Sjeldan er tilhøva gode nok til å stige opp dette stolte fjellet om vinteren. Dei bratte rutene til toppen har bergteke fleire kresne skiløparar dei siste åra, og denne påskedagen skulle fjellet vise seg frå si beste side.

Tekst: Håvard Myklebust. (Publisert i Vinter PS 2017)

Skikøyring i bratt terreng (over 30 grader) har vorte ein aukande trend blant skiløparar dei siste åra. I takt med utstyrsutviklinga har stadig fleire byrja å oppsøke kvasse fjelltoppar i det ganske land. Skikøyring i slikt terreng vil medføre fare på eit eller anna nivå, og realiteten er at ein del tek sjansar utan å tenkje over at dei gjer det.

I denne saka skal eg ikkje argumentere kring debatten om trenden er god eller dårleg. Faktum er at det vert køyrt i bratt terreng, difor vil eg med denne artikkelen formidle nokre ord og tankar om korleis skikøyring i slikt terreng kan opplevast under skredtrygge forhold.

På veg oppover vestryggen mot inngangen av rennene. Foto: Håvard Myklebust.

Store Smørskredtind fekk stå i fred fram til den lokale hjørundfjordingen Jon Klokk tok med seg britane William Ecroyd og den meir kjende William C. Slingsby til topps den 21. august 1884. Fjellet har eit alpint preg og er mindre tilgjengeleg enn nabofjellet Slogen, sjølv om dei fleste tek seg opp sommarstid utan taubruk. Det er ingen enkle ruter til toppen og alle rutevala er angitt som tunge toppturar med utsett klyving der tau, isøks og stegjern kan kome godt med.

Det er først så seint som på byrjinga av 2000-talet ein kjenner til at skikøyrarar fann interesse i å ta seg ned frå Smørskredtind på ski. Dei bratte flankane på kvar side av den skarpe toppryggen, søraustsida og nordvestsida, er mellom 40 og 50 grader bratte og set store krav til ferdigheiter, skredkunnskap og teknikk frå skiløparen. Med tida har både ski- og skredutstyret endra seg til det betre, og såleis har det blitt enklare å erobre desse stupbratte fjellsidene på ein tryggare måte. Betre kunnskap og moglegheiter til å innhente informasjon om skredtilhøva, gjer det også greiare å vite når ein kan leggje ut på slike turar. Våren er den beste tida for ein skitur på Smørskredtind. For det første har snøgrensa trekt seg opp i lia, noko som gjer anmarsjen via dalane trivelegare, og for det andre har snøen rundt toppen sete seg skikkeleg. Ein kan såleis ofte trakke i fast vårsnø oppover renna i søraust-sida, som ein når enten via Patchellhytta eller Langfonndalen frå Norangdalen. Dei fleste vel same rute ned som opp, men er tilhøva gode, kan det freiste med ei meir direkte linje attende til Patchellhytta, ned ei av rennene i den vanlegvis skuggelagde nordvest-sida.

Påska på Sunnmøre er slik ho plar vere når høgtrykket ligg over Vestlandet; ferja over Hjørundfjorden full av bergtekne austlendingar, lukta av solkrem, lokale heltar med solbrilleskille, sveittande fjelltoppar som speglar seg i sjøen og mange moglegheiter! For når vårsola skin frå blå himmel, er det verkeleg eit hav av alternativ på Sunnmøre – iallfall for snøhungrige skiløparar. Vestlandet har, som dei fleste vestlendingar iallfall veit, eit markant lokalt og variabelt klima, noko som kan resultere i dystre snøbøyer i morgontimane og steikande sol på ettermiddagen.

Påsken 2015 avtalte eg fellestur på palmelaurdag med gjengen min. Det snøa lett kvelden før, men eit iaugefallande Instagram-bilete, teke mellom skylaga på Patchellhytta, gav håp om at noko stort var i gjære. Likevel, i ei passiv frykt for at det skulle ende i ein heilsvart bomtur i snøbøyer og flatt lyst, bestemte vi oss typisk nok for å «sjå an veret» neste morgon og satse på ei grytidleg ferje frå Sæbø. Ein kjapp sjekk på lokale webkamera frå sengekanten neste morgon kunne konstatere at det vart tur til «den andre sida» av Fjorden med stor F, så det gjaldt å kome seg i skikleda fort som fy. Goma (namnet på ferja mellom Sæbø og Leknes) sklei lydlaust til kai idet vi entra ferjekaia. Med Instagram-biletet frå dagen før i tankane, slo det oss at vi nok ein gong var seint ute då dei offensive skikøyrarane frå Trondheimsregionen hadde føretrinnet med å starte skituren frå 812 meters høgde som Patchellhytta ligg på. I vant stil baksa vi i gang oppover den seige Skylstadbrekka, ein kamp det har vorte skrive diktstrofer om før. Frå gardane på Skylstad, to kilometer sør for Hotell Union Øye, går der ei direkte sommarrås 800 høgdemeter beint opp Fonnskogen i retning Patchellhytta. Brekka, slik vi kjenner den, har sjeldan vore skildra i positive ordelag på vinteren, så det kan anbefalast å starte turen på langt slakkare vis frå Liasætra på Stranda. Frå hytta har ein, som nemnd i tidlegare utgåver av På Stranda, flust av moglege turmål for alle og einkvar. Sjølve toppane krev visse ferdigheiter og utstyr, men turen innover mot hytta kan vere fin i seg sjølv på smale fjellski ein strålande palmelaurdag.

Håpet var at nattefrosten skulle gjere vårsnøen berande denne morgonen og at vi såleis kunne liste oss varsamt oppover i trappetrinn langs Brekkeelva. Det utvikla seg derimot raskt til eit intrikat slagsmål som sette både temperament og følelsar i sving. Snø fann vegen inn i bukser og ned i skisko, stålkantane  fekta med stirrige bjørkekvistar, sviande sveittedropar i augene, kalde fingrar og lårdjup vårsnø for å nemne noko. Etter ein strevsam batalje flata terrenget ut over skoggrensa. Vi kika tankefullt oppover til høgre medan vi trakka i jamn takt på snølaget som omsider var berande. Fjellfoten som reiser seg majestetisk til vers var dagens hovudmål; Store Smørskredtind.  Med lokalkunnskap i ermet visste vi at nordvestsida ville ligge i skugge så tidleg på dagen. Det forundra oss difor at vi såg ferske spor under rennene høgt oppe i sida så tidleg på morgonen. Eit høgst uvanleg syn for ein elles så solhungrig vestlending. Rundt Patchellhytta finn ein turar i alle himmelretningar, og på ein ideell dag kan ein difor køyre på ski i sola frå morgon til seint på kveld, om ein skulle ha nok krut i beina. Vi bestemte oss for å bruke litt ventetid på å leike oss i Hesteskoen på Brekketindbreen, som vender sørover mot sola, berre 2-3 kilometer nord for hytta. Etter ein børs med nokre av påskegjestane på hytta, kjente vi vår besøkelsestid. Våre vennar frå Trondheim var allereie i gong med runde to på Slogen då vi forlét storstova til Patchell Fjellsport. Her kom det oss også for øyret at det var tre ivrige finnar som etter alle solemerke å døme kosa seg i skuggen oppunder Smørskredtind.

Blant sagtaggane på Brekketind-breen hygga vi oss i nattas snøfall som hadde stabilisert seg mot det gamle snødekket. I stadig brattare linjer ned frå mange av dei namnlause  Brekketindane fekk ein prøvd seg på svingteknikk i bratt lende og forvissa oss om at snøtilhøva var gode nok til å utnytte dagen til fulle då vi først var «på andre sida av Fjorden».  Som ved andre trivelege aktivitetar, går tida fort når ein har det kjekt, og sola bevega seg raskt i si vante bane denne himmelblå aprildagen. Termometeret var likevel lågt for årstida, så solsteiken fekk ikkje tak i snøen så høgt til fjells, slik at her oppe var snøen framleis lett og fin. I det fjerne, retning Norangsdalen, kunne ein likevel høyre at den destruktive metamorfosen førte til buldrande solfonner i solsidene.

Skikøyring med Slogen som tilskodar: Frå dei mange namlause sagtaggane på Brekketindbreen kan ein få seg flotte svingar i utfordrande terreng om snøtilhøva stemmer. Foto: Håvard Myklebust.

Nede på hytta helste vi på våre vennar frå Trondheim som var godt nøgde med dagens to turar på Slogen. På trappa steikte sola mellom smilande ansikt og hyggeleg lausprat. Nye skiløpararar kom til, andre drog heim. Tematikken var som mellom skifolk flest; snøforhold, skiutstyr, gestikulasjon av ruteval og røvarhistorier frå gamle toppturar. Ein lengre passiar i triveleg selskap ebba ut i det nokre i følget takka for seg til fordel for ein betre lammemiddag. Sola stod framleis høgt og fleire var rådville på kva som no skulle skje. Klimakset stod i om ein skulle prøve seg på Nordre Smørskredtind som ingen hadde teke jomfrudomen på denne pudderdagen. Med erfaringane som vart gjort kring snøtilhøva før på dagen, var valet enkelt. Etter påfylling av vassflasker og nedpakking av ferdigtørka ytterkle, var turfølget redusert med to, men snøjegeren frå Trøndelag, som skimagasinet Fri Flyt kallar han, valde å hive seg med oss i retning nordaust-sida av Store Smørskredtind.

Som nemnd innleiingsvis, går kanskje den vanlegaste ruta til Smørskredtind opp frå hytta til eit skar mellom dei to jamnhøge toppane, Nordre og Store, og vidare opp renna i søraust-sida. I NGI-sitt arkiv over skredrapportar kan ein finne tankevekkande tekstar om skredhendingar i denne fjellsida, då med skredutspring i skaret mellom toppane som typisk samlar snø på visse vindretningar. Både med tanke på det, og at sola hadde steikt i søraust-sida, fall valet på den heller uvanlege vegen opp nordaust-sida der finnane hadde trakka seg opp. Skisporet var fornuftig lagt i jamn stigning vestover mot vestryggen av fjellet, som etterkvart vert skarpare og går over til det som vert kalla Vestegga i turbøkene. Før eller sidan måtte sporet difor svinge innover igjen mot inngangen av fleire små, bratte renner som kom ned frå toppflanken.  Etter ein kort sjekk og diskusjon kring snøtilhøva, valde vi å fortsette i sporet til følget frå dei finske skogane.

Ved traverseringa under munningen på dei små rennene kunne ein føle at turfølget var gripe av stunda sitt alvor. Vi bevega oss no inn i stadig meir skredutsett terreng med utløpssoner over oss og ei lang, lang sidebratt skråning under oss. Terrenget var komplekst, men snødekket var stabilt og gjorde det relativt lett å fote seg, trass ei helling nærare 40 grader. I fast rytme trakka vi oss framover i djupe trappetrinn med skia på sekken. Ingen sa noko, berre si eiga hjarterytme og pusten til kompisen bak kunne ein høyre. Knea stanga inn i trinnet over, så bratt var det. Om ingen sa det, så tenkte vi nok det same om innsatsen til finnane som hadde brøyta seg veg opp her, medan ein av oss klaga over pusteeigenskapane til den nye Bergans-dressen sin i sola under Søre Brekketind nokre timar før. På det smalaste i renna hadde slusjet frå nedkøyringa til dei andre ført isvollar fram i dagen. Skarpt stål frå prisgjerrige sportsbutikkar i Alpane vart leita fram og hamra inn i isen for å forsere cruxet. – Eit kritisk punkt for retur same veg, sa nokon lågmælt. Gjennom beina kunne ein sjå korleis turkameratane gjekk laus på isen med isøks og stegjern slik ein sjølv nett hadde gjort det. Under dei igjen kunne ein sjå hytta og påsketuristar brese i solveggen 700 høgdemeter lenger nede. Lite minte no om den muntre stemninga som hadde utfolda seg der nede ein time tidlegare. Ovanfor issvullane entra vi toppflanken, som la seg betrakteleg. Det var likevel bratt opp dei resterande hundre høgdemetrane til den 1631 meter høge toppen, så ein måtte framleis vere fokusert så ein ikkje risikerte utgliding. Med 25 cm nysnø på eit fast snølag under, kan ein lett bli for harmonisk og utelate å tenkje konsekvensar ved moglege feilskjer. Med ei kraft som nærleiken av målet ga oss, baksa vi på i ein langsam sluttspurt, der syretunge lår gjorde at følget spreidde seg dei siste metrane. Ein etter ein steig vi over toppegga, lettare prega etter ein dryg time med djupe kneløft som kunne minne meir om ein gruppetime på Stamina. Ein kjeft vatn og nokre djupe andedrag seinare kunne ein ta seg tid til å stadfeste at utsikta var av sunnmørsk standard, der ein såg nypudra fjelltoppar i alle himmelretningar. Tankane var derimot meir interessert i å gå gjennom scenarioet som snart skulle gå føre seg. Kven køyrer kvar? Kva om snøen slepp? Enn om eine skia løyser seg ut? var tankar som utspann seg i det ein justerte hakestroppa på skihjelmen og forsikra seg ein siste gong om at bakbindinga frå skiutstyrsmogulen Dynafit verkeleg hadde gått i lås.

Køyremønster og linjeval vart nøye vurdert, heilt til ein av oss, av gammal uvane, fekta med stavane slik Lund Svindal og Co gjer før take off. Med ein sjølvsikker sving, kasta førstemann seg ut den store toppflanken, i retning draumelinjene som no var i ferd med å verte ein realitet. Like aust for renna vi kom opp, går renna som etter turen vart døypt Bananen; eit etterlikningsnamn etter den velsmakande frukta. Her låg snøen uspora og innbydande, slik at issvullane fekk ligge i fred i den andre renna. Nedover dansa førstemann i takt med fjellet. Pudderet stod stille i lufta så lett det var, til skiløparen forsvann i krumminga mot fruktas ende.

Olav Viddal på veg ut av renna Bananen. Bildevinkelen får renna til å sjå slakk ut. Her er opp mot 50 grader i nokre av henga. Foto: Håvard Myklebust.

Ein etter ein gav vi oss til dansen med den bratte renna og fjellsida. Snøen var lettare enn kanskje nokon gong, der han piska opp etter skallbekledninga i kvar ein sving. Tankar svirra rundt i hovudet medan ein fokusert såg etter målet i enden av den bratte bakken, og kika i sidesynet om ein løyste ut noko i førre sving – frykt og glede på same tid utan at ein ville det skulle ta slutt. Med blanda kjensler gav vi oss i kast med desse fjellsidene, nokre brattare enn andre. Det er nesten overveldande nokre gonger. Du finn ut at du er under ein straum av hendingar som du ikkje har kontroll over – og likevel er det greitt. I euforisk rus sklei siste mann inn til samlingsstaden. Det vart som vanleg utveksla high five og fleipa lett om den gjennomførte nedkøyringa som skreiv seg inn som ein av dei flottaste på lang tid. Med helsingar og vink til eit par andre som var på veg opp, sklei vi mot kanten av Skylstadbrekka med eit smil om munnen som berre modellane på charterselskapa sine nettsider har.