Statistikken frå varsom.no viser at 168 personar var involvert i skredulykker på ulike måtar i Noreg sist vinter, to personar omkom.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen.

Om ein i turfølgjet blir tatt av skred, er sekunda dyrebare. Studiar viser at risikoen for å døy allereie før raset har stoppa, er mellom 15 – 20 %. Etter snøen har sett seg, har du 91 % sjanse for å overleve om du blir graven ut innan 18 minutt. Etter 35 minutt er det berre 35 % sjanse for å overleve.

Ein lokaliserer den skredtatte ved hjelp av søkjar og søkjestang, men det er først når personen under snøen er lokalisert at den mest tidkrevjande jobben startar – utgravinga.

Skredekspert Oscar Almgren frå Uteguiden har jobba med skred i ti år. Vi spurde han korleis ein best mogleg grev ut ein skredtatt person og korleis ein bør handle når sekunda tel og panikken påverkar handlingane våre.

Skredekspert Oscar Almgren frå Uteguiden. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

 

– Kva er det første ein bør gjere etter ein har klart å lokalisere den skredtatte?

– Grav så raskt du kan, kvart sekund tel.

– Er det skilnad på framgangsmåte om ein er åleine eller ei gruppe på fleire?

– Ja, om ein er ei gruppe brukar ein teknikken «V-shaped conveyor belt.» Gruppa står som ein v-formasjon inn mot søkjestanga som markerer kvar den skredtatte ligg. Den som står fremst i formasjonen grev seg nedover, medan dei bak transporterer snøen bort. Om ein grev aleine er problemet at ein ikkje får transportert bort snøen, og ein vil snart stå med eit djupt hol framfor seg. Difor skal ein starte like langt bak søkestanga som ho står ned i snøen til den skredtatte, slik at ein får innfallsvinkelen nedanfrå.

– Korleis grev ein slik at ein ikkje køyrer spaden i hovudet på den skredtatte?

– Her resonnerer ein med liv før lem. Det er betre med ein spade i hovudet enn å være død. Men prøv å vere litt rolegare når du begynner å nærme deg skredofferet.

– Kva kan ein gjere for å førebu seg på det som ikkje skal skje?

– Det er som alltid trening, trening, og atter trening som gjeld. Meld deg på eit skredkurs og lær deg korleis ein skal reagere om skred oppstår. Om kompisen din, kona eller barnet ditt havnar under snøen, kjem du til å få panikk. Då er det avgjerande at du har trena med skredutstyret og forstår korleis du skal bruke det.

– Kva bør ein tenkje på når ein skal kjøpe skredutstyr?

– Kjøp alt utstyret samla, av ein etablert produsent for å få kvalitet som held. Sørg også for å kjøpe ein skredsøkjar med tre antenner.