Å besøkje Villa Norangdal er nesten som å reise i tid. I alle fall kjentest det slik då eg og kameraten min Kristoffer fekk æra av å vitje hotellet sist vinter.

Då me kom fram til hotellet på Fivelstadhaugen i Norangdalen, hadde det akkurat byrja å snø. Det var eit stykke utpå dagen, men me berre måtte ta oss ein skitur, samtidig som me verkeleg ikkje ville vere seine til middag. Blæja trona oppe i skydekket med sine 1420 moh, men me var klar over at det ikkje var tid til å ta toppen i dag. Me sikta mellom bjørketrea og var skikkeleg «stoka» over å vere på tur. Det som overraska oss begge, var at me stadig laga djupare spor i snøen på veg oppover. Det snødde og snødde, sjølv om det var seint i april.

 

Sjå filmen frå dagane i Norangdalen:

 

Blæja er ein trygg tur og du bevegar deg stort sett utanfor tradisjonelt skredterreng, noko som er godt å vite når sikta er dårleg. Men då me kom over tregrensa vart sikta heilt elendig. Eg kunne ikkje skilje bakken mellom beina mine frå himmelen over hovudet mitt. Me fant raskt ut at den kjekkaste køyringa denne dagen kom til å vere i bjørkeskogen. Svolten byrja også å melde seg og me snudde nasen mot Villa Norangdal. Det var utruleg fint å spenne på seg skia og vite at i botnen av denne bakken, der var senga mi for kvelden.

 

Nedkøyringa bar preg av blanda kjensler. Aukande svolt ville ha meg ned bakken så fort som mogleg, samtidig som denne fantastiske køyringa gjerne kunne vare evig. Me kom til botnen og vart møtt i døra av eit smilefjes av ei anna verd. Ellen ropte: «Kom inn og få dokke nåke mat!» Me hamna til bords i ull-undertøy og klarte nesten ikkje tru kva slags luksus me hadde hamna oppi.

 

 

Køyrar: Kristoffer Lode / Foto: André Skjeggestad

Det finst ingen skriftlege kjelder for når det vart oppretta skysstasjon på Fivelstadhaugen, men truleg var det i 1850-åra, då det vart bygt kjerreveg gjennom Norangdalen og dampbåtane bringa med seg dei første engelske turistane, særleg fjellklatrarar og laksefiskarar. Fjellpioneren William Cecil Slingsby budde også på skysstasjonen fleire gongar på 1800-talet.

Villa Norangdal. Foto: André Skjeggestad

Iris Fivelstad kjøpte hotellet i 1998. Då returnerte villaen til den same familien som 113 år tidlegare hadde tatt imot 50 kr i stønad frå DNT for å starte hotell. Gjennom lang og iherdig innsats har ho restaurert hotellet saman med søstera si, Ellen. Villaen har seks rom som alle er innreidde etter kvart sitt tiår frå 1900 til 1960, og som dermed viser den lange historia til hotellet.

 

Det snødde og snødde under heile opphaldet vårt i Norangdalen. Me kunne klemt vidare mot toppen av Blæja for å tvinge inn ein topp, men me konkluderte med at me var vaksne nok til å la toppfeberen liggje. Me prioriterte heller å få nokre solide rundar med køyring i bjørkeskogen. Andre dag av opphaldet rakk me to turar opp til tregrensa og ned til hotellet. Det var som å vere på ein gigantisk leikeplass. To kompisar og ein uendeleg stor dal med fantastisk natur. Eg skjønte godt kvifor Slingsby gav boka si namnet «Norway, the Northern Playground».

 

PS: Norangsdalen er så trong at der ikkje finst mobiltelefondekning. For meg som vaks opp på 90-talet, var dette også ei reise tilbake i tid. Eg var ute og leika med kompisen i fjellet heile dagen, heilt til eg kjente det var tid for middag. Det fanst ingen verd utanfor, eg gløymde alt. Då eg kom ned til middag, ringte eg heim for å fortelje at alt var bra med meg, men det kunne eg først gjere etter at eg hadde spurt om å få låne hustelefonen.

Køyrar: Kristoffer Lode / Foto: André Skjeggestad