Kvar vinter tek folk frå fjern og nær vegen til Strandafjellet for å renne på ski med majestetisk fjordutsikt. Vi tek alle turen til Fjellet for å dekke våre behov, behov vi har gått og kjent på heile sommaren og hausten. Vi er eigentleg ganske sjølvsentrerte. Når vinteren kjem, tenkjer vi stort sett berre på kva vi sjølve kan få ut av ein dag på Fjellet. Vi stressar til heisen for å kome først opp, og når vi har kome opp på toppen, stresskøyrar vi ned for på nytt å kome raskt til heisa, slik at vi fort kan kome opp igjen, og forhåpentlegvis få eit nytt førstespor. Og slik gjeng no dagane om vinteren.

Johan Arnemo og Teodor Day på veg ned mot riksvegen i Hevsdalen. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Difor er det så kjekt at vi kvar vinter får besøk av ein gammal ven som ikkje er like sjølvsentrert som oss. Ein fykande fant som kvar vinter reiser lengre enn dei fleste. Han kjem stormande inn frå Norskehavet og innover fjella våre. Han er ikkje av det slaget som kjem tomhendt, nei han er ikkje slik som oss ski- og snowboardkøyrarar. Han kjem ikkje for det han kan få, han kjem for å gje, og kvar vinter har han med gåver til dei som veit å sette pris på eit besøk. Gåver han har raska med seg på reisa mot fastland og høge fjell. Den finaste vintergåva som tenkast kan – laussnø. Mykje laussnø. Og rett som det er har han med seg meir enn kva yr.no melder at han har, han liker å overraske. Kven er så denne fykande fanten som kjem hit kvar vinter? Nordvesten er hans namn. Vi gler oss til å på nytt få besøk av han til vinteren. Av alle vêr og vindar er han vår vinterfavoritt. Medan vi venter på at han kjem stormande på besøk, kosar vi oss med gode minner frå då han var innom førre vinter.

Johan Arnemo og Oscar Almgren med velkjende puddersmil. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. (Publisert i Vinter PS 2017)