Det va plutsele blitt gnistrande knivskarpt føre idet kalendarn begynte å vise mars. Sia vinteren so långt ha vør ta det meir deplete og våte slagja, ha han lete se freiste ta profetiane frå Yr. no frå kveldn før, og va no på veg oppigjønå den gresne bjørkaskogjen i liene ova Emdalen. Han tok sikte på egg te lunsj. 

Spor

Han likte dinne sorten skiløyping. Åleine i sporlaust terreng. Det låg ei slags friheit i ditte med å velje sitt eige spor, sitt eige tempo og sitt eige mål. Det va nøke redigt tøv ditte med fjellvitreglane sine krav te å alder gå åleine. Han ha støtt meint at det va nygbegyndarregela ditta der. Og han va no heilt sikker på at dei mest minneverdige turane va dei han hadde gått i eige selskap. Ikkje før at han sjøl va so rasande kjekk å vere i selskap med, men før at han som einsle farande fant kom nærare innpå det so fanst i naturen. Han for stillare åt, og vekte ikkje oppmerksomheit. Slik såg og høyrde han småfugl, hare, og rjupe. Og slik lytta han meir te seg sjøl, te pust og puls, belastning, rytme. Og te tanka….

Han tenkte på ditte med å sette spor. Når det gjaldt hass eige skispor, hadde denslags blitt automatisert, so pass at han va blitt sjøldå nøyaktig med kar han la låma. Før det sku sjå fint ut når han såg tebake på sporet. Han ha vent se te å tenkje slik at nestemann skulle sjå at her hadde det gått et danna friluftsmenneskje. At spore låg gøtt og naturle i terrenge, og fylgde forme og topografi so långt det let se gjere. I tillegg sku det vere sikkert, og allti med optimalisert val ta linje, før å unngå fønnfare eller harde, tablesne røbba. So akkurat den sidå ta sporlegginga va kje så långt framme i tankå.

Han tenkte meir på dei andre spora han sette. På dyre goretexklede, spesialisert og mångfaldig skipark, syntetiske utstyrsdetalja ta alle sorteringa, sesongkort i folkerike, halvvforsøpla skitrekkområde og biltransport til og frå friluftslive. Det økologiske fotavtrykket til nordmenn flest va igrunn altfor høgt. Ventele va akkurat det nøke so alle visste. Men det økologiske skisporet til den norske skiløparen va neppe stort likare det helder. Kanskje tvert om? Han rekna fort gjønå, og fann ut at han transporterte klede, utstyr og ski før over 25 tusen kroner opp mylljå bjørkekrylå. Du ska igrunn ikkje tenkje so mykje på dinna måten, før tanken på eigne spor begynde å sette nøkre spor. Slik tenkte han. Han hadde kjent litt på disse problemstillingå siste åra. Kanskje særleg ette at han sjøl hadde bidregje te å få sett te verda en ny generasjon sporleggara.

Flygetanka

Han ha ettekvart sikksakka seg gødt utu skogsvegå og va fort komen opp i gresn skog, nær skogsgrenså. Han såg framgjønå Emndalsdaln og mot Emdalstindå, der skuggjeveggen ta Emdalshønnje saug blikke te seg. Det såg skarpt og kaldt ut i fjellveggen. Sola va i ferd med å kaste skikkele ljøs på et lett føk rondt tøppå på Blåhønnja og Ørvøllshønnje på hi sidå ta Strandadaln. Fint! Det låg an te å bli en frisk og skarp dag, men so va det no jammen på tie syntest han. So långt ha nemle både vinteren og den grunne snøven mylljå tøyarøbbå, stort sett vøre våte so sekkjedikje. Skikkele gammaldags kald vinter ha han knappast sett snufta ta. Han kjende se på etteskøt med heile skisesongen. Men no va det altso blå himmel, lett bris, kuldegrade og femten centimeter styresnøv med tydele singlande krystalla. Han støppa nøkre sekund og heiv ette veret, medå han vurderte nøkre bjørkjakryla so fotomotiv .

Et fly kom sørfrå og drog med se ei kondensstripe innover bildeflatå, so han slo det frå se og traska se vidare. Tok heller sikte på å kome se uttu siste krattet og ta pause på nøkre lyngrøbba han viste om akkurat i skoggrenså. Disse baud på eit par turre steinhelle før bakenden, og året si fysste lukt ta varm humus og lyngtusta. Det va tydele at sola varma, trass kuldegradene i luftene. Han supa solbærsaft frå temoskøppen, og tøgg se gjønå ei velsmakande skive med iskald kvitost, medå han studerte den duble og no utflytande kondensstripa. Et anna fly var på veg inn litt lengre aust. Begge var nok tenkt se åt rullebanå utpå Vigerne. Han let tankane flyge. Kven va det so va ombord der på en sundags førmiddag? Sunnmørske sydenturistar på veg heimatt? Skikøyrarar frå Sverik kanskje?  Han tenkte på Strandafjellet med skisenteret, og på kundegrunnlaget. Han tenkte at økonomi va ein teng, og at økologi strengt tatt kanskje va ganske likt. Særleg på ein klode der det begynde å bli press på naturressursa. Va det nøke slags økologisk grunnlag for skiturisme? I so fall ka slags skiturisme? Sku tru om skiføret tølte utsleppa frå fly, sånn i lengda?

Ofjølgt fjølgt

Vinteren ha so sagt vør ta dei milde. Han hadde månge slike bak seg, men hadde kje ette nøke som likna ditte ifrå barndomsåra. Det hadde rett å slett vør før fjølgt dinne vintern. Ofjølgt fjølgt hadde det vør. Og at klimaet svinga og endra se, det va det vel ikkje grunn te å tvile på. Det va no helst det menneskele bidragje det stod om å debattere. At det va betydele, va han sjøl sikker på, men kor mykje påvirka det egentle? Han hadde nyle lese at dei globale CO2-utsleppa på ny hadde gått opp i år, ette at en hadde greidd å stabilisere dei gjønå dei siste åra. Slikt nytt løva knappast gøtt før framtidige ski- og snøvhøletura?

Han kulsa litt då han tok på seg sekkjen att, og den kalde ulltrøyå la se innåt ryggskinne. Det va vel Kina og austen sine økonomia so no fyrte opp før alvor? Følketalet i verda vaks i alle fall endå, visste han, og det låg vel uansett djupt i menneskenaturen å strekkje se etter nøke betre.  Såg en på det med rettferdsaugene, so va det vel ikkje anna å vente, at indarar og kinesarar med ville ha del i velstandsauke og levestandarda so øss her heime ha tekje før gitt i to generasjona? Det måtte sjølvsagt skuffast på nøke køl før at slikt skulle skje. Han kjende at det vart fole nærliggande å bli ironisk over sin eigen forbrukskultur i ditta perspektive.

Pulsen var raskt komen i gjenge att, og en god lonk spreidde se ut i lemmå. Han tok på ny inn synet av urøyvde og sporlause fjellside. Dei neste tre hundre høgdemetrane skulle lyfte skisporet hass i sikksakk opp ryggen frå Ytste Nyken til sjølve Kvitegga. Her måtte det gjerast goe vegval, før både i fjellsidå i syvest, og i hølå mot nordaust, vart det fort før bratt te at han kunne førsvare nøke slags ferd og åttaferde. Det gjaldt å halde seg på den smale sti. Med gødt stavheng begynte han på den fysste bauten oppgjønå siå, og grubla litt på kor mange nyrike kinesara som egentle kom til å ønskje se opplevinga i exotic Norway og laussnøvparadiset Stranda i framtia? Om det i det heile fanst nøke skikultur og vinterle yvjestøde å bygge på der borte i aust, eller om potensialet i marknaden kom til å skape ein slik kultur på kommersielle vilkår? Teslutt dukka det opp, det litt otidige spørsmåle om ei slik eventuell kollektiv tullferde ville true både den nordiske friluftslivkulturen, allemannsretten, det enkle friluftslivet og den sporlause framferda? Alt ditte so han såg rondt se no, og so han verdsette so høgt.

Illustrasjon: Yngvild Åm Sognnes.

Psyko

Det gjekk i sikksakk mot Eggja, Snøven va djupare, og det bratnast sopass at han so snarast måtte te med nøkre brattheitskalkulasjona. Det va absolutt ikkje om å gjere å stelle te nøke gufseferde, slik so ei fønnj her hadde kome te å bli. Men han kom te at det va trygt, i overkant ta 25 grade bratt, og so va kje det leside akkurat. Det va likevel nøke avbakele å ta se fram her i det skrå, og det va freistande å kome fort opp på sjølvaste ryggjen. Men han frykta at det kunne vere skavl på hi siå, og det ha slettest ikkje vør særle festle med et skjavlbrøt, før so å sigle nedette mot Myklebustsætra so del ta ei større fønnj. So han heldt se te planen, og kava seg fram ette stramt skjema, långs tryggaste lei. Han tenkte på det han en gong ha lese om dei psykologiske fellene so gjer at sjøl erfarne fjellfanta rota se inn i skredsituasjona so dei burde ha vit og kunskap te å unngå. Det va vist fullt mule å lure seg sjøl, når drivet ette opplevinga, eller statusn so opplevinga kunne gi, overstyrte fornuften. Det fanst visst både eksempel og statestikk å bygge slike påstanda på. Svølten ette både den kollektive og den individuelle opplevinga såg statestikken ut te å vere sterkare enn sansane som skulle ta inn fåresignala.

Kanskje va det slik det va med forholdet te miljøet og klimaet me? Han ha øftå grubla på kaffør piritlehjernå ikkje såg ut te å oppfatte klimatruslane sterkt nøk te at menneska, han sjøl medrekna, endra åttaferde. Kanskje va det nøkre ta disse same psykologiske fellene, og en liknande svølt so gjor se gjeldande, når elles presumptivt førnuftige og miljøbevisste skifølk kunne få se te å flyge te Patagonia eller Britisk Columbia før ei vike med skioppleving? Eller når øss bygde øss luksushytte te millionvis onde påskøt ta investering, eller skifta bil fjerde kvart år før at dei nye likso sku ver meir miljøvennlige.  Va kje slikt å skyte se sjøl i foten, sånn på lång sikt? Øss tenkte vel at kriså  ikkje kom i vår levetid? At klimaendringa kanskje va nøke heilt naturle so alltid hadde vør der? At øss hadde so mykje natur rondt øss at det, uansett tilstrøyming, ikkje skada å invitere turista? Det skjer kje no? Det skjer kje meg? Heilt psyko tankegång i grunn.

Han kjende at det begynde å flate litt ut mot tøppen no, og ga på litt ekstra. Va komen så nær sjølve egga at han endele såg at der ikkje va skavl, i alle fall ikkje akkurat her. Han støppa so snarast, og såg se rondt. Der va fire kondensstripe ette fly på himlen no. Og sola varma sopass at det vart antydning til klabb på fellene.

Egg!

Komen opp på egga va det tid før matpause. Han fann ei tablesa røys og sette se på ryggsekken. Kjende at det e varmt nøkk te at han også kunne få lufta føtene. Det vart lett klamt i disse plastskala so randoneestyvlå trass alt va. Han såg på landskape mens han tøgg i seg skive og  drakk meir snøvutvatna lonka solbærsaft. Det va vikti å erstatte væsketape mest mule. Han såg garda, vega, plantefelt, beitemark, setra og kraftverk opponde se, nedi Strandadaln. I grunn va det berre ovafør skoggrenså at naturen ikkje va menneskeforma på ett eller anna slags vis. Og snudde han haude og røyste se opp sopass at han såg over eggakanten, såg han i retning av industriområde, turistområde skitrekk og hyttefelt. Synlie og store inngrep so han visste fanst i Hevsdalen på hi sidå ta Storhønnje. Og han kunne lett hevde alt ditte trongst. Det låg økonomi og arbeidsplassa i all denne tepassinga ta naturen. Og det va god distriktspolitikk i å la lokalsamfunnet ta i bruk ressursane. Han skjøna det. Men øftare og øftare ha det kome føre nå ditte spørsmålet om balanse. Og her han sat på ei egg, spørte han se om øss heldt på å bikke over, og hamne på den fårlege siå ta kanten og løyse sjølvaste Storfønnja. Hadde samfunne rett å slett nått tøppen? Og måtte øss finne oss i at utvikling og framsteg herette ville kreve en ny og vanskele balansegong? Kanskje te og med i ondabakke?

Ette mataykta tenkte han se vidare. Oppå her va det flott å gå innover mot Svartetindå i syvest.  Det va solskin og god, lufti utsikt, med en dal på kvar side. Tverrfjellet, Skruven, Smørskredtindå og Leirvasshønnje va alle spenstige 1500-metersnaboa i vest og nordvest. På hi sidå fauk det ta ryggjen på Emdalstindå si långe, mørke 1400-metersegg. Føret va utopisk gnistrande, og han staka seg i gong mot Svartetindane. Han ville gå so långt det kjendest trygt, men merka at det kvassna ganske fort. Te slutt gjekk skisporet på so kvass egg at han i prinsippe hadde en fot i kvar dal. Endå et stykke let egga se balansere, før skråninga på begge sider nærma seg 30 kritiske grade. Det vart på tide å tenkje se litt grundig om no. Særleg vestsidå begynte å bli skræmande bratt.

Han tenkte at det kanskje va slik det va. Med den globale oppvarminga. Med bruken vår av naturressursar. Øss vil so frykteli mykje. Og så hadde øss jammen fått den økonomiske sjansen te å gjer nesten alt det vi ville. Slikt kan lett føre til fårle overmot. Han tenkte dette, og samtidi såg han mot sola og opp på Svartetindå. Fantastisk flott! Det hadde vør kjekt å kome seg oppå der. Isøks og stegjarn va med i sekken. Han såg at det hekk skuggefulle skavla i austsiå. Og vestsiå va altfor bratt! Men kanskje va kje det so fårle so det såg ut? Andre hadde no gått der vintersdag før? Han sjøl med, ei sein påske for nøkre år sida. Va han pysete no, når han nølte?

En svak vind knuste snøkrystalla mot  randonneestyvlå. Han va sveitt, men fjølg og god. Han kjende sin egen puls inne i huå. Det kjendest plutsele som at tindane kommuniserte. Og han lytta. Så lirka han laus bindingen, fjerna fellene og la dei i sekken, før han spente bindingen på att, skituppane no vendande andre vegen. Det var høgste dag. Han sto på ei egg, og han merka det. Vegen kunne gått vidare, han kunne klivra mot sola. Det kunne ha gått bra. Men nøke i han sa at det var nøk no. Også mennesket vart kanskje mett ein gong?

 

Tekst: Blådalsbjønnen.