Det blir hevda at trugene er eldre enn skia, då skia sin funksjon er meir sofistikert enn truga. Dei første trugene blei utvikla i Sentral-Asia for over 6000 år sidan, og nokon meiner truga er ei av dei første verkelege store oppfinningane til mennesket, likestilt med oppfinninga av hjulet.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Trugene blei funne opp blant jegerar og fangstfolk som var avhengige av å kunne bevege seg i snøen for å jakte på mat. I dag er dei fleste som tassar rundt med truger på jakt etter opplevingar for auga og hjartet. Men det skal jo seiast at jegerar i vår tid også bruker truger.

For dei som ønskjer å ta seg ut i vinterfjellet, men som ikkje er glade i å renne på ski, er truger ein fantastisk reiskap for minnerike vinteropplevingar. Fine trugeturar er til dømes Lievarden, Hauset i Geiranger, Ytterlinakkane i Valldal eller Roaldshorn (Strandafjellet). Dette er jo berre fire tips, fjella kring fjorden er mange og med truger er turmogligheitene så å seie uendelege.

Lievarden på Stranda

Utsikt innover Sunnylvsfjorden frå Lievarden. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Startpunkt på Liene. Herfrå fylgjer du sommarråsa opp til Lievarden. Om utsikta frå Lievarden er fin på sommaren, så er den om mogleg enda meir eventyrleg på vinteren. Det er heller ikkje like folksamt på vinterstid. Rekn ca. 1,5 t opp til toppen.

Hauset i Geiranger

Ein blir liten i slik storslått natur. Utsikt ned til Geiranger. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Startpunkt på Korsmyra. Gå over riksvegen og fylg langrennsløypa utover til Hauset. Frå Hausetssætra kan du fint gå eit stykke vidare, utsikta ned i Geirangerfjorden blir finare jo lenger og høgare opp i terrenget du går. Rekn ca. 30 min til Hausetssætra.

Klovsetsetra i Valldal

Vinteridyll på Klovsetsertra. Foto: Erlend Hjelme.

Startpunkt ved den øvste garden på Lingås i Valldal. Ein følg setervegen heilt til Klovsetsetra. Frå Klovset har ein framifrå utsikt innover mot Tafjorden og over fjorden til Norddal og Eidsdal. Rekn ca. 1t opp til Klovsetsetra.

Roaldshorn på Strandafjellet 

Majestetisk omgivnadar for ein trugetur på Roalden. Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Ta gondolen opp og gå vidare til topps på Roaldshorn for å nyte den majestetiske fjord- og Sunnmørsalpe-utsikta. Avslutt turen med ein betre middag på Fjord Panorama Restaurant. Rekn ca. 30 min. til toppen på Roaldshorn.