Tidleg på vinteren 1990 fortalde FIS-representanten Heinz Krecek til Sunnmørsposten at utforløypa på Roalden var ei av dei beste i verda. Dette sa han berre tre veker før World Cup-renn i utfor og slalåm for kvinner skulle gå av stabelen ned fjellsida på Roalden. Vidare skreiv Sunnmørsposten at det einaste som kunne stoppe utforrennet frå Roaldshorn, var mykje regn.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Det vart ikkje arrangert noko World Cup-renn i utfor på Strandafjellet. Ikkje på grunn av regn, men på grunn av snø, for mykje snø.

–  Det lava ned med snø, vi fekk så masse snø at vi ikkje makta å få det til, mimrar løypesjef Arve Mogstad sr.

Frå godstolen heime i Fagerlivegen har han fin utsikt over mot Grjøtet som denne novemberdagen er dekt av verdas herlegaste puddersnø, slik snø som ein ikkje kan få nok av, om ein ikkje skal arrangere utforrenn vel og merke.

– Krecek skrytte veldig av utforløypa vår, men vi makta ikkje å preparere den. Vi hadde for lite utstyr. Vi skulle hatt fire tråkkemaskiner, men vi hadde berre ei, og sjølv om vi leigde ei til, vart det for dårleg. Då dagen kom, var eg oppe på toppen av Roalden med tråkkemaskina og såg dei mørke skyene kome. Då var det ikkje håp, det var berre å gløyme det.

Tidlegare på vinteren var frykta stor for at det ikkje skulle kome nok snø til å gjennomføre renna. Dette hadde kome dåverande sokneprest på Stranda, Kåre Bakke, for øyre. Om han gjekk inn på løynkammeret og falda hender veit vi ikkje, men resultatet vart jo som det vart, det snødde så mykje at utforrennet vart avlyst. I ettertid vart det sagt at ein burde gitt soknepresten beskjed om eksakt mengde snø ein trengde.

I staden for utfor, vart det storslalåmrenn. I storslalåm gjekk starten lengre ned i fjellsida enn i utfor, og det var heller ikkje krav om ein like hard trasé som for utforrennet. Storslalåmrennet vart vunne av Carole Merle frå Frankrike, som i løpet av si karriere fekk 22 sigrar i WC og fleire medaljar i VM og OL, med VM-gull i storslalåm i Morioka i 1993 som høgdepunktet.

Ein skulle tru at snøvêret ville gje seg etter kvart, men det vart ikkje betre til neste renn, som var slalåm. Det snødde tett heile natta før løpet og løypesjef Mogstad minnest ei lang vakenatt.

– Krecek masa på oss og sa vi måtte begynne å tråkke. «Ja da», sa eg. Vi hadde installert eit pumpeanlegg nede ved vegen, kor vi pumpa vatn opp i snøen. Eg sat heile natta og passa på at pumpa gjekk som ho skulle, og sovna innimellom. Dei andre var oppe i løypa med slangar og fekk sprøyta vatn ut over heile traseen før tråkkemaskina kom. Vi fekk det faktisk fast. Det gjekk i grunnen veldig godt til slutt, seier Mogstad nøgd.

Vinnaren av slalåmrennet vart Karin Buder frå Austerrike, som på Stranda vann sin einaste siger i World Cupen i karrieren. Men som Carole vant også Karin eit VM-gull i Morioka i 1993, sjølvsagt i slalåm.

– Rennleiar, Arne Åbelvold, var politi og sjef for HV i området, så vi fekk ein stor HV-tropp som portvakter. HV-soldatane gjorde ein fantastisk innsats som portvakter under løpet og til og med FIS-utsendinga sa seg nøgd med slalåmrennet. Krecek kom til meg etter vi var ferdige med slalåmrennet, og sa, «This was a good race». «Takk skal du ha, eg veit», svara eg då.

Mogstad smilar, det syner utanpå mannen at ski og alpint er hans store lidenskap. Og av alle renna han har vore delaktig i på Stranda opp gjennom åra, er World Cup-renna dei største.

Det er ei ikkje alle skidestinasjonar forunnt å få arrangere WC-renn. Det er ei eksklusiv liste Stranda er med på. I alt er det 187 skidestinasjonar rundt om i verda som har arrangert World Cup-renn sidan 1967, ni av desse er i Noreg. Då FIS i 2017 feira sitt 50 årsjubileum, fekk Stranda IL ved Alpingruppa tilsendt ein takk for dei fine februardagane i 1990. Takken kom i form av eit startnummer med alle World Cup-arrangørane, og eit takkebrev frå Gian Franco Kasper (president i FIS) og Sarah Lewis (generalsekretær i FIS) med invitasjon til å kome på ei tilstelling i høve 50-årsjubileet.

Leiar i Stranda Alpingruppe, Jørund Hagen, sende ein takk med ein høflig beskjed om at ingen frå Stranda diverre kunne kome på jubileumstilstellinga. Men det betyr ikkje at Stranda Alpingruppe har slått frå seg å arrangere store skirenn. Seinast i fjor arrangerte Alpingruppa NM masters, og dei søkte også om å få arrangere landsfinale i 2019. Denne gongen valde diverre Noregs Skiforbund å gje arrangementet til Sauda, men Hagen seier Alpingruppa vil halde fram med å søke om å få arrangere større skirenn på Strandafjellet.

Kven veit, kanskje blir det til og med arrangert fleire  World Cup-renn på Strandafjellet innan FIS har 100-årsjubileum?