«På med skia», seier kjentmann og hotelleigar på Juvet landskapshotell, Knut Slinning. Det solsteikte fjeset hans speidar ivrig oppover fjellsida, klar for det som dagen måtte bringe av vårlege fornøyelsar. Vi har traska til fots den svingete sætrevegen frå gardane på Hauge og står ved første snøkanten under Nysætra. Årets siste skiføre sildrar i nye bekkefar på alle kantar mellom knekte snøbruer, men oppover er fjellet dekt av nattefrosen vårsnø som glinsar i sola. Vi har gjort unna den strevsame oppvarminga til turen, no ventar ein lang dag på vårsnø over kneisande toppar i jordbær-kommunen Norddal.  

Tekst: Håvard Myklebust.

Ein moderat, men lang skitur

Kvelden før sat vi rundt langbordet i kufjøsen på det som er det første landskapshotellet i Europa. Det ligg i tunet til Burtigarden på Alstad i Valldal, på ein stupbratt elvebarde innimellom bjørk, osp, furu og kampesteinar som har sett tider kome og tider gå. Her fekk vi servert tradisjonsrik og god mat, laga av lokale råvarer. Til bords denne kvelden sat vi saman med ei anna skigruppe, samt eit tysk par som var på gjennomreis og ville søke roa langs Fv 63 – som er ein av Noregs 18 Nasjonale Turstivegar. Landskapshotellet tilbyr nettopp rolege, skjerma og inspirerande omgivnader for både privatpersonar og bedrifter som ønskjer å lage sine eigne opplegg – om det er eit privat arrangement, ei viktig leiarsamling eller eit hektisk strategimøte.

Over lettrøykt kval, bacalao og kortreist øl gjennomgår vi morgondagens turplan, før vi trekk ut i «loungen» – den gamle høybroten i låven. Her vert vi fortalt utdrag frå historia om den grøderike grenda, og segner om det vidgjetne Gudbrandsjuvet. Her går Valldøla gjennom eit trongt gjel, der smeltevatnet frå isbreane har forma mange store jettegryter gjennom tusenvis av år. Gudbrandsjuvet er ein populær stoppestad for dei som vil nyte synet av dei mektige, buldrande vassmassane, særleg etter at vegen over Trollstigen vart bygd og opna i 1936. Frå sofaen i låven nyt vi synet av smeltevatnet som renn nedover Valldøla, med ein søvndyssande lyd skaper ho ein trong til å finne senga for natta.

Foto: Håvard Myklebust.

Utgangspunktet for turen er dei idylliske gardane på Hauge, åtte hårnålsvingar og 390 høgdemeter over Fjørå ved Norddalsfjorden. Medan dei fleste tek korte toppturar frå den nyopna Trollstigen, er målet vårt ein lengre overgangstur frå vår til vinter og attende til vår igjen over høge toppar som Muldalsegga og Trollkyrkja mellom Tafjord og Valldalen. Sistnemnde ruvar flott over Alstaddalen, sett i frå hotellet, og vil vere ei verdig avslutning på overgangsturen, før vi renn så langt snøen ber nedover mot Heisætra og ruslar dei siste meterane attende til Gudbrandsjuvet.

Lang sesong

I slutten av mai har jordbærplantene i den lune Valldalen byrja å spire og markene sitrar av eirgrønt gras. På Norddalsfjorden vert ferjene fylte opp med nyfikne turistar. Oppe i fjellet kjempar snøen ein nyttelaus kamp mot den varme årstida, men gir oss ei siste kjensle av vinter. Våren er komen for lengst i store delar av landet, men i høgfjellet er det framleis flotte skiforhold for den som måtte oppsøke det. Fjellovergangane opnar vanlegvis på denne tida og gir fantastiske turmoglegheiter med ski i frå bilen. Dei lange solrike dagane, med 20 grader på dagtid, gjer at mange finn det naturleg å pakke vekk skia etter påske. Denne tida er likevel kanskje den aller beste for skiturar, no som nattefrosten slepp taket, og snøen vert mjuk, jamn og føreseieleg. Treff ein på dei rette forholda, vert ein brått heilt konge på ski – verdsmeisterskiføre som slike forhold ikkje utan grunn blir kalla.

Etter ein betre frukost på Juvet startar vi å gå litt over klokka ti. Ingen alpin start denne gongen, men bekymringar om å mørkne ute er for lengst forbi på denne tida av året. Den imøtekomande blå himmelen byr heller ikkje på ottar, snarare tvert i mot! Lukt av nysprungen bjørk til steikande vårsol, ingen andre å sjå. For ei lykke å vere godt i gang allereie. På kjentmannens beskjed legg vi på dei hårete fellene før fleire av oss søkjer mot nærmaste bekk for å fylle opp flaskene.

Høgt til fjells 

I retning ryggen av Hegguraksla opnar etterkvart utsikta seg over Norddalsfjorden vestover mot Strandafjella. Det var i nærleiken av dette området eit parti av fjellet rasa ut natt til 7. april 1934, kjent som Tafjord-ulykka. Langhammaren, 730 meter over havet, losna og falt ned i Tafjorden. Raset tok ca. 3 millionar kubikkmeter stein med seg ned i fjorden og skapte ei flodbølgje som sopte med seg alt som låg i strandsona i bygdene Tafjord og Fjørå. Rett over fjorden ser vi Tolleknivsegga som tronar 1530 stupbratte meter over dei fråflytta gardane på Kastet og Korsnes. Bak der igjen ser vi konturane av ein annan flott vårskitur i Norddal, Torvløysa.

Våren er ei flott årstid for skiturar – ein mellomting mellom vinter med kulde og sommar med varme. Her frå oppstigninga til Heggeruaksla. Foto: Håvard Myklebust.

Ein plagsam, kald bris gjer at fleire av oss fiskar opp eit plagg frå sekken. Samstundes blir ein knekk kvikklunsj fortært til den evige lyden av snøsmelting ein eller annan stad, med blikket fanga på fjorden og fritidsbåtane som tøffar inn og ut langt der nede.

Den breie ryggen over Blåfjellet byr ikkje på nokon særskilde utfordringar og verkar isolert sett noko traust og langdryg. Du får derimot god tid til å nyte den storslåtte panoramautsikta medan ein slår av ein passiar med turkompanjongen. Desse meir avrunda og breie ryggane er typiske for fjella på indre Sunnmøre og kan gje vel så fine og jamne nedkøyringar enn dei langt meir dramatiske og skarpe tindane kring Hjørundfjorden. Fellesnemnaren vert dei stupbratte sidene som skjer ned i fjorden på kvar side av ryggen.

Turfølget langs ein av dei mange ryggane høgt over Norddalsfjorden. Trollkyrkja i det fjerne. Foto: Håvard Myklebust.

Vi kryssar under toppen av Blåfjellets austlege topp og bautar med skodelystent mot i retning ein namnlaus kul nordaust for Årøldalstinden. Ruta går høgt til fjells, men høgdeskilnaden er ikkje så stor mellom dei mange småtoppane, noko som inviterer til ei variert og behageleg reise utan for mykje monoton gange. Motivasjonen ligg i det stadige nye landskapet ein bevegar seg i, kva utsikt ein får sjå frå den neste kulen og kvar vegen går vidare etter der igjen. Å gje seg i kast med dei mange mindre utforkøyringane utan å ta av fellene på skia og feste bakbindinga, er også spennande i seg sjølv.

Ein merkar godt at sola brenn i pannebrasken, trass den kjølege brisen. Det er noko av det som gjer slike vårskiturar så spektakulære. Ein går frå sommartemperatur til vinter, og attende til sommar igjen og såleis får ein kjenne på begge årstidene ein er så glad i. Snøen er ofte meir stabil så seint på sesongen, skiføret spelar på lag, lyse dagar opnar sinnet og den behagelege temperaturen gjer at ein slepp igjensnurpa goretex og hutrande fingrar. Til gjengjeld tørkar vi stendig sveitte med klamme handflater i det vi omsider rundar det høgste punktet på ruta, Muldalsegga. Vårblenkjande nutar og fjellryggar poppar opp i alle himmelens retningar, du verda for eit utsyn. Vi styrtar eit par desiliter vatn til det iaugefallande synet av dagens hovudmål som tronar pyremideforma mot oss. Trollkyrkja er ein spiss tind som skil seg ut frå sine naboar. Dei fleste er einige om at ho gjer seg fortent til å bere namnet, sidan toppen skyt mot himmelen som eit kyrkjespir. Den markante toppen gjer at fjellet kan sjåast på lang avstand, og mange har nok sett opp på toppen frå fylkesvegen ved Gudbrandsjuvet og undra seg over dette flotte fjellet.

Oppover mot kyrkjespiret

Nokre minutt seinare kastar vi fellene og byrjar så smått å renne sidebratt nedover mot salen mellom Nakkebreen og Øvre Trollkyrkjebreen. Igjen med vind i ryggen og på eit smørmjukt, perfekt skiføre. I store svingar er det freistande og setje av garde vidare nedover breen, men målet denne gongen er å kome lengst mogleg over traversen under Trollkyrkja mot søraustryggen som vi skal følgje opp. I toppfart forbi lågaste punktet på salen byrjar det å lugge under beina slik det plutseleg gjer på denne tida av året. Snø som smeltar, vatn skal transporterast igjennom glidsona under skia, seier fagfolk. Eg registrerer ein skikkelse som går i bakken i sidesynet. Som ein lasso fangar han beina dine og rykkjer dei under deg, og ingen veit kven som er neste eller når han slår til. Ein etter ein kjem vi oss over i sørsida under toppen der lufta nærmast står stille. Nordavinden som har følgt oss på turen, glimrar med sitt fråvær her, endå til eit ospelauv kan kvi seg i den kokande fjellsida. Som frå pipa på eit reiseklart lokomotiv står dampen ut av goretex-jakka som har vore god i vinden nokre minutt tidlegare. Dyvåt Devold-ull vert kasta og naken hud kjem igjen til syne. Alle forhåpningar om å krysse fjellsida i ein fei, vert med tankane. Skia forsvinn nedover den knedjupe vårsnøen, det er tydeleg han mistrivst i vårsola.

Vasstrekte feller vert utolmodig lagt på igjen ettersom skia snart må på sekken likevel. Litt av sjarmen med slike turar er å kunne tilpasse seg etter utfordringane ein møter undervegs. Søraustryggen utgjer ein av tetraederet sine tre kantar og smalnar av oppover og kan under vanskelege forhold by på utfordringar. Snøen har smelta fram steinar og fjell og er god å gå i denne dagen. For fleire av oss er det første gongen i dette området, og vi jagar på oppover til gleda og utsynet som ventar oss på den nye toppen. Nokre strevsame siste høgdemeter og vi kan spasere den møneforma snøegga ut mot toppvarden. Vi riggar oss til ein luftig sess på det vesle toppunktet, med vakkert utsyn heile vegen ned til Alstad og Gudbrandsjuvet.  Over nistepakken vert det peika attende på ruta vi kom i frå og delt synspunkt og tankar om den flotte turen. Oppover Trollkyrkjebreen kan vi skimte to små skikkelsar som strevar seg oppover ruta frå Heisætra.

Oppetter søraustryggen er det enklast med skia på sekken. Foto: Håvard Myklebust.

Mot ei varmare årstid

Ein liten time seinare kjem vi oss ned frå det smale toppspiret og renn nedover mot Klombra på eit susande slusjføre. Vi samlar oss på ein naturleg liten haug for å studere spora våre ned frå toppen og dele begeistringa for dei flotte forholda og dagen. Kjentmannen forklarar rutevalet vidare før vi kastar oss på ny ut i eigenkomponerte signaturar i retning Fremste Heivatnet. Ei trong slukt kan vere beste veg ned frå kanten av platået, men må køyrast med aktsemd for dei bratte fjellsida som held på siste restane av utolmodig snø som vil ned. Det dystre beviset i form av snøfonner ligg utstrekt som ein frynsete skjørtekant langs heile fjellsida nedover med snøballar på størrelse med frysarar og små lastebilar. Vi stoppar ikkje unødig opp og svingar oss ein og ein forbi den smale passasjen før vi til slutt må krysse ei par dagar gammal, brunfarga snøfonn som har forsynt seg grovt av fjellsida då ho gjekk. Låra dirrar etter ei lang og variert utforkøyring, men vi vert gripne av alvorets stund idet vi kryssar slagmarka av skitne snøballar ovanfor vatnet. Dimensjonane gjer at ein føler seg liten under den svarte fjellveggen som heldigvis er tom for snø. Synet av blomstringa i Valldalen eit stykke der nede fører oss over på lystigare tankar, og av den gule løvetanna som akkurat har klart å kjempe seg opp av jorda. Det går unna over skavlar og snøkledde tuer frå enden av vatnet i forsøk på å halde høgda. Snøen luggar igjen her og der, men med lett svikt i knea og førebudd på eit fall, vaklar ein seg forbi dei verste rykkningane. Snødekket heldt oss oppe utover myrane og med eit siste forsøk på å bevare farta ved hjelp av skøyting, glir vi nesten heilt bort til dei første trea ovanfor Heisetra. No gjenstår berre ei teknisk etappe i smørmjuk vårslusj mot kranglete bjørkeleggar.

Kristina Slinning, dotter til Knut og vert på Juvet Landskapshotell, nyt vårsnøen på veg ned mot Klombra. Foto: Håvard Myklebust.

Ein lang og innhaldsrik dag i upløgd mark i jordbærkommunen nærmar seg slutten, berre ei uhøgtidleg konkurranse om å stå på ski til den siste gjenlevande snøflekken står igjen, før stålkantar skrapar mot vinterbleike leggar på stien nedover til Alstadsætra. Forbi sætra er våren i full blom med sildrande bekkar og maurtuer som kikar fram ved foten av grantrea. Damplokomotivet under skaljakka har vakna til liv igjen, vi er komne tilbake til ei anna årstid. Sidan vi berre er på ein dagsturs flukt frå verkelegheita, må vi tilbake til heimelege trakter der jobb og plikter står klare for å ta oss i mot i morgon. Idet vi rullar om bord blant shortskledde turistar på ferja i Liabygda, er vi skjønt samde om at livet byr på herlege kontrastar.

Fakta om turen:

Lengde: 22 km

Stigning: 1850 høgdemeter

Tidsbruk: 6-9 timar

Start: Hauge eller Gudbrandsjuvet

Når: Best om våren når snøgrensa har trekt litt opp. Turen til Trollkyrkja kan gjerast gjennom heile vinteren, men ver merksam på utfordringar i toppartiet

Utstyr: Anbefaler toppturski eller fjellski med stålkantar avhengig av ferdigheiter og føre. Sjå elles DNT si liste over anbefalt utstyr i vinterfjellet (www.dnt.no/fjellvett).

Rute: Hauge-Nysætra-Hegguraksla-Blåfjellet-Muldagsegga-Trollkyrkja-Fremste Heivatnet-Heisætra-Alstadsætra-Gudbrandsjuvet

Overnatting: Juvet landskapshotell, Gjerde Camping, Muri Hytteutleige

Juvet landskapshotell består av ni enkeltståande rom som er spreidde ut i landskapet. I tillegg er det råd å overnatte i dei gamle husa på garden – i kvernhuset, i seterbua og i det gamle våningshuset – medan matserveringa går føre seg i den gamle låven. Sjå www.juvet.com for meir informasjon.

Alternative turar i området:

Med skia på sekken kan du følgje traktorvegen og seinare stien opp til Heisætra (700 moh). Frå den raudmalte hytta kan du finne fint og moderat terreng i retning Middagsbotnen, før eit par småbratte parti i Øvre Trollkyrkjebreen. Her kjem ein opp til salen mellom dagens to hovudtoppar. Om du er i tvil om beste vegvalet kan du rådføre deg med vertskapet på Juvet. Andre turar i nærleiken kan vere Ringshornet og Alnestind med Trollstigen som utgangspunkt.