Torill Slettvoll har alltid vore ei fjellgeit. Som born kava ho seg oppover fjellsida med skia på nakken så snart den første snøen hadde lagt seg. Framleis trivst ho godt i oppoverbakkar – påskjønninga på toppen blir berre betre og betre for kvart år som går.

Tekst: Ole Kristian Årdal. 

Februar 2015:

– Gurimalla, så fint det er her oppe! Eg blir sånn kvar gong eg kjem opp på toppen, eg berre står og ser utover. Eg har vore her så mange gongar, men blir aldri lei. Det er aldri to dagar som er heilt like. Det er alltid eit eller anna nytt.

Torill har akkurat sloppe t-kroken på toppstasjonen til Roaldshorn Fjelltrekk og kan ta av seg skia og sette seg godt til rette i Slettvoll-stolen som for anledninga er plassert 1200 høgdemeter over fjorden. Ho har allereie stått ei stund i bakken og kjenner det er godt med ein liten kvil for å nyte utsikta og smile til fotografen frå New Zealand. Det er ein nydeleg dag med blå himmel og gnistrande føre, men Torill har også fleire grunnar til å smile: Slettvoll Møbler går mot eit av sine beste år, nokon sinne.

Foto: Hamish Melville.

September 2015: 

Eit drygt halvår etter fotoseansen på fjellet møter vi igjen konseptsjef og kreativ leiar for Slettvoll Møbler på kontoret sitt i møbelfabrikken på Stranda. Ho sit ved vindauget bak arbeidspulten sin og ser opp mot leikeplassen sin, Roaldshornet. Her har ho sete mang ein pudderdag og sett korleis skiløpar etter skiløpar kjem flytande nedover fjellsida mot Stranda.

– Hender det seg at du tar deg fri frå jobb for å stå på ski på dei skikkeleg gode dagane?
– Nei. Det gjer eg aldri. Då får eg så dårleg samvit. Det er heilt rart. Eg jobbar jo så mange timar at eg kunne ha gjort det. Men nei, då føler eg at eg er heilt ute å køyre. Folk må ikkje vite at eg fer på ski midt i arbeidstida.
– Men du har kanskje tenkt tanken?
– Ja sjølvsagt, mange gongar.
– Men aldri latt deg freiste?
– Nei, det trur eg aldri eg har gjort. Eller… Kanskje to timar, heilt på slutten av dagen. Det har kanskje skjedd nokre få gongar. Men mindre enn så mange i alle fall.

Ho tar opp ei hand som viser fem fingrar og smiler eit lurt, men også litt skuldig smil. Framfor ho ligg teikningar av siste stolen til neste års kolleksjon. Det er laurdag ettermiddag, men Torill har framleis fleire timar igjen på kontoret.

Kvar inspirerer deg?
– Når folk spør meg kvar eg hentar inspirasjonen, svarar eg alltid naturen.
– Kva inspirerer med naturen her på Stranda?
– Når eg går fjelltur går eg fort på veg opp for å trene litt, men på veg ned igjen fer eg og tar bilete med mobilen min av alle plassar. Sist eg var på fjellet brukte eg ein time ekstra på veg ned, berre fordi eg låg og kraup rundt om alle stubbar og tok nærbilete.
– Kva tar du bilete av?
– Det er veldig mange fargar i naturen som er vakre, men også former. Eg blir heilt fornya. På min alder er desse turane utruleg viktige. Eg blir meir og meir glad i naturen på Stranda.
– Er det viktig for deg å framleis ha hovudkontor på Stranda?
– Ja. Det er mykje betre og roligare å jobbe her. På kontoret i Ålesund er det mykje folk og uroleg heile tida. No er snart heile møbelindustrien utflagga, men vi vel å investere i og effektivisere produksjonen her.

Torill vaks opp i familiens møbelfabrikk på 50/60-talet og kunne snekre, flette korger og sy dukkeklede allereie før ho begynte på skulen. På fritida var ho aktiv alpinist og alltid på fjellet. Eg er spent på korleis dei sunnmørske røtene har påverka ho vidare i livet:

– Foreldra mine måtte spinke og spare dei første åra og hadde ikkje så mykje pengar å rutte med. No er situasjonen litt annleis, men eg er nok framleis litt sparsam. Vi var nettopp i Stockholm, og der budde oss på hotell, og eg tok som vanleg det billigaste rommet. Det var så lite at eg berre greidde å opne ein av dei to små koffertane mine om gongen. Då eg skulle gå gjennom reiserekningane etterpå, såg eg at resten av gjengen hadde hatt litt større rom enn meg for å seie det slik, og det var vel fortent, neste gong gjer eg det same – trur eg. Hehehe.
– Kva med skikøyringa? Har den påverka businessteften din?
– Eg får alltid høyre: Du er så forbaska sta, du gir deg aldri! Det har eg tatt med meg. Eg køyrde slalåm og trena kvar einaste dag på Storreitmarkane. Oss sat opp nokre få stikker. Der var mykje konkurranseinstinkt. Talentet var ikkje så stort, men eg vart god fordi eg trena mykje. Eller god? Lokalt god, då.
– Så du vann litt renn og sånn?
– Jaja. Eg vart jo kretsmeister og køyrde landsrenn, men eg vart aldri noregsmeister.

Ein ting som i alle fall er sikkert er at Torill har tatt med seg ein god dose sunne og nøkterne verdiar inn i liv og arbeid. Men eg er framleis spent på å høyre meir om korleis Slettvoll Møbler kan gjere det så bra i ein bransje som elles slit med å halde hovudet over vatnet. Kva er hemmelegheita bak suksessen?

– Oss måtte vere tydelege i det oss gjorde. Når folk høyrde ordet Slettvoll skulle dei få eit klart bilete i hovudet av Slettvoll-stilen.
– Kva er Slettvoll-stilen?
– Hehe. Det er ein klassisk moderne stil med basismøblar som er lette å bruke alle plassar. Det er ikkje noko fiksfakseri og kan enkelt kombinerast med det du har frå før. Både med antikvitetar om du vil det, eller med moderne møblar om du heller ønskjer det.
– Ofte ser eg annonsane dykkar side om side med dyre klokker og fancy bilar. Kven er målgruppa?
– Oss skal vere ein smule luksuriøs. Det skal vere litt luksus, men ikkje for mykje, er Torill rask med å føye til.
– Det er viktig for oss å vere jordnære. Vi skal ikkje ha noko snobberi i butikkane våre. Folk skal føle seg vel når dei kjem innanfor døra.
– No har de tjue butikkar?
– Nitten. Sytten i Noreg og to i Sverige. Butikkane har vore utruleg viktige for oss. Dei gjer at vi kan utvikle, stille ut og presentere på den måten oss meiner er riktig. Om vi leverer til kjedene kan vi ikkje bestemme korleis bileta skal sjå ut, korleis det skal sjå ut i butikken, eller kvar møbelutstillinga skal vere. Sidan oss gjer alt internt, har oss full styring på heile verdikjeda.
– Kvar blir neste butikk?
– Oss skal ikkje ha fleire i Noreg, men oss tenkjer at vidare ekspansjon skal skje i utlandet.
– Kan du seie meir om kva land de siktar dykk inn mot?
– Oss har ikkje bestemt oss enda, men oss har jo litt i hovudet kva land som likar stilen vår: Spania, Frankrike, Italia, Sveits, Finland… Det er mange førespurnadar. Men sånn som Amerika… Åh! New York.

Torill får stjerner i auga og drøymer vidare:

– Oss skulle hatt ein butikk der, ikkje sant? Men det er langt. Ein skal produsere og transportere. Alt dette med logistikk og alle desse bitane skal stemme. Systemet vårt passar dårleg for det. Det er bygd opp av ein ordreproduksjon, skreddarsydd til kvar kunde. Men når oss ser korleis butikkane våre ser ut i Stockholm og Oslo no, så kunne oss sett dei ned midt i New York og dei hadde berre: Bang! Passa kjempebra. Eg er sikker på at oss hadde selt varer.

November 2015:

Prognosane for 2015 viser at Slettvoll har nok eit år med god vekst bak seg. Butikkane passerer 300 millionar i omsetning og resultatet viser at drifta har god lønsemd.

Januar 2021:

Torill Slettvoll er i New York på opninga av den nye Slettvoll-butikken på Manhattan. På gjestelista er celebre namn som Hillary Clinton og Leonardo DiCaprio. Sistnemnde får den ærefulle oppgåva å klippe snora saman med Torill, noko dei gjer i strålande blitsregn. Etter den elleville opningsfesten (som enda i at to stolar og ei lampe blei øydelagd, noko diverre også sistnemnde var innblanda i) drog Torill vidare med fly til Beaver Creek, Colorado. Ho unner seg ei reise på businessclass, og unnskyldar seg med at ho får alt skiutstyret inkludert i prisen. Vel framme i Colorado bookar ho sjølvsagd inn på det billigaste rommet, som likevel er stort nok til å opne begge koffertane. Som dei seier: Everything is big in America. Størrelsen på rommet er uansett ikkje så viktig, Torill har andre planar enn å henge på hotellrommet.

(Publisert i Vinter PS 2016).