Ska du prøve nøke nytt i år? Kaffør ikkje prøve nøke gammalt?

Det starta på følkeboksamlingå

Han likte se’ dårle på lagspelarå sine flate attelege, og va’ nøk helder bokle’ anlagt. Det tiktest nå å ha vørte nøke långsamt å drage se’ gjønå ungdomsskuletia, og han såg igrunn ikkje nøke særle lysare på den haustlie starten på vidaregåande helder. I utkant’n ta ei nedsnøva småbygd drog de’ i långdrag med det sosiale, og de’ va i de’ store å heile lite so fengde interesså. Egentle’ ha’ han bestemt se’ før å vende vrångsiå te, og innta ei motkulturell form – verte en stirrig einekryl i en kjedele’ rettvøksen granskog. So en kunne vente, vart han derfør en onderle’ søytel, ettekvart so han vaks utu hynbrøkene og gjekk mållaust og slentrande inn i dei långherde åttiåra. Det va då han og en kamerat, i reint vanvare, støytte på en illustrasjon i ei friluftsbok ta en amerekansk hippie so heitte Paul Parker. Dei ha rett å slett drubba se frampå et billede ta en alternativ skistil i ei bok om telemarksving, takk vere følkeboksamlinga nedme sjynå.

Vadmjølshippie

Nøke sku’ han no ha å vise ette’ se’, so kaffør ikkje satse på nøke originalt? I åttitalslilla og høghåra skimotebilde, va’ det lite so kunne framstå særle’ meir motkulturelt på tverke, enn telemarksving og vid, knesid ullknikkers. Anorakk og vadmjølsknickers vart  tinga frå militære overskøtslager, og funne fram frå ymse løftsrom me ondeskøt på sortering. Et snerte retroimage kom raskt på  plass, øving vart iverksett, og  fallteknikk sett på prøve. Alt i hop mylljå pastellfarga skiballettutøvara me’ bronsebrune, eplekjekke jappekinn. Snøvfangande ullknikkers og gammalmodig ekvippering drog sjølsagt åt se skeptiske skråblikk frå alpinistane so fauk førbi i trångtrikå og oppblesa boblejakke på Furset’n. Og desto meir i rein trass, gjekk han på haude uti skavlå, velte seg omkøllj uttafør all følkeskikk og alle oppgådde spor, og kom i dinne reinsingsprosessen kanskje på sporet ta nøke ta sitt tapte sjølv.

Fjellskiepoke

Tuppen på turlångrennsskine sine reiv han sjølsagt fort av på tvers, og ette å ha knekt bindingå på faren sine treski frå sekstiåra, vart’kje det veg uttaom: Sku’ han bli habil telemarkskiløpar, måtte han ver’ hekjen på skikkele’ utstyr.  Det vart piritlejulafta før han fekk tesendt skrivelsa frå utstyrsleverandørå. Vala vakje akkurat månge, der kylpert’n gjønå romjula sat og nibladde i katalogå, medå han knaska natakjenninga og julemarsipan so sleve dreiv. Det måtte av økonomiske årsake bli Crispi sine telemarksko i biksaum, kraftig 75mm tåbinding, og på tøppen et skipar då:  Tre modella va i grunn alt so fanst. Åsnes hadde to, der den breiaste vart i dyraste lagja. Kästle sto att med den finaste skia,  i kvitt og blått. Ho va 205 lång , hadde smørjespenn å midje på 54 cm. Ho vart bestilt, prøvekøyrd, og sprakk på långs andre vikå, i et førsøk på et elegant gjønåbrøt gjønå en laussnøvskavl slik at drive sto.  Drive sto kje i det heile tekje. I sta’n sto telemarkkøyrar’n att med ei einsle ski og med sprøkkja overlippe, i lag me’ei erkjenning ta at det so’ ser ut so tekkjele laussnøvskavla, kan ha sine harde side.

Sia reklamasjon’n på utstyre’ vann fram, og ny ski vart tesendt, vart telemarksvingen likevel lært i løpe ta vintern, te en viss åtgaum frå nyfikne alpinista. Før å kome se ut i eventyre’, trakka han se attpåte’ opp på tøppen ta Roalden, ei 50 minutts affære gjønå laussnøven ifrå gamle Poma-trekkje.  Og der rende han og en kamerat Blådalen før fysste gong. Sporlause, kvite, bylgjande røbba, med perfekt skråning. Tryning og hendelse vart det på hynå nedette bakkane. Snøv nedme’ kragjen, sveittebrøt og kav før å løyse se’  uttu snøvhaugane, gong på gong. Men med ditta bak se’, va det antakele’ gjort. En livsstil hadde etablert se’, og to daga ette’ ei bakglatt og ålsveitt affere i austsidå på Tueegga, openberra også behove før skifell se’ i en nytesendt katalog frå Platou sport i Bergen.

Skifell

At han va et utskøt og en raring, vart stadfest før alvor då han anorakk og vadmjølskledd i fireogåtti sto på tøppen ta Fursetn og limte syntetiske skinnreime opponde skine. Det vart glana, spørt og rista på haude. Produktet vart spådd kort leveti’, klen funksjon og dom ette’ kvakksalvarparagrafen. Men det fungerte långt over førventning. Tuegga, Ytstevasshønnje og Brunstatind’n va’ plutsele’ innja rekkevidd på en heilt ny måte. I den harde kjernå ta fjellturakademikara i distriktet, på vekkgøymde stada, og i bratte avdala, vart det observert småskjemde smugbrukara’ ta skifell, allereie vintern ette’. Swix såg ut te’ å få et alder so lite glepptak i marknad’n. Sjøltilliten og ferdiheitene på telemarkski bygde se i det vidare helder sakte opp, men i løpet ta det neste åre’ registrerte han oppte fire andre lokale sjele so stilte laushæla i alpinanlegge.

Kommers

I seksååtti vart det tydele at nøke heldt på å ta laust. Bygda sine fremste alpinista sto plutsele på telemarkski imylljå slagja . Frodes Sport på Urenfløt’n selde konkurransetelemarkski frå Dynastar. Høge skinnbiksaumera med plastklemme såg neonljøse på budene før fysste gong, og omtale ta aktivitet’n dukka te og me opp frå Rikskringkastingå si sie. Men det va fysst då han sjøl hausta spontan ros for telemarkferdigheitene frå ein jamnaldra, tidlegare konkurransealpinist, at han skjøna at ei dæme va brøtna, og ei bylgje va’ på veg.  Telemarkbylgjå skylde i løpet ta kort tid myljå fjordstrendene, og nådde dei neste par åra heilt te tøpps, både på fjell og salsstatestikka. Ulempå me’ heile greiå, slik han såg det, va’ at de to’ vekk ekslusivitet’n frå aktivitet’n. De opplevdest direkte orimele når alpinistå, so sjølsagt va långt bedre trente idrettsutøvara, meistra hard kulekøyring, med høpp og dubbel helikopter, allereie fysste sesongen.  Hadde han trong til å framstå som alternativ, vart han dermed tvinga ut i laussnøven for gøtt. Og det vart dit han søkte.

Gullalder’n

Overgången te nittiåra baud på snøvrike vintrar med mykje halvdårle ver. Snøven lava ne’, og tida baud på nye skitrekk te dei høgare delane ta både Roald’n og Långedalseggja. Samtidig auka breiddå, både på kompetensen og på ski’ne sjøl. Det kom laussnøvski frå Italia og Statane, med “voldsom” breidde.  Femogåtti cm framme, og “ledda” stålkanta va’ den nye standarden. Telemarkstøvelen Asolo extreme plus og K2 ultra bultra, spegla dei helder tøvete kommersnamna på dei vel fargerike produkta. Teleskopstava, so han log ta då han høyrde gjete det i 85, måtte no te. Breiare fell likeso. Goretexplagga breidde om seg, og auka komfåren. Det vart tyngre, men kjekkare å gå på tøpptur. Gullalder’n va i gång. Og kjekkast ta alt va’ det nye fjelltrekkje på Roald’n:

For i snøvver va’ det i det trekkja nesten allti grese mylljå løparå. I snøvver va terrenge reservert dei lokalkjende. Entusiastane, snøvjunkiane, sporetikarane og stilestetikarane.  For i snøvver drubba heile ytre strøk rondt i søylepøyte ut’n å vite. Dei visste ikkje at i strupl og depel i mildveret i ytre, når alt va’ avbakele, mildt og tongt der ute, so va’ det øfte – reint orimele øfte faktiskt – perfekte mjøllsnøvtehøve på Roalden. Ikkje so sjøldå va’ de sol i tillegg.  I alle fall va’ det de på innsida av skiløparskallane.

Rider in the storm

So han stod solo på Roald’n. Dag ette dag. Helg ette helg. I laussnøvterreng so’ han hadde heilt før se sjøl. Einsam skiryttar ut’n solnedgång. Han sette sjølstyrde rekorda i parallelle S-spor, med åtte nedfarte ette kvarandre, utan at ei einaste konkurrerande sjel kryssa spora. Han tok trekkje på Långedalsegga og såg, mylljå bygene, sine eigne åtte parallellspor ligge ukryssa i svøktå uti Blådala, og kunne planlegge rest’n ta dekor’n te ettemidda’n. Han køyrde førtigradersrennene i Svarthamrane, med mistanke i bakhaude om å vere den fysste i historiå te å gjer’ akkorat det. Og han skræmde opp hare og rjupe ondevegs i tullfærene. En gång måtte han støppe å hauke høgt ette’ å ha passert en eksplosjon ta rjupe attme’ en nesnøva bjørkakryl. Han ha’ berre mangla en snau halvmeter og to hondredels sekund på å verte Norgeshistoriå sin fysste stålkantrypejeger! Ingen som ikkje va på Roalden dei fysste åra ette’ fjelltrekket kom, vil i dag tru ka en der kunne oppleve av laussnøvterreng pr. utøvar.

Illustrasjon: Krister Kanck.

Sporetikk

Og det va jakta so dreiv nå framover. Jakta på den perfekte signaturen i laussnøven. Ronde og mjuke, men tette, dansande svinga. Jamnstore bukte med rytmisk stavisett, og helst utan et einaste avbrøt, heilt frå tekomstsporet te skogjen. Alt skulle sjølsagt skje i fallinjå. Slik va den oskrivne regel’n. Braut du nå og føretok umotiverte traversa der det ikkje va naturle,  va du enten udanna, urøynd, uttafør, eller en uvitande frå ytre strøk. Sporetisk etikette va ei uuttalt, men innlysande sanning. Det va ommågjere å spare på laussnøven, so en kunne lage fleire feilfrie låme, i feilfrie fallinje, i feilfri laussnøv, på eit feilfritt fjell. Slik såg det ut i skiblødå so dukka opp frå utlandet, og slik hadde dei få puristiske telemarkguruane predikert norma. I nøkre få lukkelege år va han soleis i telemarkhimmel’n.

Skrens og konkurranse

So kom snøvbretta før fullt. Snowboard. Som tung grunge frå Statå, seig ein ny kultur ut i låmene. Og det som verre var, uttafør låmene! Diagonalt. Oryddig. Arealkonsumerande. Dei va på leit ette nøke anna. Et drop her og et høpp der, Mykje skråkøyring. På tvers ta naturlie linje. Breie spor med skrens. Vid beinføring og vraltebrok. Månge pausa, med snus, røyk, og colaboksa. Som grå og brune kråkefløkka på straumkabla, sat dei i hellingå ovafør alle skavla. Øftå berre en einaste skikkele’ dykti’ og vågal brettmessias med halvlangt hår, nedsigne merkekle og  synle’ boksershorts, i kuling so i snøvstorm. Men støtt va han i spissen før et lite dusin spake og småbleike læresveina, me’ røt’n teknikk, halvdårle træningsgrunnlag og tvilsame haldninga.  Åtti prosent venting på rompå i laussnøven, med påtekjen desperat coolness, og tjue prosent aktivitet, men likevel: Brått vart presset på nærlaussnøven større, og telemarkarane vart tvinga viare ut på viddene.

Te tøpps

Sia tøpptur og fjelliv likevel va en naturle’ del ta telemarksport’n, vart de tindå so ettekvart fekk fokus, og vart sjølve greiå. Å sette spor på Slogjen på telemarkski frå før nittennittifire, stilde visse krav te grunnteknikken. Børgerennå på Nøre Sætretindå va’ mestå mytisk, og de same va Ørstabrørne so hadde rent rennene te Gullmordalen frå Store Brekketinden. Telemarkskiløping i lause luktene, so gøtt so! Han hadde slike åttafære so sitt ideal, strekte grensene sine, og øvde heime i skitrekkja på oversdagå, då trakke og trykke va mindre. Han va kanskje ta dei fysste so rende “Veggen” på Egga i åttini og nitti.  I skinnbiksaumera ut’n klemme, og på Atomic sine smale turtelemarkski. Og han va hyppig på besøk i alle renne og trånge passasja i Svarthamrå på Roaldsida.  Og ta alle fjella va’ det Slogjen, Nøre Smørskredtindn, Brunstadhønnje, Brunstadtind’n, Kolåstindn’n, Sætretindå, Skårasalen , Saudehønnje og slike tøppa so drog. Dans’n i laussnøven hadde alldeles take på ’nå, og drage ette’ den perfekte improviserte linja i sampel med fjellet, saug ’nå gjønå dei snøvrike vintrane, likso so en jazzgroove so hadde sett se’ i krøppen, og nekta å sleppe.

Skjeret

Men so en dag, trule i fireånitti,  kom det et frampeik om nye tie. Han kom over et skimagasin, og såg stilbilde ta en amerikanar so rende på djupt innsvinga, raude ski frå Elan. Ski’ne va stygge, korte og ekstreme, medå spor og stil va’ farle’ stilfullt, og frikst. Året ette’ va målet å klare reine skjer på preparert ondelag, og telemarksvingen returnerte før ei kort tid te trakkemaskinbakkane. Der styrde dei nye carvingskiene erkjenninga rett  utu telemarksporet, og alle gamle førestillinga om skiløping enderøyste i et røk ta nye innovasjona. Telemarkstilen hadde so å seie rent seg på et skjer. Før fysste gong va månge ta hardcore-telemarkarane klare te å utvide si eiga oppfatning ta ka skiløping i ondabakke kunne vere. Det va forholda sitt møte med ulikt utstyr og ulik stil so avgjorde ka so’ virka, og ka so’ va kjekkast. Frå vinteren seksånitti va’ han derfør den tvisynte eigar også ta alpinski, og få år ettepå hadde han også alpine “feiteski” te eksklusiv bruk i laussnøven.

Multistilrikdom

Likevel heldt telemarkbylgjå på opparbeidd moment, og førtsette å skøle litt førsikti fram å tebake mylljå strendene. Men når randonneutstyret ettekvart vann på vekt og gjorde gjønåbrøt i tøppturmiljøe, cirka fem år inni det nye tusenåret, va’ han førsyne meg med på det gjønåbrøte me’. Slik åttafære kunne naturlevis verte sett på so et svik, men han kunne heldigvis kjenne på gledå ved å tehøyre en røynd klubb ta veterana. Disse so meistra mestå alle slags ski, det meste slags føre, og dei rådande stilartane frå over tre tiår. Disse so fritt kunne velje utstyr ette dagsform og føre. Og han kjende at å vere multistilutøvar gjorde skiløpinga rik og variert.

Det sleng endå en og anna ta hass like ute i løypene og mylljå fjella. Krafta i bylgjå he kanskje lagt se, men dei so engong surfa ’ne – dei e oppe og gjeng.  Av og te må telemarkski’ne framatt, som om han og hass like he’ ei nostalgisk gjeld te’ kulturen. Kanskje e’ det rett og slett slik de e’, før dinna bylgjå gjorde faktisk følk ta månge ta dei! Telemarkstil’n e sjølsagt berre en ta månge måta å stå på nedoverski.  Men i tefelle du e nøke lei ta dei breie, lettkøyrde “gyngestolpotongane” dine, (disse med “rocker” før bakfulle følk med balansevanska), og du treng å lette på raua for å prøve nøke nytt i år, so sei han de’ her og no;  -kaffør ikkje prøve nøke gammalt i sta’n?  De’ he’ virka før!

 

Tekst: Blådalsbjønnen. (Publisert i Vinter PS 2016)