Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Nokre dagar vil vi ikkje gå dei lengste toppturane, men framleis ha god utsikt å kvile auga på. På slike dagar er Ansokhornet det lille fjellet som gir stor utsikt. Utsikta frå toppen er spektakulær innover Sunnylvsfjorden, mot Tafjorden og over til Stranda. Det er eit storslått panorama for ei låg energiinvestering.

Ta av til Ringset i Liabygda, følg vegen mot garden Ansok. Ca. 300 meter etter at du har passert grinda, får du ein P-plass på høgresida av vegen. Her parkerer du bilen. Turen følger sommarruta, først gjennom granskog ved Haslevikmyra, langsmed traktorvegen og dei raudmerka furutrea, til ein kjem til bjørkeskogen. Her går ein vidare opp til Ansoksætra. Kort tid etter Ansoksætra er ein over tregrensa og har peil på Ansokhornet. Turen går i terreng som ikkje er nemneverdig bratt, men ein må  sjølvsagt bruke sunn fornuft og ta gjennomtenkte slutningar basert på skredvarselet.

Tidsbruk: 2,5 timar opp til toppen.

Nødvendig utstyr: Skredutstyr og vanleg vinteroppakning.