Vinterutgåva til motemagasinet Vouge er som å sjå det beste frå 150 år med skihistorie. Aldri har referansane vore tydlegare, miksen breiare og uttrykket – ja, meir personleg. Vi kastar blikket tilbake og gir deg det du treng å vite om referansane frå skimotehistoria.

Tekst: Julie Opsvik

Vi skal visstnok ha gått på ski i over 5000 år, men skal vi tru motehistoria, er det berre dei siste 150 åra vi har løfta blikket frå skisporet til kleda våre. Ski måtte først og fremst gå frå å vere eit framkomstmiddel til å bli ein hobby. Deretter måtte sporten bli globalisert, og det er her vi nordmenn faktisk kjem på banen. Ved Verdsutstillinga i Paris 1878 var nemleg ein av dei mest populære paviljongane den norske, kor vi viste fram ikkje anna enn ski! Vidare var det ski fleire av utflyttarane frå Norge tok med seg til USA (om ikkje på beina, så i bagasjen) då dei kryssa landegrensene. Skitøyet var inspirert av dei store ekspedisjonane, ulla var tjukk og kvinnene brukte lange skjørt i skiløypa.

1900-1920 – Glamour i Alpane

Vi kan takke kjendisane og afterskien for at ein litt meir glamorøs mote også fann vegen til skisporet. Austerrike var først ute med å etablere seg som eit fasjonabel skisentrum, og etter krigen opna fleire skistadar opp i Alpene. Omgrepet «fritid» kjem på banen og i bakken kunne du vere så heldig å skimte kjendisar som Ernest Hemingway og Prinsesse Alexandria av Hellas. Kleda dei bar, var inspirert av Austerrikes nasjonaldrakt Dirndl og herreversjonen Lederhosen, det heile i brunt, lilla og raudt. I Noreg hadde vi nikkersen, knestrømpene og strikkegenserane som minte om dette, og som i si tradisjonelle form skulle halde seg aktuelle 100 år fram i tid.

1930 – Formgjevarane kasta seg utfor bakken

Med dei rike og berømte som fast inventar i skibakken, tok det ikkje lang tid før formgjevarane også heiv seg på. Coco Chanel henta inn sportstekstilar som jersey i sine kolleksjonar, medan den italienske formgjevaren Elsa Schiaparelli dedikerte ein heil kolleksjon til sporten med «Pour le Sport» i 1928. Hermes låg hakk i hel og i 1933 hadde dei både ski- og skøyteklede på trykk i Vogue. Skjørtet hadde krope til over knea, og vart i løpet av dette tiåret bytta ut med bukse for dei aller fleste kvinnene.

Immigrasjonen til USA var framleis stor, og blant dei var hundrevis av skiinstruktørar frå Austerrike. Kva tok dei seg til? Jo, dei opna fasjonable skistadar, så klart! Deriblant det velkjente Sun Valley, plassert, gunstig nok, rett ved Hollywood. Plutseleg var heile filmbransjen ute og svinga seg nedover bakken, eller i det minste smilande ved afterskien. «Vår eigne» Ingrid Bergman var ein hyppig gjest, det same var Jimmy Steward, Clark Gable og Gary Cooper. Skimoten var framleis inspirert av den austerrikske nasjonaldrakta, men tweedbukser og strikkegenserar med snøflakmønster var også populært. Kjendisane, på si side, tok med seg ein dash glamour, og plutseleg var minkpelskåper, mørke solbriller og silkesjal i håret eit vanleg innslag i bakken.

1940 – Skøyter og ski med Sonja Henie

Der kor vi i dag har snowboard og slalåm, var det før skøyter og ski som påverka kvarandre stilmesseg. Det største idolet innan skøyter var ingen andre enn Sonja Henie, som på 40-talet, etter å ha etablert seg som olympisk meister fleire gonger, no også var Hollywoods best betalte filmskodespelerinne. Ho lanserte si eiga linje med skøyte- og skiklede inspirert av draktene sine. Plagg med namnelappen hennar går framleis hurtig unna på Ebay.

Høgdepunktet kom i 1948 med The Bogner Stretch Pant-designet av Maria og Willy Bogner. Stretchbuksa kom i ein miks av ull og nylon med ein karakteristisk strikk under foten. Ho vart rett og slett det mest revolusjonerande designet innan skimote og bana veg for tettsitjande skiklede fleire tiår seinare. Til og med i år kan vi sjå ein variant av buksa, då frå motehuset Fendi, som allereie har blitt nominert som vinterens «it-skibukse».

1950 – Nye tekstilar

Med nylon på kartet skaut utviklinga av tekniske fibrar fart og dei første firmaa spesialisert innan tekniske skiklede etablerte seg, som det italienske merket Moncler. Fargespekteret vart også større og i stor grad leia av den italienske formgjevaren Emilio Pucci, som faktisk vart oppdaga for sitt design i skibakken – skal tru om det var fordi fargane var så iaugefallande?

1960 – Glamour!

Bogners tettsitjande stil var framleis gjeldande tiåret etter, det same var bruken av kontrastfargar à la Pucci, men nytt i løypa var inspirasjon frå det store månekappløpet, som gav ein androgen estetikk, buksedresser og hetter. Bilde av kjendisar som Audrey Hepburn, Grace Kelly og Jackie Onassis i stilfulle skiantrekk florerte og understrekte glamouren med ei helg i skibakken.

1970 – Frå skisporet til fortauet

70-talet tok med seg alle elementa frå føregåande tiår, berre i ein forsterka versjon. Månekappløpet gav oss The Moon Boot, Aviator-brilla og smale luer. Fargeblokkeringa fekk knallfargar og The Bogners lanserte ei tettsitjande boblejakke som beinveges vart «it-jakka» i bakken – men også på byen. Det er nemleg no vi for første gong kunne sjå kryssinga mellom skisporet og kvardagsmoten. Vi fekk merker som Adidas og Fila, jakker med armar ein kunne ta av – rett og slett ei sportsgarderobe som liknar den vi har i dag.

1980 – Ein bakke av neonlys

Jo nærmare vi kom 80-tallet, jo meir mainstream vart også skisporten – og vi har alle eit klart, neonfarga bilde i hovudet av korleis den vart sjåande ut. Det bobla over overalt – både i bobledressane, men også i champagneglasa. Jappetida med all sin glamour bevegde seg opp i bakken og gjorde at ulveskinnspelsar plutseleg vart eit naturleg inventar også her. Det vart rett og slett overload og mismatch på – vil mange seie – sitt verste.

1990 – Minimalistisk og etisk

Tiåret etter var nøydd til å ta ei oppreising. Stilen vart meir minimalistisk og det var også her dei første merka, som Patagonia og North Face, begynte å produsere meir etiske og bærekraftige skiklede. Den norske formgjevaren Per Spook tok med seg norsk strikketradisjon til Paris og deira haute couture. Samtidig hadde vi OL på Lillehammer og bølgja av nasjonalromantikk dekte Noreg i tradisjonelle mønster og vadmelsbukser, for ikkje å snakke om at skiskjørtet igjen såg dagens lys(!).

2000 – Subkulturen sin innmarsj

Det var ikkje lenger glamour og overklassen som dominerte bakken, tvert om: det var subkulturar, skatemoten og snowboardarar. Vi fekk avslappa, overdimensjonale plagg, og sportsmerker, som var spesialisert innan desse greinene, putta logoane sine på kleda og laga ein eigen subskikultur. Kontrasten vart tydeleg i skiløypa kor det var markadressen som gjaldt, og etter kvart vart også 70-talets anorakkar med pelshette henta fram frå loftet og tatt med ut i snøen igjen.

Skibakken i dag

I vinter er den stiligaste buksa du kan ha på deg ein variant av Bogners stretchbukse, eller varianten til formgjevaren Stella McCartney med sleng til 70-tallet. Strikkegenseren har snøkrystallar på, slik den hadde på 30-talet, og på afterski er det framleis lov å ta fram Moon Boot’en. Det er freistande å seie at vi har lært av fortida, og tekstilmesseg er dette heilt klart gjeldande. Men skimotebildet verkar samtidig meir schizofrent enn nokon sinne. Heldigvis har du no nokre haldepunkt som gjer at du, som formgjevarane, kan plukke og mikse det du likar aller best. Lykke til!