Med ni X-games-gull, fem world snowboard tour-titlar, åtte US open-titlar, og meir enn 70 konkurransesigrar, står Kelly Clark på toppen av Roalden og ser ned mot Stranda og Storfjorden.

Tekst: Martin André Kristoffersen

Året er 2002 og det er OL i Salt Lake City. På toppen av halfpipen i Park City står ei atten år gammal amerikansk jente klar for å skrive seg inn snowboardhistoria med gullskrift. Kelly Clark vinn OL-gull i det som blir startskotet på ei snowboardkarriere verda ikkje har sett maken til.

Sju X-games-gull, fem world snowboard tour-titlar, åtte US open-titlar, og meir enn 70 konkurransesigrar seinare, står Kelly på Roalden og ser ned mot Stranda og Storfjorden. Det er berre så vidt ho får sett fjordutsikta denne søndagen i februar, sidan snøelingane kjem og går som dei vil. Ho er på veg til X-Games i Oslo, og har tatt turen innom Stranda på vegen til hovudstaden. Vi i PS hadde gleda av å ta nokre svingar med snowboardlegenda frå Vermont og høyre litt om kva ho sjølv tenkjer om alt ho har opplevd på brettet.

– Korleis var det å vinne OL-gull i Salt Lake City som 18-åring?

– For å seie det mildt var det uverkeleg og overveldande. Eg kjem aldri til å gløyme då eg høyrde nasjonalsongen og fekk sjå flagget bli heisa på medaljeseremonien. På den tida var det mykje nedslåande i media heime i USA. OL var jo berre fem månader etter 9-11-angrepa. OL i Salt Lake City var eit fint høve for folk til å få noko positivt å prate om, og noko dei kunne vere stolte av. Å vinne OL-gull på heimebane er eit av dei store privilegia eg har hatt i livet mitt.

– Korleis vart det til at du starta med snowboard?

– Eg vaks opp i ei lita fjellbygd med berre 1200 innbyggarar. Far min lærte meg å stå på ski då eg var to år gammal, og eg begynte å køyre snowboard då eg var sju år. Det året eg starta med snowboard, var det første året det var lov med snowboard i skianlegget heime, det var i 1990. Eg var i alpingruppa frå eg var lita, men det var veldig konkurranseprega, og eg likte ikkje konkurransefokuset. Snowboarding såg morosamt og annleis ut, og eg falt pladask for idretten.

– Kva drøymde du om å oppnå med snowboard? 

– Eg bruker å seie at eg sto på brett før det vart kult. X-games fanst ikkje og snowboard var ikkje med i OL enda. Eg hadde berre ein lidenskap for å stå på brett. Eg var i bakken kvar helg og håpa på «snow days» (ved store snøfall er det vanleg at skuler stenger i USA), slik at eg kunne få ekstra dagar i bakken. Eg hugsar eit augeblikk frå eg var 14 år gammal som verkeleg forma framtida mi. Det var i 1998 og første gongen snowboarding var med i OL. Eg tok opp konkurransen på ein VHS-kassett, og såg den etter skulen. Eg hugsar at eg sa til meg sjølv: Dette vil eg gjere med livet mitt. Sidan den dagen har eg følgt den draumen.

– Du har hatt ein eventyrleg karriere. Du er den mestvinnande utøvaren i snowboardhistoria, og var den første kvinna til å lande ein 1080 (tre rotasjonar) i ein konkurranse. Kva er ditt personlege høgdepunkt og kva har betydd mest for deg?

– Tusen takk. Eg er takksam for å ha hatt ei lang karriere med mange høgdepunkt. OL-gullet i 2002 heng høgt, men mitt personlege høgdepunkt er OL-bronsa frå OL i 2010. Eg kom ikkje på pallen i OL i 2006,  det var verkeleg ei utfordrande oppleving for meg. Samtidig som det var vanskeleg å oppleve å ikkje kome på pallen, så var det også positivt i form av at det viste meg kva eg verkeleg ønska. Det gav meg ein glød for å satse med heile hjarte mot OL i 2010. Eg har lært at ein gir verdi til ting ut frå kva du har betalt for å oppnå dei. For meg var det utruleg stort å stå på pallen i 2010 etter å ha jobba meg gjennom skuffelsane i 2006, og framleis ha mot til å fortsette å følgje draumen. Folk flest måler suksess etter valøren på medaljane, for meg er suksess målt ut frå alle personlege sigrar langs vegen. Sjølv om eg ikkje vann gull i 2010, er bronsa eg vann eit av mine største augeblikk.

– Forutan lidenskapen for snowboarding, korleis har du klart å motivere deg til å utfordre dine eigne grenser på snowboard i meir en 16 år?

– Eg elskar snowboarding fordi uansett kva du oppnår, vil du framleis ikkje vere den beste. Sporten er i konstant endring og utvikling, ein må halde følgje og utvikle seg med han. Eg elskar at eg må lære meg nye ting jamt, det er morosamt. Eg må heile tida motivere meg sjølv til å satse enda meir. Ein ting eg har lært, er at OL ikkje er det endelege målet, og at resultata heller ikkje definerer kven eg er. Om ein ikkje har eit endeleg mål, kan ein alltid finne motivasjon til å utvikle seg.

I 2010 starta Kelly «The Kelly Clark Foundation» med mål om å hjelpe barn og ungdom som vil følgje draumen og bli snowboardkøyrarar.

– Eg ønskja å bidra til at sporten utvikla seg til å bli enda betre – fordi eg var ein del av den, ønskte eg å gje noko tilbake. Ved å gje tilbake har vi gjeve mange mogeligheita til å følgje draumane sine og oppleve snowboarding på måtar dei ikkje kunne gjort sjølve. Eg likar å gje til andre og bidra til at andre kan få mogligheita til å bli betre enn meg på snowboard.

X-games i Oslo gjekk ikkje slik Kelly ønskte. Under treninga ein av dagane ramla ho og fekk ei skade i hofta. På imponerande vis klarte ho å trosse store smerter og framleis gjennomføre konkurransen til ein andreplass. Etter X-games i Oslo kom ho på tredjeplass i US Open før ho vart operert for skaden. No har ho brukt heile våren, sommaren og hausten til å jobbe seg tilbake. Vi tek opp tråden via e-post med Kelly medan ho er på New Zealand på førsesongstrening og endeleg tilbake på brettet.

– Korleis har det vore for deg å jobbe deg tilbake frå skada di, og kva slags forhåpningar har du for den komande sesongen?

– Forutan denne skada har eg ikkje hatt alvorlege skader i karrieren. Denne hofteoperasjonen er den største operasjonen eg har hatt, og også den tøffaste rehabiliteringa eg har vore igjennom. Til tider har det vore utfordrande. Eg har vore nøydd til å ta ein dag av gongen, og vere glad for ting eg tok for gitt før. Slik som å kunne reise seg sjølv, gå og springe igjen. Eg tek ein dag av gongen og fokuserer på kva eg kan gjere i staden for kva eg ikkje kan gjere. Dette fokuset gjer at eg held humøret oppe. Eg er også takksam for at eg har hatt så mange fantastiske vener som har heia på meg i denne litt langsame og vanskelege tida.

– Kva draumar har du enda ikkje nådd med snowboardkøyringa di?

– Eg trur ikkje eg har nådd mit potensiale enda. Det er draumen min, å føle at eg når det høgste nivået eg kan oppnå. Eg siktar mot neste OL med eit håp om å presse meg sjølv lenger enn kva eg tidlegare har gjort.

– Korleis ser ein perfekt dag på brettet ut for deg?

– Ein perfekt dag er ein dag med gode vener og god snø. Og gjerne med ein god kopp kaffi når ein er ferdig med å renne.

(Publisert i Vinter PS 2017).