Sjølv det mektige formannskapet på Stranda kunne ikkje stoppe Synnøve Skarbø på vegen mot å bli heile Noregs ryddeguru. 

Tekst: Ole Kristian Årdal.

Eg har funne meg eit fint bord ved vindauget på Kaffebrenneriet på Sagene i Oslo. Jakka er hengt over stolen, Macen er slått opp og lydopptakaren sett på. Klokka blir 13:25, 13:26, 13:27… Kjem ho til å kome presist?

Er det ein ting eg forventar av Synnøve Skarbø, så er det at i alle fall ho har orden på livet sitt. I 2016 kom ho ut med ryddeboka «Synnøves System». I 2017 fekk ho sitt eige ryddeprogram på TV-Norge og no er også «Synnøves System 2» på veg ut i butikkane.

Klokka blir 13:28, 13:29, og der, nøyaktig på slaget 13:30, ser eg Synnøve smile og vinke til meg gjennom vindauget. Vi har møtt kvarandre ein gong tidlegare – i Buenos Aires i 2011, men det er ei heilt anna historie.

– Vi kan ikkje heller setje oss inne i kroken der, spør Synnøve.

– Klar vi kan, svarar eg.

 

Stranda

Synnøve Skarbø vaks opp på Stranda på 70- og 80-talet som eldst av fem søsken. Ho var verken interessert i ballspel eller ski og ville aller helst drive på med ballett, ein ganske atypisk aktivitet på indre Sunnmøre.

– Då eg var 11 skreiv eg brev til formannskapet i Stranda kommune og spurte: «Kan de vere så snill å vurdere å starte ballettskule her? Det er mange som er einige med meg at det er det som er kjekt.» Eg skreiv også eit limerikk og teikna ei ballettdanserinne, mimrar Synnøve frå sofaen.

Kva svara formannskapet på forslaget? 


– Dei berre sende brevet vidare til Sunnmøringen, som publiserte det i avisa der det stod: «Vi har fått eit søtt brev frå ei jente som har lyst på ballettskule.» Eg vart jo megaflau!

Synnøve skulle kome til å betale ein enda høgare pris for det friske initiativet då også Sunnmørsposten publiserte brevet. Plutseleg hadde heile Sunnmøre det moro på hennar rekning, utan at det vart noko ballettskule av den grunn.

– Heile livet på Stranda var eigentleg berre ei førebuing til Oslo. Eg gleda meg i hel til å kome til storbyen. Eg ville jobbe med TV og søkte heile tida om å bli programleiar i «Halvsju».

 

Oslo

Det store gjennombrotet på TV-skjermen skulle vente på seg, men Synnøve var likevel rask med å kome seg til hovudstaden etter ho gjekk ut av språklinja på Stranda vidaregåande skule. Ho begynte på Westerdals reklameskule og kom på den måten inn i mediebransjen. Det første intervjuet ho gjorde som vaksen, var å intervjue sambygdingen Peter Opsvik.

– Det første spørsmålet eg spurte var: «Kor mykje tenar du eigentleg?» Eg gjekk rett på sak, seier Synnøve og flirer utan å tenkje over at ho legg ballen perfekt opp til meg.

Kor mykje tenar du, spør eg. 

Synnøve prøver å flire vekk spørsmålet, utan at eg lar ho sleppe unna av den grunn.

– Skal eg svare på det da?

– Ja.

– Eg har nok tent betre i år enn noko anna år, men eg har heller aldri jobba så mykje som i år. Men skattelistene er vel lagt ut, er dei ikkje det da?

– Joda, dei er vel det, svarar eg.

Fleire brev

Formannskapet på Stranda kunne nok lett skremt ein sårbar 11-åring til å aldri meir sende eit einaste brev, men heldigvis nekta Synnøve å la seg knekke. Og då det vart kjent at det franske motebladet Elle skulle starte opp i Noreg, var Stranda-jenta raskt ute med penn og papir.

– Eg fann ut kven som var den svenske forleggjaren og skreiv: «Eg skal ha jobb i dette bladet, same kva.» Nokre dagar seinare fekk eg ein telefon der dei spurte om eg kunne kome på intervju.

Synnøve fekk jobben. Først jobba ho eit år som journalist, før ho vart tilbydt stillinga som redaksjonssjef i den norske utgåva av Elle – verdas største motemagasin!

Mange ville nok tillate seg å kvile litt på laurbæra i ein slik situasjon, men Synnøve bar framleis på den draumen, at noko vedunderleg skulle skje, at det måtte skje, at ho ein gong skulle kome på TV.

Hestesko

– Medan eg jobba i Elle hadde eg ein kompis som jobba med å finne folk til å bli med i reality-programmet Muldvarpen på TVNorge.

– Det hugsar eg, seier eg.

Fragment av minner frå TV-skjermen heime i stova dukkar opp, der vi stolt følgde med Synnøve som sprang gjennom spanske gater på jakt etter ymse telefonkioskar.

– Var Muldvarpen gjennombrotet på TV, spør eg.

– Ja, viss vi ser vekk i frå då eg var linselus under NM i hesteskokasting på Norge Rundt i 1982, svarar Synnøve og ler.

– Haha! På Stranda?

– Ja, eg og bestevenninna mi, Helga Lønne, vart frå oss av lykke då vi fekk høyre at NRK skulle kome. Vi svinsa rundt i bakgrunnen heile tida. Eg har nyleg sett reportasjen igjen i sin heilskap, og då kan du sjå meg og André Skarbø stå og sjå på ein som skal kaste hestesko før han seier: «No må du flytte deg.»

Om det var framferda på Norge Rundt eller Muldvarpen som TVNorge beit seg merke i, er enda uvisst, men Synnøve fekk i alle fall tilbod om å begynne som vêrmeldar (utan å kunne noko som helst om vêr) og fekk etter kvart jobbe som programleiar i fleire ulike TV-program.

Draumen hadde opna seg.

Terapi

Sjølv om Synnøve levde draumelivet på TV-skjermen, så skulle ho også få møte den berømte veggen. Ein fødselsdepresjon slo ho heilt ut av spel, og ho begynte å leite etter ein metode for å få kontroll over livet sitt igjen – løysinga vart rydding.

– For meg er rydding meditasjon. Eg føler meg best når eg har det bra rundt meg. Det smittar over på psyken, seier Synnøve som opplever det å vere ryddeguru som svært meiningsfullt.

Den første boka Synnøve gav ut om rydding, handla mykje om hennar eiga personlege reise, medan bok nummer to er ei handbok for folk som vil bli flinkare til å rydde.

I den siste boka har ho til og med eit eige kapittel med ryddetips til hytta. Kanskje tenkte Synnøve på hytteeigarane i heimbygda som ho stadig lengtar tilbake til?

– Eg føler meir tilhøyrsle til Stranda no enn nokon sinne. No ser eg på den bygda som ein skatt. Når eg er på veg heim, og køyrer ned Strandafjellet, og ser skiltet kor det står «Stranda» og det er fint vêr, då kjenner eg at eg får ein klump i halsen.

 

 

Synnøve sine ryddetips til hytta:

– Av ein eller annan grunn blir sjølv den sirlegaste minimalist til ein maksimalist på hytta. Ingenting er for lite eller for stort til at det ikkje kan få sin plass der. Men det er den same regelen som gjeld her som heime. Du skal berre eige ting du treng eller elskar. Ikkje la hytta bli eit alter for ting du ikkje vil ha heime lenger. Er det ikkje bra nok for heimen du bur i til dagleg, så skal du ikkje dra det over den luta dørterskelen på hytta heller.

– Deler du hytte med andre og de er ueinige om kva som er ryddig / ikkje ryddig? Ta eit allmannamøte på heimebane, og lag ei sjekkliste på kva som skal vere i orden og på plass igjen når ein forlèt hytta. Laminer denne lista og heng ho på innsida av ei skapdør.

– Er du på hyttetur med ein gjeng som har ei anna oppfatning enn deg om kor stor grad orden og system også gjeld på hytta? Fordel arbeidsoppgåvene på førehand. Nokon har ansvaret for mat, nokon for oppvask, nokon for vasking og så vidare. Viss du meiner at dei andre ikkje gjer sin del av jobben bra nok, får du heller gjere han på nytt sjølv. Med risiko for å bli upopulær.

– Lagringsplass er ofte mangelvare på hytta. Utnytt lagringsplassen under senga, sjølv om den kinesiske innreiingsfilosofien feng shui åtvarar mot det. Det hindrar visst fri energiflyt medan du søv. Eg tar sjansen!