, Ingvard Sverdrup, sa i si tid: «Her i fylket bur ein tredjedel av befolkninga på øyane, og resten på andre sida av fjorden.» Der fjorden skapar eit skilje, knyter ferja oss saman. Ferja er meir enn eit transportmiddel. Ho har vore, og er ein møtestad mellom menneske.

30. juni 1979 var ein stor dag for Stranda og Liabygda, det var opningsdagen av ferjesambandet Stranda-Liabygda. Fram til no hadde ein teke ferje frå Stranda til enten Stordal eller Overråneset. Men opninga av sambandet Stranda-Liabygda gjorde overfarten om lag 17 min raskare. Som med alle andre samferdselprosjekt i Noregs langstrakte og krinkelkroka land var det ikkje enkelt å realisere dette anlegget. Det blei strid om vegval og det vart hevda at trafikkgrunnlaget var for lite. Då ferjesambandet opna, var det med bompengar på vegen, men allereie åtte år etter var vegen betalt og bommen fjerna.

Den gongen var det ferja Voldingen som frakta bilar og folk over fjorden. I dag er det MF Sykkylvsfjord, bygd i 1975 ved Smedvik Mek. Verkstad, som trygt fraktar skuleelevar, arbeidstakarar, pensjonistar og pudderjegerar fram og tilbake over den mektige Storfjorden. I 2016 segla Sykkylvsfjord 19 226 overfartar fram og tilbake over fjorden, og frakta 186 852 passasjerar og 182 509 kjøretøy (inkl. sjåførar).

Kor mange røvarhistorier har ikkje blitt delt over ein kaffikopp og ei svele i ferjesalongen opp gjennom åra? Kor mange kjærleikshistorier har ikkje blitt til på ferja? No blir det diverre ikkje servert sveler på mange av ferjene lenger, men røvarhistoriene blir framleis fortalde og kjærkeiken blomstrar til medbrakt kaffi og brødskive.

Ferjefilosofi

1. Ikkje stress for å rekke ferja, då tek du lett dårlege val i trafikken. Bilisten framfor deg køyrer ikkje sakte med vilje. Vi kan seie med 85 % sikkerheit at han ikkje er ute på vegen for å hindre deg i å nå ferja.

2. Ikkje fortvil om du mista ferja, det er ikkje lenge til neste avgang. Om du ventar på Stranda, kan du gå inn på Stranda Bakeri eller KOS å kjøpe ein kaffi og noko å bite i, kjøpe ei ny bok på Stranda Bokhandel, ein bognande blomsterbukett til din kjære på Stranda blomster, eller nye ski til deg sjølv på Intersport hos Arve jr.

3. Om du ikkje rakk ferja, kan du sjå på det som at du er den heldige vinnaren av «bonustid». Som vinnar av bonustid har du vunne opptil 30 min til å gjere ingenting. Kor ofte gjer du ingenting?

4. Vi anbefaler å skru av mobilen og nyte utsikta medan du venter på ferja. Det kunne vore verre, tenk om du satt på ein perrong, klemt innimellom høghus, medan du stirra ned i ein mobilskjerm og venta på toget.

5. Ha ei bok med i bilen for dei gongane du ikkje rekk ferja. Sjå punkt 2. for kvar du kan kjøpe ei god bok.

6. Ha ei varm jakke med i bilen, då treng du nemleg ikkje å la bilen stå på tomgang for å halde varmen. Det er ikkje bra for miljøet. Bruk hovudet, vi har berre ein klode.

7. Ha ei fiskestang med i bilen, så kan du fikse middag medan du ventar.

8. Ha stormkjøkken med i bilen, då kan du lage middagen medan du ventar. Nyt så den nykokte sjølvfiska middagen medan du tek ferja over fjorden.

9. Toaletta i andre etasje på ferje er ofte mindre brukt enn dei i første etasje.

10. Ikkje ta ferja for gitt, av og til er det fint å berre ta ferja fram og tilbake over fjorden for rekreasjon.