Ho er ikkje lett å få auge på, i alle fall ikkje frå denne sida av fjella. Gøymd bak stupbratte fjellsider ligg dagens turmål. Vi skal til nabobygda Sykkylven for å gi Bjønnatanna (1480 moh) ein visitt.

Tekst: Johan Inge Kistrand

Det er langfredag og etter ei dårleg påske så langt, i alle fall etter vêret å dømme, har det endeleg snudd. Ikkje ei sky i sikte og sola har vakna og er i ferd med å kike fram bak fjella. Dei snødekte fjella står berre og ventar på oss. Det ligg an til å bli ein fantastisk dag.

Vi tek av til Brunstad og køyrer opp til kraftstasjonen kor vi parkerer bilane. Snøen har ikkje lagt seg heilt her nede, vi må bere skia eit lite stykke oppover grusvegen. Heldigvis tek det ikkje lange tida før vi kan feste fellene på skia, og etter ei lita stund kjem vi opp til den flotte Vellesætra. Dette er ei ubemanna DNT-hytte som ligg perfekt plassert i Velleseterdalen. Hytta er eit godt utgangs- punkt for ulike turar for både små og store, sommar som vinter. Av fjelltoppar i nærleiken til hytta kan ein nemne Brunstadhornet, Velleseterhornet, Klovetinden, eller overgangsturen til Patchellhytta via Gullmorbreen.

Vidare frå hytta siktar vi oss inn på Storbreskaret. Vi er ikkje dei einaste som har tenkt oss opp på tur her i dag, lenger opp i fjellsida kan vi skimte to personar. Denne sida kan vere ganske skredut- sett, og vi ser at det har gått eit relativt fersk skred like bortanfor ruta vi har sett oss ut. Forholda i dag verkar trygge, men vi blir litt ekstra fokusert idet vi passerer staden kor skredet har stoppa opp. Det har vore enorme krefter i sving. Vi går opp vidare i skaret med ekstra merksemd. Det er ei dryg side oppover, sola stig høgare opp på himmelen og sveitten begynner å renne. Oppe i enden av ska- ret på ca. 1250 meter over havet opnar landskapet seg, vi får ei fantastisk utsikt mot kjente og ukjente fjelltoppar. Vi tek oss ein liten pause med litt energipåfyll medan vi peiker og forsøker å namngi alle toppane vi ser. Det blir lagt til nokre ekstra toppar på bucketlista medan vi sit her og skodar utover dei mektige Sunnmørsalpane.

På veg opp Storbreskaret. Foto: Johan Inge Kistrand.

For å kome oss til topps må vi først litt ned i terrengert, men vi prøver å halde høgda rundt ein knaus som må passerast. Herfrå får vi for første gang sett sjølve toppen. Bjønnatanna ser umåteleg flott ut der ho stikk opp i landskapet, dekt med om lag 20-30 cm påskepudder som berre ventar på oss. Det skal bli en draum å setje nokre svingar nedover denne sida. Med ekstra giv etter å ha fått målet i sikte går dei siste hundre høgdemetrane raskt unna, endeleg står vi under toppunktet. Det er bratt opp siste biten, vi vel å setje skia igjen nedanfor toppen, tek fram isøksa og klyv til topps. Det er trongt for fire personar på toppen, men når vi har fått stabilt feste for føtene og kikar oss rundt, er wow-kjensla enorm. Makan til utsikt, klarare kjensla av å vere midt i smørauget skal ein leite lenge etter. Slogen kikar fram, Brekketindane tar seg særdeles godt ut herifrå og flotte Velleseterhornet ser majestetisk ut. Hjørundfjorden dukkar også opp, og på andre sida av han ser vi blant anna Skårasa- len og den flotte dalen ned til Skår. Der ligg snø nesten heilt ned til fjorden. Med andre ord, vi ser det meste herifrå. Tause blir vi ståande og berre sjå oss rundt.

Etter å ha tatt inn alle dei mektige inntrykka og ein liten matbit, klyv vi ned til skia. Eg prøvar å fin- ne ein spot for å ta bilete av førstemann ned. Det spisse og steile Vestlege Velleseterhorn gjer seg godt i bakgrunnen på bildet. Eg finn ein bra plass og finjusterer litt på komposisjonen, og ropar «Køyr på!». Sekundar seinare kjem Svein inn i bilderamma. Det ser fantastisk ut. Fjonlett snødrev etter svingane, og det tek ikkje lang tid før eg høyrer jubelropa frå Svein. Det begynner å krible ek- stra i magen, eg pakkar ned kameraet og sett utfor sjølv. Eg kjenner allereie etter første sving at snøen er heilt optimal. Det er berre å surfe nedover fjellsida, uanstrengt og med eit breitt glis om munnen.

Nydeleg nedkøyring med Vestlige Velleseterhornet i bakgrunnen. Foto: Johan Inge Kistrand.

Litt nede i sida flatar det ut og vi stoppar opp. Ansiktsuttrykka er ikkje til å ta feil av. Alle er i eksta- se medan vi ser tilbake på spora etter oss. Men her er det på med fellene igjen. Vi må gå nokre høg- demeter tilbake opp for å kome oss ned Storbreskaret. Store delar av sida frå Storbreskaret ligg i skuggen, noko som gir oss håp om tørr snø også der. Litt spent i det eg sett den første svingen, men jammen er forholda perfekte ned skaret også. Det er sjeldan ein får så mange høgdemeter med tør- rsnø så seint på året. I dag er vi heldige.

Vi tek oss ned til Vellesætra kor vi set oss ned og tek ein liten pause i sola. «Det blei jo ein bra dag dette» seier eg. «Kanskje årets beste…» får eg til svar. Ja, kanskje det, tenker eg for meg sjølv. Eg trur vi var einige om det medan vi sat i solsteiken og betrakta dei mektige fjella kring oss.

Bjønnatanna ligg midt mellom Vellesæterhorna, og høyrer til Ørsta kommune. Ho er også mogleg å nå frå Urke-sida. Men denne ruta går frå Brunstad. Det er generell skredfare heile turen. Spesielt utsett er det opp Storbreskaret, og på solrike dagar slepp det ein del frå sidene rundt Svendtinden når ein går over Grøtdalsbreen. Isøks må med for å nå toppunktet. Det kan også vere smart med stegjern.