Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har stoppa opp kring Straumgjerde for å beundre dei gigantiske fjella som står og flottar seg her inne. Sommar som vinter. Like imponerande kvar gong. Dei kan verke temmeleg uframkommelege der vi denne onsdagen i slutten av april står og ser opp på målet for dagen, Blåbretinden.

Tekst: Johan Inge Kistrand

Sola skin og vêrmeldinga lovar bra vêr for heile dagen. Vi er tidleg oppe og på veg til ferjekaia på Magerholm. Spente på dagens tur – vêret, snøforholda og ikkje minst om vi i det heile tatt kjem oss opp til toppen. Det er ein nokså krevjande tur og tidvis bratt.

Frå ferjekaia på Aursneset køyrer vi forbi Straumgjerde og tek av ved Fet, kor vi parkerer ved sidan av ein gardsveg. Snøgrensa har krope langt oppover, så vi fester både skia og skiskoa på sekken, og tek fatt på stigninga iført joggesko. Vi må opp til 450 meter over havet før vi får snø under skoa. Her heng vi frå oss joggeskoa, fyller på med litt energi, spenner på oss skia og går vidare oppover mot Ljøsabreen. Etter litt kjem Trollkyrkjetindane til syne, og vi begynner å merke at vi er i alpint terreng.

Endeleg over tregrensa og på med skia. Foto: Johan Inge Kistrand.

Turen vidare går knirkefritt. Snøen er stabil, sola tek ikkje skikkeleg tak på denne sida, og det er kaldt i lufta. Forhåpningane om herleg nedkøyring veks for kvar høgdemeter. Her er ingen andre skispor å sjå, vi er dei første som er her oppe etter det siste snøfallet. Etter ca. 3 timar er vi oppe ved høgde 1412 moh. Vi blir stille og ståande å måpe. Utsikta mot Sunnmørsalpane kring oss er formidabel. Vi ser eit turfølgje på to personar som er på veg til Tungremstindane. Dei blir som bittesmå maur i dette mektige alpine landskapet.

Når vi har fått fordøya inntrykka, tek vi oss vidare opp mot Lille Blåbretind. Her begynner det å bli bratt. Vi vurderer forholda nøye og ser oss ut ei rute opp. Her er ein berykta skavl som kan bli enormt stor, og vanskeleg å passere. I dag ser han overkomeleg ut. Vi fester skia på sekken og «boot packer» oppover. Det kriblar litt ekstra i magen i slikt terreng, men vi kjem oss vidare opp utan problem. Oppe på Lille Blåbretind ser vi målet klart og tydeleg. Blåbretinden ser nokså uframkomeleg ut med bratte sider på alle kantar. Men det er ei markant renne litt forbi sjølve toppen vi skal opp. Frå der vi no står får vi sette nokre svingar i flott slush-føre og så skli vidare framover mot renna. Vi set frå oss skia her, og klyv oppover.

Oppe på platået tuslar vi vidare til toppen. Synet som ventar oss her er vanskeleg å skildre, men du verda for ei utsikt, det må vere noko av det flottaste Sunnmørsalpane har å by på.

Utsikt frå toppen retning Hjørundfjorden. Foto: Johan Inge Kistrand.

Kleda er gjennomsveitte, så no er det på med tørr ull og primaloft, slik at vi kan sitte og nyte utsikta med brunostskiver og varm kaffi frå termosen. Gode og mette, og innstilte på ei fabelaktig nedkøyring, klyv vi oss ned renna kor vi på veg opp satt frå oss skia. Vi sklir vidare tilbake og må gå opp igjen på Lille Blåbretind. Snøen er i overkant hard akkurat her, så vi set skia tilbake på sekken enn så lenge og tek oss ned til høgde 1412 moh. Her er det berre å stramme skoa, spenne skia og hive seg utfor. Ein er som regel litt spent på korleis snøen er idet ein set dei første svingane. Er det skare under nysnøen og korleis er gliden? I dag er vi heldige, han er perfekt. Sola har ikkje fått tak på snøen her, så han er tørr og fin. Ikkje kva ein vanlegvis forventar i slutten av april. Vi køyrer non-stop nedover.

Fantastisk nedkøyring med utsikt mot Sykkylven. Foto: Johan Inge Kistrand.

Etter kvart som vi kjem lengre ned i fjellsia, blir tørrsnøen til nydeleg slush-føre. Nede i skogen finn vi tilbake til joggeskoa, gir kvarandre ein thumbs up og er einige i at dette kanskje var vårens høgdepunkt. Med eit breitt smil om munnen tuslar vi nedover skogen og tilbake til bilen. Ved bilen ser eg attende, opp mot giganten, og føler meg eigentleg ganske audmjuk. Takk for visitten, vi sjåast igjen!

Faktaboks:

Tidsbruk: ca. 7 timar tur/retur

Lengd: 6 km ein veg

Høgdemeter: 1500

Faremoment: Potensiell skredfare heile vegen opp. Ein oppheld seg lenge i utløpssone for skred.  Turen egnar seg best om våren. I tillegg er det ein skavl som kan bli veldig stor og risikabel å passere.

Utstyr: Skredsøkar, spade, søkestang, isøks og stegjern. I tillegg: normal oppakning for vintertur.