Så er vinteren her igjen. Nok ein gong tek vi på oss Gore-Tex som ikkje held sine lovnadar, goggles som doggar og vottar du ikkje vil ta på etter pausen i fjellstua. Først tek vi på ullundertøy; erkjenninga av at fukt frå omverda og innsida vil kome og legge seg over den sensitive huda vår. 

Tekst: David Sviland.

Kvifor gidd vi eigentleg dette?

Nytt utstyr

Då du prøvde støvlane i butikken, tenkte du på massøsa i Thailand som fann dei svake punkta dine og klemde dei gode igjen med ømme hender. Det kan godt vere at estetikken til fjellsidene på Stranda speler på lengsler og romantikk, men du må hugse at det er kulturen – media, læraren din, naboen og nasjonalromantikarane på 1800-talet – som har koka i hop dette perspektivet. Sanninga er at den fysiske fjellsida har meir til felles med den brutale vikingtida. Om ho var ein norrøn gud, må det vere Loke, den svikefulle følgjevenen til Tor og Odin. For ja, ei fjellside som har lagt seg til rette under snødyna, er innbydande og linjene i hovudet ditt er henta frå ekspertar på feltet, Ingrid Backstrom, Eirik Finseth, Dennis Risvoll og JP Auclair, så nedfarten vil etter alt å døme bli ei morosam hending. Men hugs at bak dei friksjonslause Youtube-klippa du har sett, ligg eit utal tarvelege forsøk som kjem til å likne meir på nedfarten din. Dessutan bør du tenke på at ein av dei nemnde døydde i eit snøskred, og skikøyringa til Risvoll håper eg ingen lèt seg inspirere av. Alt dette vil eg du skal ta til deg der du står på toppen av Roalden i dei nye skistøvlane dine – det er ikkje dei som avgjer om du kjem deg heil heim til middag hjå mor.

Ustabilt føre

No skal eg slutte å svartmåle vinteren. For når nysnøen ligg tjukk over li og fjell, er det morosamt å renne ned bakkane på breie ski, eller snowboard. Men la oss vere ærlege: Det er langt mellom desse alt for korte dagane, og sjølv på Stranda høyrer dei til unntaket, medan regelen er uregelrett føre på ein og same dag, og at du nok ein gong vert konfrontert med det umoglege spørsmålet: Kva ski høver best til ein nedtur som startar med eit hundre meter langt pudderstrekk som utan varsel transformerer seg til noko som likner løypene i den Red Bull-finansierte sporten «ice cross downhill», og som endar med ein vasstrekt skrens i heisområdet?

Utfordringane er mange, likevel spenner vi på oss ski og brett år etter år. For nokre handlar det om å strekke seg etter ein draum bygd på fragment frå storslagne ski- og snowboardfilmar. Det problematiske i dette er at du, vêret og føret sjeldan vil leve opp til draumen. Det positivet med denne haldninga, er at den innbilske utøvaren har gode sjansar for å få global kringkasting via Instagram-kontoen jerryoftheday.

Ei mogleg løysing

I The Eternal Beauty of Snowboarding stikk den franske snowboardfotografen Jérôme Tanon ein etterlengta finger i jorda. Via eit handhaldt kamera og enkle spørsmål uttala på gebrokken engelsk, viser Tanon baksida til det perfeksjonerte blinkskotet – ei white trash tilvære prega av venting, ulykker, drikking, røyking, absurd mykje reising og meiningslause repetisjonar. Dette er bakgrunnen for problemstillinga til filmen: «What the fuck are we doing here?». Eit ubehageleg og eksistensielt spørsmål som etter fleire sesongar har pressa seg på filmskaparen. Tanon ser seg sjølv som kunstnar og snowboardkøyring som kunst. Svaret på spørsmålet blir derfor at ein må lide for å skape god kunst.

Som amatørsnowboardar må ein òg lide for køyringa, det kostar tid, pengar, sveitte og tolmod. I filmen til Tanon ser ein etter kvart at dei meiningslause aktivitetane har ein venleik. Å bygge eit identisk hopp for ørtande gong, drikke seg usømeleg full med vener på tur, tryne tjue gongar før du set trikset ditt, fryse, ta seg gjennom eit isete parti utanfor løypa – det er klart motgang har sin sjarm.

Skifilmindustrien har i fleire år skapa eit press mot kvardagsleg skikøyring på variert føre i ditt lokale skitrekk. Dei perfeksjonerte filmsnuttane skapar ei kjensle av at det vi held på med ikkje er godt nok. I 2014 kom det ut ein oversett ski/snowboard-serie kalla The Hills. Med eit handhaldt kamera filmar Thomas Søyland dei to frikøyrarane Tommy Nordbø og Bård Øymar medan dei cruisar rundt i Røldal, Myrkdalen og Engelberg. Filmen er fri for slowmotion og dvelande natursekvensar. Det eg liker best med denne serien, er at vi får sjå leiken køyring i upretensiøst terreng på ein vanleg, overskya dag i Røldal.

Kvardagskunstnar

Om ski- og snowboardkøyring er kunst, meiner eg at den viktigaste kunsten skjer i og rett utanfor løypa i skitrekket ditt. Lite gjer meg så glad som å sjå ei som tek ein uventa avstikkar frå traseen og gjer eit kvardagstriks på eit vis eg ikkje kom på sjølv, og lite gjer meg meir imponert enn god køyring på dårleg føre. Det handlar om å sjå potensial i noko uventa og vise det for omverda. Det same prinsippet gjeld for all kunst – vis meg ein flik av verda eg ikkje har sett før og eg er din baby. Slike møter med kunsten gir meg ei frigjerande og samankoplande kjensle, eg snakkar om den kjensla eg antar stressa ektemenn får første gong dei høyrer refrenget til Bjørn Eidsvåg – «Eg e bare ein mann som gjør så godt han kan» – du kjenner deg sett og du veit at det er andre som deg i denne verda.

Om det vert ein god eller dårleg vinter i år, veit eg ikkje i skrivande stund (26. okt. 2017). Det er likevel rimeleg å anta at snøen vil legge seg over fjella i ein eller annan form. Og eg vert gjerne blaut, kald, sveitt og støl for ein poetisk sving med snowboardet mitt. Det er klart vi gidd.