Fjellbjørka kan vere frikøyrarens beste ven. Her på Stranda har vi episk skogskikøyring – noko vi kan takke fjellbjørkene for.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. 

Mange plassar står dei plassert i perfekt avstand til kvarandre, til dømes ned til Furset og Engeset. Nedanfor Blådalen derimot, har den fått ta over litt for mykje. Men det er ikkje dens eiga feil. Fjellbjørka er litt som eit barn, av og til tenkjer den meir på seg sjølv enn på andre. Og da blir det som det blir under Blådalen. Nokon burde kanskje ta på seg foreldre eller forvaltaransvar her, så ein kan hjelpe fjellbjørka med å tenkje meir på andre, merk frikøyraren, og mindre på seg sjølv.

Men kven er eigentlig fjellbjørka?

Fjellbjørkas eigentlige namn er Betula pubescens ssp. Czerepanovii. Ho er sosial, og sjølv om ho trivst best saman med sine artsfrendar, er ho på ingen måte fremandfiendtleg. Ho er både inkluderande og raus og kan menge seg med, og til og med krysse seg med, hengebjørk og dvergbjørk. Fjellbjørka er ein riktig hardhaus. Motstandsdyktig mot frost og vind. Noko som forklarar kvifor ho trivst så bra på fjellet. Og det er nettopp på fjellet vi finn ho i Sør-Noreg. Nordpå har ho til og med våga seg ned frå høgda, til låglandet.

Fjellbjørka duge til mykje meir enn å samle i hop snø i perfekte frikøyringskorridorar på fjellet. Til dømes kan ho gi varme, i og med at ho egnar seg bra til vedvyrke. Bjørkeneveret kan bli brukt til papir, kurver og fottøy. Birkebeinarane er faktisk oppkalla etter skotøy laga av bjørkenever. Mogleg var dette snakk om datidas TLT 6? Bjørkebarken kan også brukast til oppbevaring av mat. Dette høyrast kanskje sprøtt ut, men det går faktisk heilt fint. Barken inneheld nemleg det batkteriehemmande stoffet; betulin. Om ein er vill og galen, kan ein også bruke bjørka til å piske seg sølv med i badstua, slik dei gjer i Finland. Hugs berre å ikkje la ho liggje for lenge på badstusteinane. Ho er glad i å gi varme, og kan lett bli reven med til å sette seg sjølv i fyr og flamme.

Fjellbjørka har redda mange skidagar som har vore truga av snøstorm og flatt ljos. Fjellbjørkas nærver gir tryggleik i form av le for vêr og vind. Den gir også referansepunkt for synet slik at ein veit kvar ein skal køyre. Er det noko vi alle treng, så er det tryggleik og referansepunkt for å ta gode val på livsskireisa. Så hugs på det neste gong du ser ei fjellbjørk. Sjå litt på ho, reflekter over snøstormane ho har klart seg igjennom. Og ikkje minst, vis ho takksemd med å leike i snøen ho har spart opp til deg.

(Publisert i Vinter PS 2016).