Jibbaren Sebastian Ness er mest sannsynleg ein av dei gladaste og mest energirike personane du kan treffe på Strandafjellet. Du ser han ofte roterande opp ned i ei luftferd frå eit av hoppa i parken. Sidan han som seksåring blei tatt med opp på Fjellet av far sin, har han stått ski. I tillegg til å leike i parken, har han også jobba som skiinstruktør i fleire sesongar, og garantert smitta mange unge skikøyrarar med skigleda si.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Kor lenge har du køyrt park?

– Eg har vel eigentleg køyrt park sidan eg var ein liten unge. Men eg begynte å køyre park på riktig då eg var atten år gamal. Eg begynte å henge med Herman Lersveen og Jonas, og dei køyrde alltid i parken. Eg starta med å lære enkle triks. Først 180, så 360, enkle grabs og backflipp. Så starta eg å sjå skifilmar, studere kva triks utøvarane gjorde, og forsøke å lære meg dei triksa.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Har du eit tips til dei som vil starte å køyre park?

– Eg anbefaler nybegynnarar å finne seg ein trampoline, eit basseng, eller ein turnhall, og øve seg på triksa der. I sjølve parken anbefaler eg å starte med å hoppe på småkuler, slik at ein blir van med å hoppe. Når ein har blitt van med det, kan ein starte å trene på 180 (halv rotasjon), vidare på 360 og flips. Finn nokon å køyre med som er betre en deg, nokon du kan lære av. Hugs, ikkje dra på for hardt i starten, ta det roleg.

Kva likar du best med Strandafjellet?

– Eg likar at det er så sosialt å stå på ski her, alle vennene mine drar hit. Og så er det kreativt, ingen sesongar er like. Ein vinter kan det vere mykje snø, ein annan vinter litt mindre snø, då må eg vere kreativ for å nytte fjellet. Jibbing er å vere kreativ, leiken og sjå kva eg kan finne på med ulike element i parken og i terrenget.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Kva er ditt beste skiminne frå Strandafjellet?

– Mitt beste skiminne er ein gong far min og eg køyrde ned Furset saman. Far min rann framlengs, og eg rann baklengs, i fine åttetalssvingar ilag – eit godt minne.

Kva er din favorittplass å køyre på Strandafjellet?

– Min favorittplass er parken, med start frå toppen av Furset og leike i det eg finn på veg ned til parken.

Har du eit løypetips til dei som besøker Strandafjellet for første gong?

– Start med å køyre Fursetsida, opp på Egga og prøv dei ulike løypene der. Chill litt med noko godt på Furstepaviljongen før du står ned til Hevsdalen, over brua til Roaldsheisa og testar ut frikøyringa på Roalden.

Kva gler du deg mest til med vinteren?

– Eg gler meg til å starte der eg avslutta i fjor og fortsette utviklinga i parken samen med kompisar. Og så håper eg på mykje snø, slik at dei kan bygge store hopp i parken.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

(Publisert i Vinter PS 2016).