Karsten Gefle har reist verda rundt og lagt nokon av dei heftigaste linjene ein frikøyrar kan drøyme om. Då guten frå Gjøvik endeleg skulle slå seg ned i Noreg, var valet derfor enkelt – han måtte flytte til Sunnmøre. 

Tekst: Ole Kristian Årdal.

PS møter skistjerna for ein fot i bakken på Karl Johan hotell i Oslo, dagen før den nyaste filmen hans «Don’t crack under pressure – Season 3» har verdspremiere på Colosseum kino.

– Gratulerer med ny film, Karsten. Kva kan vi vente oss av «Don’t crack under pressure 3»?

– Filmen kjem tettare på utøvarane. De får blant anna bli med meg og dottera mi på to år til Strandafjellet for å stå på ski i barnetrekket.

– Kult! Men vi blir vel ikkje verande i barnetrekket heile filmen?

– Nei, på Sunnmøre er vi i hovudsak rundt Hjørundfjorden. Vi hadde base på Union Øye og filma bak Trandal og ned mot Sykkylven. Ein del av opptaka er gjort rett ved Velleseter.

– Du sa til Fri Flyt tidlegare i år at du endeleg fekk køyre ei linje du hadde drøymd om lenge?

– Ja, det var rett over Velleseter, i den bratte veggen til høgre for skaret. Eg gjorde eit forsøk for eit par år sidan, men då rasa heile linja. I fjor var driva alt for stor, men i år skulle den til pers. Eg måtte grave hol i skavlen og bli fira ned i tau så eg ikkje skulle ha 30 meter fritt fall før eg trefte snøen.

– Det høyres ekstremt ut.

– Ja, eg vil ikkje at folk skal køyre desse linjene. Dei er ganske skumle og vi har jo eit svært apparat i ryggen medan vi held på.

Karsten leikar seg i fjellsida over Vellesetra under innspelinga av filmen “Don´t crack under pressure – Season 3”. Foto: Kyrre Buxrud.

Når begynte du sjølv å køyre ned heftige fjell?

Eg vart oppdaga av eit fransk filmteam då eg budde og køyrde konkurransar i Chamonix. Dei var gira på å ha med meg ut å filme, og så begynte ballen å rulle. Som yngstemann måtte eg også dra på litt ekstra ned fjellsidene.

Har du moderert deg sidan den gong?

– Eg skjøna etter kvart at viss eg skulle halde på med dette ei stund, så måtte eg ta vare på kroppen min. Jo meir på kanten ting du gjer, jo meir skadar du deg. Eg har nok blitt smartare i måten eg køyrer på.

– Korleis ser ein utviklinga i måten du køyrer på?

– Eg vel større og brattare linjer som eg er komfortabel med. Sjølvsagt er det kult med dei store droppa også, men skal du køyre masse triks må du velje ei linje som er enklare å køyre.

Kva råd har du til dei som ønskjer å bli trygge og gode frikøyrarar?

– Det beste er jo å køyre terreng du er kjent med. Køyr ein og ein med avstand, stopp på trygge plassar og ikkje bli verande i skredfarleg terreng unødvendig lenge. Bygg deg opp steg for steg, det er lov å pushe seg sjølv litt.

– Kva med linjeval?

– Sjekk linja på førehand og plukk deg ut nokre memoreringspunkt i fjellsida. Det er vel og greitt når du står nede og ser heile linja, men når du står på toppen er det lett å gløyme kvar du skulle køyre. Då må du hugse nokre punkt du skal innom på veg ned. Det er den same tankegangen frå då eg var liten alpinist og måtte memorere løypa eg skulle køyre.

Dette er gode tips å ha med seg.

– Ja, men det største problemet i dag er at mange har slutta å køyre på ski. Det einaste dei gjer er å gå topptur 10 gongar i året med fullt utstyr for å køyre bratt eller stort. Men det er til saman mindre skikøyring enn eg har etter ein dag på Strandafjellet. Folk må bruke utstyret sitt meir!

Sjølv om Karsten meiner det er viktig med mengdetrening i skibakken, kan han også unne seg ein topptur i ny og ne. Foto: Håvard Myklebust.

Kor ofte er du sjølv på Strandafjellet?

– Strandafjellet er min treningsarena. Det er der eg gjer 90 % av skikøyringa. Dei siste par åra har eg fått fine rutinar. Eg leverer i barnehagen i Ålesund, hiv meg i ferga, dunkar fire timar på ski på Strandafjellet, tar nokre telefonar på veg heim, hentar i barnehagen og lagar middag.

– Det høyres ut som ein nydeleg livsstil.

– Ja, eg trur dei andre foreldra er ganske misunnelege.

Kva er favorittlinja på Strandafjellet?

– Det beste eg veit er å vere der på vekedagane. Då er det ikkje så mange andre folk…

Ja, men no svarar du ikkje på spørsmålet. Har du ei favorittlinje på Strandafjellet?

– Eg vil ikkje røpe for mykje. No har eg brukt så lang tid på å prøve å bli ordentleg lokalkjent. Det er uansett veldig mykje lett tilgjengeleg skikøyring på Stranda. Det er utan tvil det beste off-pist-anlegget i Noreg.

Karsten vil ikkje røpe kva han likar seg aller best på Strandafjellet, men etter skjegget å døme er det ein plass med mykje snø. Foto: Håvard Myklebust.


– Kvifor er Stranda best?

– Det er med tanke på tilgjengelegheit og den store mengda kvadrat med pudderkøyring.

Er det noko med skikøyringa på Strandafjellet som kunne vore betre?

– Dei burde rydda litt skog. Men det er eit litt tvieggja sverd, for blir det for lett tilgjengeleg blir det enda meir folk. Det kostar deg litt meir å baske deg gjennom skogen.

Kvar er du mest? Roalden eller Furset-sida?

– Eg er nok vel så mykje på Furset-sida. Der er det mindre sol, så snøen held ofte betre. Der er det også betre moglegheiter for bra skogkøyring.

Rykta skal ha det til at du også har kjøpt deg hytte på Strandafjellet? 


Ja, no har eg blitt etablert. Hus, to barn og hytte på Stranda. Livet begynner å falle på plass.

– Kvar ligg hytta?

– Det er ei av dei nyaste hyttene som ligg nærmast heisen på Furset-sida. Målet var å sleppe å setje seg i bilen for å kome seg på ski. Vi fekk hytta til påska i år og brukte ho kvar helg resten av sesongen.

– Kva tenkjer du om at fleire og fleire valfartar til Stranda på pudderdagane?

– Eg merkar jo at det har blitt eit større jag, men folk dreg jo ut frå skisenteret for å køyre andre- og tredjerenna og dei tinga bortover der, medan det ligg urørt snø rett ved sidan av heisen. Då køyrer eg heller fem turar rett ned medan dei andre tråkkar opp og ned i «skauen» og leiter etter skia sine. Eg er opptatt av å få flest meter pudder.

Dagen etter ski-praten er det ein dresskledd Karsten Gefle som ønskjer velkommen til verdspremiere på ein fullsatt Colosseum Kino. Den neste halvannan timen får publikum bli med på ei grensesprengjande reise, saman med verdas beste ekstremsport-utøvarar, til Tahiti, Kapp Verde, dei franske alpane, ørkenen i Utah og Sunnmørsalpane. Publikum er i ekstase og får sjå ting som aldri før har blitt vist i norske kinosalar. Om få timar går turen til Sverige og ny premiere i Stockholm, men Karsten blir ikkje bortreist lenge. Vêrvarslet melder snø på Stranda.