«Vi har gått kveldstoppturar dei siste 5-6 åra. Først og fremst tok vi kvelden og natta i bruk av familiære orsakar. Vi var begge småbornsforeldre samtidig som vi hadde ein skiabstinens å handtere», seier karane medan vi legg fellane på skia.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Klokka nærmar seg seks og ettermiddagssola er i ferd med å forsvinne i sladrespegelen. Eg tek av frå riksveg 650 på Stavsengfjellet i Liabygda, og etter litt rullar hjula inn på gardsvegen til Egil Stavseng. Eg køyrer forbi heimen hans og parkerer bilen framfor porten til den gamle hønsefjøsen. «Vi ser deg når du kjem, berre parker framfor fjøsen», var beskjeden eg fekk. Som sagt så gjort, ikkje før eg har kome meg ut av bilen går porten opp. «Du fann fram», seier Kristian Stornes med eit smil. «Kom inn, vi sit oppi kråa lengst inne». Vi går forbi bilen til Kristian, ein traktor og anna gardsreiskap før vi kjem til ei trapp som går opp til ein innomhus balkong. Langsmed trappa står G3-skia oppstilt, i godstolen på balkongen sit Egil og drikk ein kopp kaffi. Kristian set seg i den andre stolen og eg sleng meg ned i sofaen der tredjemann på kveldstoppturane brukar å sitte. Eg har blitt lokka hit av Instagram-bilder og lovnad om god skikøyring. Skiterrenget startar rett utanfor fjøsen til Egil, det er kortreist skikøyring her til gards. For mange ville dette vere ein draum, men ifølge karane er dette berre ein heilt vanleg kveld i Liabygda.

Egil Stavseng og Kristian Stornes på veg opp Heihornet. Sunnylvsfjorden i bakgrunnen. Foto: Martin Kristoffersen.

«Vi har gått kveldstoppturar dei siste 5-6 åra. Først og fremst tok vi kvelden og natta i bruk av familiære orsakar. Vi var begge småbornsforeldre samtidig som vi hadde ein skiabstinens å handtere», seier karane medan vi legg fellane på skia. «Etter kvart har vi gjort oss ein del erfaringar med å legge skiturane til seine kveldar, og opplever at det ofte kan vere mindre vind om kvelden og natta. På dagar med skikkeleg flatlys er det nesten betre å legge turane til etter mørkets frambrott fordi lyset frå lykta er så bra at konturane i snøen kjem betre fram», seier Kristian idet vi tek på oss dei nødvendige kleda, og Egil trykker på knappen slik at porten går opp. Vi kliv ut i kulda og tek på oss skia. Ein etter ein går vi opp mot bjørkeskogen. Då vi har kome eit godt stykke opp i skogen, er himmelen iferd med å bli rosa over Sunnylvsfjorden og Blåhorna, og det er på tide å ta på seg dei små hovudlyktene. Fellene har godt feste i snøen og høgdemetrane går unna på veg opp fjellsida retning Heihornet.

Då vi nærmar oss toppen av Heihornet ser vi at himmelen er opplyst på andre sida av fjorden. Lysa i Furset-traseen i Hevsdalen vitnar om kveldskøyring på Strandafjellet. Her på andre sida av fjorden er det stillare og mørkare. Berre tre hovudlykter lyser opp vintermørkret her vi står. Og stjernene sjølvsagt, som no har kome fram og blinkar mot oss høgt der oppe.

Sunnmørsalpe-panorama frå Heihornet.

Vi tek av oss skia, tek på tørre klede og sit oss ned. Opp av sekkane til Egil og Kristian kjem det  termosar med varm toddy og sjokolade. Frå min sekk kjem det opp ein banan og ei flaske med vatn. Eg snyltar til meg litt varmt å drikke og ein sjokoladebit. Vi slår av hovudlyktene. Det er stille, vindstille. Fjella langsmed Sunnylvsfjorden: Grjøtet, Blåhorna, Flosteinsnibba, Tretindenibba, og Geitfjellet ser ut som kvite skyskraparar som strekk seg opp frå ein mørk fjord mot dei skinnande stjernene. Då vi sit sånn som dette og nyt utsikta og løyser verdsproblem, forstår eg kvifor Egil og Kristian har med noko varmt i termosen. Eg hadde nok ikkje sete her så lenge med berre ein banan og litt kaldt vatn, og ingen verdsproblem hadde blitt løyst.

«Det er lite som gjev større sjelefred enn å sitte på ein topp med skyfri stjernehimmel over seg. Titt og ofte får vi besøk av Nordlyset her oppe. Ein sterk kontrast frå ein hektisk kvardag», filosoferer dei over toddyen. «Det å sitte på ein fjelltopp kan vere, om ein har teke sine forholdsreglar, like fantastisk året rundt. Men meistringskjensla er litt større på ein vinterkveld då det er meir som kan gå galt enn på sommaren. Samtidig er turen ned ein bonus, då vi no sit her på toppen veit vi at det er herlege høgdemeter som venter på å bli signert idet vi legg spor på tur heim».

Det blir kjekt å renne ned no tenkjer eg medan eg begynner å småhutre, i kveld har ikkje eg med meg nok klede til å sitje og vente på at nordlyset kjem på besøk. Karane har skjøna teikninga, og vi slår på hovudlyktene igjen. Tomme termosar, sjokoladepapir, ei tom vassflaske og eit frose bananskal går tilbake ned i sekkane. Fellene takast av skia, skoa strammast, og vi spenner på oss skia. Nede på riksvegen over Stavsengfjellet ser vi at ferjekøa er på veg over fjellet mot Stordal. Lysa frå husa på Stavseng skin mot oss. På andre sida av fjorden er nok kveldskøyringa over no, her er den i ferd med å begynne. Egil og Kristian sklir sakte over platået kor vi står, etter litt blir det brattare, dei sklir raskare og raskare, til eg berre ser snøføyk og snøkrystallar som dansar seg gjennom lufta etter dei i lysstrålane frå hovudlykta mi.

Eg står litt igjen på toppen for meg sjølv. Ser meg rundt ein gong til. Ser mot Vardebakkane og Jolgrøhornet. Jolgrøhornet ser større ut i kveld, det er nesten som at det står og karar seg opp på andre sida av Ringsetbotnen. Igjen ser eg opp på stjernene, takkar for selskapet og ber dei helse Nordlyset frå meg. Lysa til Kristian og Egil har bevegd seg eit stykke ned fjellsida, og eg må skunde meg for å halde følgje. Eg lener meg framover og let tyngdekrafta føre meg mot lyset frå hovudlykta mi. Først ein sving, så ein sving til, så ein tredje sving, til slutt mistar eg talet på svingane, men heile tida svingar eg mot lyset. Samstundes undrar eg litt over korleis terrenget ute i mørket er? Det blir med undringa, eg let skia mine fylgje linjene til Egil og Kristian, dei er lommekjende i dette terrenget, og takka vere spora deira kan eg berre nyte nedfarta. Det er i grunn ganske fint å fylgje spora deira, då eg oppdagar at konsentrasjonen må opp eit hakk enn kva tilfelle er i dagsljos. Nede ved fjøsen til Egil blir eitt lys til tre, porten på fjøsen går opp og tre smilande skikøyrarar kliv tilbake inn i varmen. Om skikøyringa var like bra som dei sa? Det har eg lova blir mellom meg, stjernene og lysa ein ser fykande ned fjella i Liabygda om vinteren.

 

Hugseliste for topptur med hovudlykt

  • Alltid gå i terreng du kjenner. Navigeringa i mørket er utfordrande, og det er vanskelegare å vurdere terrenget og ta omsyn til farane som kan oppstå ved ein topptur.
  • Køyr mindre utfordrande linjer og ta mindre risiko enn du ville gjort i dagslys.
  • Hald kortare avstand mellom kvarandre enn kva du ville gjort i dagslys. Ein vil ikkje rote seg bort i trøbbel på grunn av ukloke val når det einaste lyset ein har sit fast i panna.
  • Ha med dobbelt opp med lys og batteri. Mange av lyktene på marknaden har kort batterilevetid i kulda.
  • Sjølvklart ha med alt av utstyr som ein normalt har med på topptur, skredutstyr og godt med klede.