Dei siste ti åra har 61 menneske omkome i dei norske fjella, og vi er alle einige om at det er altfor mange.

Tekst: Oscar Almgren. 

Ulykka i Øksendalen for to år sidan, er den største sidan Vassdalulykka i 1986.  Ein del snakkar om at det er større risiko for å døy i trafikken enn på fjellet. Sjølv kjenner eg berre ein person som har mista livet i trafikken, men kjenner minst ein som har omkome årleg i fjellet dei siste seks åra – som alltid med statistikk stemmer den ikkje for alle.

Det viktigaste (einaste?) vi som står igjen kan gjere, er å ta lærdom av andre sine mistak og sjå til at vi ikkje gjer same feil. Vi må studere ulykkene og forsøke å skjønne kva som gjekk gale.

Nedanfor har eg henta litt fakta frå nokre av ulykkene som Kjetil Brattlien, NGI, har skildra. Alle ulykkesrapportane finst å lese på:  www.ngi.no/no/snoskred/ulykker/

Info fra NGI sine ulykksrapportar

Skredulykke Øksendalen, måndag 15.04.2014

Omkomne:
Fire menn, 27, 28, 36 og 37 år.

Snø- og vêrforhold:
Mykje nedbør og vind dagen før ulykka og ulykkesdagen. Gruppa vurderte at skredfaren var 3-betydeleg.

Anna info:
Svært erfarne og godt kjende i området. Alle hadde skredsøkar, spade og søkestong, tre av mennene hadde skredsekkar. Fleire i gruppa hadde vore i området fleire dagar før ulykka.

Skredulykke Jønndalen, Uvdal, laurdag 22.02.2014

Omkomne: 

Ein mann, 29 år.

Snø- og vêrforhold:

Lettskya vêr med vind og nokre få minusgrader då ulykka skjedde. Temperaturstiging frå -18 siste to døgn.

Anna info:

Dei hadde køyrt ned same terrenget året før på omtrent same tid. Dei hadde ikkje spade, skredsøkar eller søkestong.

Skredulykke Kroken, Tromsø, søndag 24.03.2013

Omkomne: 

Ein mann, 38 år.

Snø- og vêrforhold:

Det var snøvêr og nokre kuldegrader då ulykka skjedde.
Skredvarselet på varsom.no melde skredfare 3-betydeleg på ulykkesdagen. 

Anna info:

Mennene var lokalkjende og hadde køyrt i same område mange gongar tidlegare. Dei brukte randoneeski og hadde skredsøkar, spade, søkestong, samt hjelm. Dei hadde også gått på skredkurs.

Skredulykke Tottenveggen, Hemsedal, måndag 24.12.2012

Omkomne: 

Ein mann, 42 år

Snø- og vêrforhold:

Snøprofilar i området viste vedvarande svake lag i snødekket. Varsla skredfare var 3-betydeleg. Mennene som var involverte i ulykka, var klar over dette varselet. Kaldt vêr med noko nedbør og vind då ulykka skjedde.

Anna info:

Mennene var lokalkjente og ulykka skjedde på dagens tredje og siste tur ned området på skiers-left av Reidarskaret. Begge mennene hadde skredsøkar, spade og søkestong.

Skredulykke Skogshorn, Hemsedal, torsdag 03.01.2013

Omkomne: 

Mann, 32 år

Snø- og vêrforhold:

Det var sterk vind med snøfokk og temperaturstigning då ulykka skjedde. Det var varsla faregrad 3-betydeleg. Skredet blei utløyst i eit lag med kantkorna snø over og under eit skarelag.

Anna info: 

Ulykka skjedde då mannen saman med to andre klatrarar gjekk til fots i bratt snøterreng på veg til ei klatrerute. Dei hadde noko kjennskap til skredfaren i området og registrerte drønn i snøen då dei gjekk oppover. Gruppa hadde ikkje noko skredutstyr.

Vi har all nødvendig informasjon! Kva går gale?

Om vi studerer dei dødsulykkene vi har hatt her i Noreg dei siste åra, kan vi sjå eit tydeleg mønster. Som oftast er det faregrad 3-betydeleg, mykje nysnø dei siste 24 timane og kraftig vind. Alle teikn på betydeleg skredfare er tilstades. I fleire av tilfella er det også slik at ofra har hatt kunnskap til å vurdere at skredfaren ligg på 3–betydeleg. Likevel skjer ulykkene gong på gong. Vi lurar oss sjølv!

Sjølvsagt er det interessant å diskutere svake lag, snøprofilar etc. for å vurdere skredfaren. I eksempla ovanfor treng vi ikkje gjere det – vi har all den informasjonen vi treng om skredfaren. Om vi køyrer til jobben og ser bilar som ligg i grøfta, veit vi at det er glatt utan å teste bremsene, ikkje sant?

Det heile handlar om kva for avgjerder vi tar og menneskets natur. Dessverre er det slik at vi ofte brukar same måte å bestemme oss på når vi er ute i skredterreng som vi gjer i vår kvardag. Vi lar følelsane og instinkta ta overhand.  Forskjellen er berre at når vi er i skredterreng, er vi ein stad vi ikkje skulle vore. Skredterreng vil aldri bli eit naturleg element for oss, og vi treng reglar å halde oss til. Å la følelsar og instinkt påverke skikøyringa, er naturleg, men ei felle som vi må unngå. Ian McCammon heldt ein presentasjon på ISSW (The International Snow Science Workshop) allereie i 2002 om akkurat dette: ”Evidence of heuristic traps in recreational avalanche accidents”. Heuristikk er ein tankestrategi og problemløysingsmetode som mogleggjer raske avgjerder.

Seks menneskelege feil

Ulykkene skjer sjølv om mange skikøyrarar får stadig meir kunnskap om skred for kvart år som går. Det har blitt in med skredkunnskap og “snønerding”. “Alle” veit at mykje nysnø og vind gir auka skredfare. Med Ian sin artikkel i bakhovudet og fakta frå skredulykkene dei siste åra, er det altså heller den menneskelege faktoren vi bør fokusere på når vi driv skredopplæring.

Studien til Ian McCammons er mykje større enn den norske statistikken, men viser altså same trend. Vi gjer menneskelege feil. 622 ulykker var med i studiet og 1180 individ var innblanda.

Ian summerte opp 6 viktige menneskelege feil, og kalla dei FACETS etter forbokstaven i kvar faktor. FACETS  er det same som fasettar, sukkersnø, kantkorn på norsk, m.a.o. eit svakt lag. Vi går gjennom lista her – den gir deg masse nyttig kunnskap om menneskets natur og kan hjelpe deg å halde deg i live om du har den i bakhovudet når du er ute på tur.

Familiarity

Ulykker skjer oftast på stadar der folk har vore mange gongar før. Erfaring frå tidlegare turar og det at vi er kjent i eit område, gjer at vi pushar grensene i større grad enn vi hadde gjort om vi var her for første gong.  At ofra i Øksendalen hadde gjort mange turar i området tidlegare, var truleg ikkje ein slump. Antakeleg hadde dette verknad på vala dei tok denne dagen.

Acceptance

Dette er kanskje eit av dei beste punkta i lista. Forsking viser at grupper med både kvinner og menn tar større sjansar enn grupper med berre menn. Tvert imot kva mange skulle tru!

Consistency

Om vi ikkje har ein plan B når vi dreg ut på tur, vil vi presse oss lenger mot målet enn kva vi burde. Derfor: sjå til å ha ein god plan B for kvar tur du legg ut på. Om vêret, skredfaren eller forma ikkje tillet turen du hadde tenkt, så får ein ta ein enklare og tryggare tur, eller dra til næraste skianlegg i staden. Denne faktoren skal du vere ekstra obs på i grupper på fire eller fleire.

Experts

I dei fleste grupper og vennegjengar har vi nokon som er ein meir tydeleg leiar, den som er eldst, best på ski, lokalkjend osv. Dessverre er det sånn at det ikkje betyr at det er denne personen som automatisk skal ta avgjerdene når det gjeld skred. Mange grupper med låg skredkunnskap vel å følgje ein slik person inn i farlege situasjonar. Når ei slik gruppe ikkje har ein tydeleg leiar, klarar dei derimot ofte å ta gode avgjerder saman.

Tracks/Scarsity

Pudderjakt gjer at ein tek forhasta avgjerder ute i terrenget, særlig når vi skal konkurrere om goda med andre grupper.

Social facilitation

Vi ønskjer å gjere det betre når nokon ser på/evaluerer. Vi veit at når grupper med mykje skredkunnskap møter andre grupper i fjellet, vert dei med mykje kunnskap ofte pressa til å ta dårlege val. Det er heilt normalt å pushe seg sjølv litt for langt for å vise at ein har peiling på noko. Grupper med låg kunnskap gjer det motsett, og blir enno meir tilbakehaldne.

Kva skal vi gjere?
Den viktigaste bodskapen er at du skal tenke på desse faktorane. Ha dei i bakhovudet. Først og fremst må vi akseptere at sjølv den største ekspert vert påverka av dei menneskelege faktorane. Mennesket blir “lurt” til å ta avgjerder som det ikkje burde tatt. For å forsøke å gjere noko med dette, må vi klare å identifisere faktorane og sortere ut situasjonar der vi blir påverka av dei. Start med å sjå gjennom lista over menneskelege faktorar ein gong til, og teip dei på innsida av skibrillene og på utsida av termosen. Så viktig er det.

Foto: Hedda Breien.

Var dette lite handfast? Sjølv om du skal tenke meir på den menneskelege faktoren enn du har gjort før, finst det livsviktige og lettare handterlege råd som må ligge i botn uansett – følg desse i vinter!

Uansett om de har planar om topptur eller heisbasert frikøyring, gjeld følgjande:

  1. Bruk alltid skredutstyr (sendar/mottakar, søkestong og spade)
    2. Sjå til å trene med utstyret så de veit korleis det skal brukast.
  2. Skaff deg skredkunnskap. Ta eit skredkurs
  3. Skaff deg all tilgjengeleg info. Her i Noreg finn du aktuelle skredvarsel på varsom.no. For den som skal på ski på Strandafjellet, finst det lokalt skredvarsel for skianlegget gjennom heile vinteren på facebooksida og som oppslag i skisenteret.
  4. Ha med deg ein kompis på ski. Nokon å diskutere vegval med og nokon som kan hjelpe om det skulle gå gale.

Når dette er på plass, kan du tenke vidare:

  1. Stå på ski i lag med folk som du kan snakke med og som du tørr å vere ueinig med. Berre det å ta opp spørsmålet om dette er smart har ofte ein svært viktig effekt når det gjeld å unngå uhell.
  2. Ta eit skredkurs i lag med dei som de står på ski med til dagleg, da veit de at de er ”kalibrert” og tenker på same måten.
  3. Ver observant på terrenget du rører deg i – ver merksam dersom du vel å gå/køyre ut i skredterreng, og ta eit aktivt val. Har du den minste tvil, er det berre å snu med ein gong.

 

(Publisert i Vinter PS 2016).