Syndagsmørgå. 

Ei leiligheit nedme sjynå. En mannj kjem te se sjøl, ette det han helst vil kalle et tapt sjøslag på hotelle kvelden før. Minna e meir som ei tjukk skødde. Nøke me ei amorøs turistdame, å ei flukt frå et hotellrom.  Han e låke og klene når han dreg gardinene på glytt, men konstatera at påskå i alla fall byr på en fineversdag ditte året. Ette en grovsjekk konstatera han at han sjøl, som ventele e, lukta helder ofjelgt.  Sløgstadskjortå og finebrokja finn vegen frå gølva te vaskeromme. So gjeld det å få stavra seg inn i dusjen og skylt ta se nøke skuld og skam. Vatnet treff en krøpp som kjennest ut som et piska røveskinn.

Slyestell

Frokosten smaka rengt. Kaffien likeså, men han lyt få ti seg nøke flytande ska dagen bli bra. Han huska endå kor det gjekk ette oppskøkelage frammi dalen for to år sia. Vil ikkje ha en slik syndag, om han kan unngå det. Det trengst å få skifta ut lufta og han glytta ut altandøra når han opna ne. Der vert han førbina over kor fint et ver det egentle e, og tek seg sjøl i å gjer ei vurdering han ikkje he gjort på mångfaldige år: Om han ikkje ska tutle se te fjells utpå mørgonen? Det va no berre så avbakele med dinnje forma ette kvelden før. I tillegg e han knerøten ette fleire sesonga med reint slyestell på treningsfrontn. Han he i allefall ikkje vør på fjella på ondabakkeski  sia han enderøyste  nedette henge i vørldkøppløypå i 94.  Han grev fram frå husken nøkre fjelltura i seinare år, men avtaleboka med både Roalden, Ystevass og Brunstadtind`n he visst vør tom vel lenge.

I et hatteføk

Det e når kirkekløkkene set i gong kløkkå ti at han bestemme se. Han lyt ha friskluft!  I et hatteføk, å før han rekk å ombestemme se om nøke so helst, he han dratla fram tursekkjen frå inste kråna i buda. Møttstøve og kongleveve driv ta sekkesidene når han stappa neri nå både niste, to termosa, ei, trøye, ull under lang, ekstralesta, og en, på dato utgått, vaselindåse mot gnagsår. Lilla og raud swix, samt universalklister bli med, Solbrillene frå revynummeret i 97. Kamera. Anorakk. Snart e han nøkelonde klar. Nedi buda ser han at biksaumarane sårt treng se ei impregnering, Det fe halde med vaselin i dag. Og skiene? Dei dukka fram bak dombå frå en søvepøse og to gølvrye han lyt flytte på.  Atomic ARC. 1989. He ´kje verken vøre bygla eller tjørebreidde på ominnelege tie. Einaste turskiene han he eigd sia Kandahar´n på Blue Master-paret hekk ti enj einsle rysta skrue, då han drubba seg i køllj  frampå attelegene på Gjerding. Ditta må ha vør på en tur over Dregetuå frå Støvset, det året Bobbysocks let det swinge på alle kasettspelarane heile våren. Det bir nok ikkje den dagen si gli i dag, men det ste` gøtt nøkk te dagsforma.  Han attelita meir på bakglatt, og triv med se fellene frå åttitale på veg ut. Håpa at lime held nøkelonde.

Før i tia på Fursetn

Ute e det gnistrande, me et smådryss ta nysnøv på oppeberre mylljå tøyarøbbå.  Det e tongt likevel, og det e fole kor de hadde vøkse te, både me småskog å bratte bakka, i liene ovafør Knutitlekvitlå. Han fe  fylje alperittløypå, å håpe at det ikkje kjem før månge tungvektige big måontain- løpara i ubalanse nedigjønå her på en syndagsførmiddag. Det e no elles ohørvele kor farta, utstyret og ferdiheitene ha ballja på se siste åra. Verken ski eller stil likna særle mykje på det han sjøl og kameratane gjore i skogaløypene i laussnøven på Furseten på syttitalet. Det gjekk no igrunn fort nok den gongen mæ. Han huska at dei var fleire om å bestige ei bjørk for å få løsna bror hass, so hekk opp ned ette en klemmesko frå ei levande klyfteskure. Broren ha feilberegna sving etter kul neri gjøle på setregrova. I dag hadde vel farta ventele knekt både leggen og bjørka?

Men han hadde kjent se flink nøkk den gongen mæ. Rekna se som skiløpar, Særle i møte med byara, eller allerhelst disse frå Valderøya og frå Hareid: Sjømenn og mekanikara, bakpå til kantringsgrenså,  høglytte og utan kontroll over skavl og smålyng.  Dongerijakke med syntetullforing i snøvdrive. Jeansen rett i klemmesko og blå tobakkspung på baklommå. -Nøke sama til hendelse! Han tenkje tebake, meda belgjen bles på etteskøt oppgjønå  plantefelta. -Steik, han må sjå å ta se på tak med kondisen! Det he stått bere te, både med den å med styrken.

Storskaveln

Der va fordela med å ha skitrekke so å sei i bakhagen, ja.  Både Bygdara og Leara, Dalara, og Neaføringa samt en å annja Øggarshyn, brukte å rote se opp i Hevsdalen, uansett ver! Der va det sosialt og arti, same ka. Det vart baska på i laussnøven med smale, tradisjonelle slalåm og storslalåmski. Ofte kjøpte frå dei aktive alpinistane på idrettslage sitt bruktsal, og dermed altfor stive og spesialiserte for dei fleste ta dei so leika se i laussnøven. Likevel rekorda på åtteåtredve , og kanskje over førti tura på en dag.  Utfordringa med spretthøpp og skogaløype på tenkjele å meir urimelege plassa. Storskaveln på Roaldsiå va berykta. Paddeflat landing, same kor långt eller høgt du bykste. Somme år gjekk høppe rett opp, og han hadde sett folk lande baklengs, to meter bak sitt eige satspunkt. Klaska frå dei meir normale landingane knekte skituppa, løsna bindinga, og løyste ut mjellfønne heilt borti Svarthamrane. Hadde du mot nok på Storskaveln, kunne du fort gjere de travallje før resten ta åre.

Meraftas

Komen opp på Meraftashønnje  he han gått se rett fjølg i den stigande sola, og kjenne se turrare i tuknene en gøtt e. Han fylle på med kaffi meda pulsen fe tia te å ramle se mot kvilefrekvens. Han ser på aktiviteten i Meraftasløypå. Det e kje få so fyk førbi på ei kort stond. I gamle daga va det oftast heimturen te Langlofelte so gjekk førbi her. Siste turen før dagen, og allti et høgdepunkt. Terrengkøyringa va og bli kjekkast, sjøl om det va vanli å køyre se fast i meterhøg laussnøv eller tutlevatle seg inn i tette hatleryste når en va komen se ne i skogjen. Men et vart oftast  køyrt månge i lag, og en kom seg som regel beinheil neatt te kjøtkakene. Skiterrenge e like bra so det va den gongen, men det e fleire om saligheita, på gøtt å låkt. Han studera stilarta, og meina å kunne påvise både Byramp,  Øyara, å skikkele følk i løypå. Men det e verre å skilje no enn før. Allereie tidle på nittitale fanst det Ulsteinvikara og Herøyværeinga so faktisk kunne både telemark og alpint, å so viste både fjellvit og løypeskikk. Å no aula det nesten ta Ålesundara og Øyara med hytte i Hevsdalen, og både sportsli  og økonomisk kapital å legge att i bygda. Det va kanskje ikkje so oheldig det akkurat.

Illustrasjon: Renate Thor.

Paviljong

Han kreka seg oppette Småvardane, me stadi mindre å hente frå heller uvand muskulatur. Kjem plutsele på at Paviljongen sikkert he munngøtt å by på, men at lommeboka nøke obeleile, ligg att nedme sjynå. Ergele at han ikkje kunne lære se å glytte framfør nasen når han sku legge plana. Slik ha det vør støtt! Det e derfør både med vonbrot, lengting, tyrstebyge, og verk frå dehydrerte muskla, at han ettekvart bikka kanten oppme uteborda på paviljongen, og tek se i å måte drage handbaken over truten, i angst for å ha Bjørndalen-skum rondt mulepartiet. Pulsen e infarkttriggande høg, auene fulle ta sveitte og blikket uklart søkande. Det hadde vør gøtt me en kaffi eller ei øl ette streve. -Ingen kjende å sjå?

Yvjestóde

Når han fe krøkt ta se bindingane og stabla skiinje å stavane oppåt stative, sjangla han se muskelstiv å utasa bortover snøvflatå mot inngongsdøra te paviljongen, der det e fola yvjestóde  me  bestilling å hauking i alle retninga. Det e ei babelsk forvirring ta dialekte, det han trur e svenske servitøra, å fargesprakande skiklede der inne . Og der mylljå bordå, syns han å sjå en kjend skalle. Eller to faktisk.  E det ikkje Pern og Haraldn so held på å gjer se forstått før ei lettare oppøst austlandsdame?  Han stiltra se bortåt, å høyre Harald´n svare austlandsdamå: “Neih, ho he kje, men ho hi ho he!”  Per`n legg før sikkerheits skuld, og med tyngde, til at: “Han hin me he!” Det er når austlandsdama himla med au´ne, og skulda karane før å vere frå Kina, at han finn det for gøtt å gje se te kjenne:

“E det her døkke e på skyvjing?” Han gjeng høgt ut, trygt førvissa om at damå ikkje skjøna .

“Den karn?” spør Per`n. Kort i prat`n, som vanli.

“Nei ka i? He du slete de eller?” Harald`n legg inn lokal nøkternheit i  formidling av lett sjokktilstand.

“Men gurimalla! Er det du? Takk for sist da!” seie austlandsdamå, .”

Humørendringa me kjelljå gjeng frå oppgitt til hjertele på en kortsving. Fnising.

“Jeg trodde det var ennå en Kineser som kom jeg”  Meir fnising!

Klem følgjer! Sjokktilstand vert etablert! Tungemålet gløymt…

Løfsemøleexit

“Desse gutta her er det ikke mulig å få noe vettugt ut av. Men vi to, vi forstod hverandre bra? ” Blinking og ny fnis.

Han huska att blikket! Hjelpe å trøste! Gårsdagens hotellbesøk openberra seg som ei fønnj, og alle plana om å tigge se til en halvliter kald drikke me karane, vert kølljkasta. Ka slags slysme e de han he gjort no? Ditte vart no alldeles på vrångå. Det va no skitur det sku vere i dag.

“Ja, hei ja ! Vent litt du. Ska berre ha me kaffi å en løfsemøle bortme disken. Svøltn seddu!”

Høgreøyrå oppfatta et “Skal ha hvafornoe?” i småslalåmen mylljå goretexen mot disken. Han legg inn lang U-sving mot utgangsdøra, når han endele ensa at ho snur seg tebake te karane. Dei so akkurat he skjøna, å held på å knekke i hop. Hårnål med lang venstretravers ut døra. So ski! Stava! Binding på! Sette onda!

Måndagsmørgå

Ei leiliheit nedme sjynå. En mannj kjem te se sjøl, ette det han vil kalle en hasardiøs skitur  dagen før. Førvirra minne om mjelkesyre, røtne kne, oventa skavla, hatleryste å røten snøv, lave grangreine ovafør Langlo. Han e låke og klene når han dreg gardinene på glytt. Han konstatera at det snøva ute. Ette en grovsjekk finn han ut at han trass alt, e ganske beinheil, og långt frå travallje. . Skibuksa og ullondetyet ligg nøke ofjelge på gølve på bade. Han slengje det i vaskemaskinå fysst best, so det e klart te neste gong.

Så stavra han se inn i støvå  finn fram laptøppen og leita fram Skisentere si sie  på veven. Best å sikre seg sesongkort i tie te neste år. Han treng visst treninga. I går va marginane før knappe. Harald`n he alt tøveringt. Lurte på om han va komen te løfserøven.

Kaffien e heldigvis klar.

Tekst: Blådalsbjønnen. (Publisert i Vinter PS 2015)