«Favoritt-runnet mitt på Strandafjellet er ned Meraftaløypa med nypreppa Völkl storslalåmski! Spesielt om eg er ein av dei første på toppen, då kan eg druse på og prøve å temme skia.» Karl Martin Furset boblar over når han pratar om å renne på ski, det er ikkje vanskeleg å skjøne at han har draumejobben, skiinstruktør på Strandafjellet.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. (Publisert i Vinter PS 2017)

Kor lenge har du jobba som skiinstruktør? 

– Eg starta utdanninga i 1993 på ESF (Ecole de Ski Francaise) i Frankrike. Etter eit år der forsette eg ved Den Norske Skiskole. Sidan har eg vore instruktør i ca. 18 år.

Kvifor begynte du å jobbe som skiinstruktør? 

– Eg synest det er utruleg kjekt og givande å sjå at andre lærar seg å renne på ski, og sjå at dei når målet sitt. Det er ein jobb som krev at eg heile tida må utvikle og forbetre meg pedagogisk og praktisk. Og så er det ikkje feil å nyte skiglede kombinert med jobb, for meg er det ein draum som er oppfylt.

Korleis ser ein time med skiintruksjon ut? 

–  Starten på leksjonane er ganske like uansett om ein er nybegynnar eller vidarekomen. Alle må innom ein ferdigheitstest, ein liten gjennomgang av dei elementære faktorane, før dei kan gå vidare og jobbe mot den målsettinga som er ønskeleg. Noko eg sett høgt i leksjonen, er om dei kan stå med utstyret på, om dei kan stoppe og korleis balansen deira er. Ein nybegynnar får så lære riktig ploging og å stoppe, om det er behov for det. Ein vidarekomen må vise at han har balanse, kan ploge, gli over i ein skrensesving, og han skal kunne stoppe kontrollert. Deretter får vidarekomne lære vidare svingteknikk og parallellsving med inngang til det vi kallar carving, svinging med kanting og vektoverføring.

Når begynte du å renne på ski?

–  Vel, eg trudde aldri eg skulle bli ein skikøyrar på høgare nivå, men så fekk eg vel heller ikkje starte med alpint før eg vart ein 12-13 år gammal. Eg misunnte mange av kameratane mine då eg måtte bruke langrennsskia mine i bakken. Men det var då eg fann ut at eg hadde sans for telemarksvinging med tynne langrennsski. Etter eit år på folkehøgskule klarte eg å mase meg til eit meir eller mindre ustabilt fjellskipar merke Fischer E99, med kvite rottefella-bindingar og eit par frykteleg lave beksømsko, type Asolo Snowfield, for dei som hugsar slikt. Deretter konkurrerte eg i telemark på slutten av 80-talet, og fortsette med det til eg reiste til Frankrike i 93. Paul Ivar Pedersen lærte meg opp i den mest nødvendige telemarkkøyringa. Så summa summarum har eg ikkje hatt så mykje instruksjon sjølv – eg var mest sjølvlært før eg fekk skikkeleg alpintrening i Frankrike og seinare DNS.

Kva er ditt beste skiminne?

–  Ikkje heilt enkelt å svare på, for eg har vore på så mange skianlegg rundt i Frankrike, Østerrike, Colorado og ikkje minst i Noreg. Men eg er ein Stranda-elskande skikøyrar, så mitt beste skiminne er ein pudderrik solskinnsdag i Blådalen i 1996, saman med Rolf-Erik Myklebust og Endre Fagerstrøm.