Vårsola skin over Hevsdalen, varmen frå solstrålane vitnar om at vinteren er på hell, vår og sommar er på veg. Ikkje alle har tid til å nyte solstrålane denne dagen i mars. Elevane på Stranda Skigymnas førebur seg til Norges-Cup på Voss med nok ei økt i dei godt preparerte løypene i Hevsdalen.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Medan elevane køyrer sine intervalldrag, står idrettslærar og trenar på skigymnaset, Jan Erik Westerås, og nyt vårsola med solbrillene godt planta på nasen, medan han gir tydelege tilbakemeldingar på teknikken til elevane som kjem fykande forbi i dobbeltdans i langrennsporet.

– I Møre og Romsdal finst det ikkje så mange miljø for langrenn på videregåande skule, det er først og fremst her på Stranda og i Molde. På skigymnaset har vi ein god treningskultur som vi har utvikla gjennom mange år og som vi heile tida forsøker å betre. I tillegg har vi stabile vintrar og gode løyper å trene i, seier Westerås.

Om ein er skiløpar som skal starte på vidaregåande i Møre og Romsdal, er Stranda Skigymnas det naturlege valet. Noko som syner seg i kvar elevane kjem frå, dei siste åra har skigymnaset hatt elevar frå Stordal, Valldal, Liabygda, Stranda, Sunnylven, Emblem, Hovdebygda, Ørsta, Sjøholt, Tomrefjord og Vågstranda. Skigymnaset har som mål at dei som vil bli verkeleg gode skal kunne bli det gjennom opplegget på skulen.

– Tre dagar i veka har vi tre timar med trening i skuletida, og to gongar i veka er det trening på kveldstid. Pål Bjørn Øvrebust og eg, som er lærarar på skigymnaset, er også trenarar på kretslaget. Vi syr saman ei totalpakke for elevane våre slik at dei verkeleg kan satse. I tillegg til treninga er sjølvsagt  skulearbeidet også veldig viktig, kombinasjonen skule og trening krev mykje eigeninnsats av elevane.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen

At skulen har klart å leggje til rette for at dei som vil satse får mogligheita til det, er den tidlegare eleven Martine Longva Øvrebust frå Stordal eit godt eksempel på. I det siste skuleåret hennar var ho også på juniorlandslaget og kjempa i toppen av Norges-cupen.

På telefon før den komande skisesongen fortel Westerås om ein vel gjennomført barmarksperiode

– Vi vart kanskje litt bortskjemte med Norges-cup-resultata til Martine, men eg har gode forventingar til den komande sesongen. Vi har nokre spennande førsteklassingar som har lagt ned eit godt treningsarbeid, og eg trur andre- og tredjeklassingane kjem til å ta ytterlegare nye steg i vinter, konkluderer Westerås.