Vi i PS har ein avhengnad som vi ikkje riktig får stogga. Vi er rett og slett avhengige av å leike oss i det kvite gullet som fjørlett fell frå himmelen kvar vinter. Om du vår kjære lesar går rundt med ein liten mistanke om at også du er pudderavhengig, kan du ta denne litle testen vi har laga for å hjelpe deg med å diagnostisere deg sjølv. Vi oppmodar kvar og ein til å vere heilt ærleg med seg sjølv i denne testen. Lykke til!

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. (Publisert i Vinter PS 2016)

1.Du skal rekke eit fly frå Vigra kl 16.00 for å dra i di kjære bestemors 75-årsdag. I løpet av natta har det dumpa 40 cm champagnepudder. Sidan bussen til Vigra ikkje går frå ferjekaia før kl 12.00, har du bestemt deg for å klemme inn ein og ein halv time med pudderkøyring innan du må heim for å ta ein dusj før du tek bussen til Vigra. Eventuelt ein time og førtifem minuttar om du ikkje tek ein dusj. Strandafjellet opnar kl 10.00, men allereie kl er 09.45 ventar du på at heisa skal opne medan du slår av ein prat med Walther. Du kliv av Furset-trekket og peikar skia mot Cola-haugen kor det ligg metertjukke pudder-puter og berre ventar på at nettopp du skal hoppe på dei. Du treff den fyrste puta – verda blir heilt kvit i eit sekund – før du kjem sprettande opp i lufta og trekk inn kald desemberluft. Du treff neste pute, verda blir kvit i eit nytt sekund, men det er då det utenkjelege skjer i paradis. Heilt utan forvarsel, i ein kontrollert høgreseving, bestemmer venstreskia seg, sta som ho er, for å fortsette til venstre og ut i den vakre kvite verda. Det er berre ein ting å gjere: fram med skredspaden og begynne å grave etter skia. Etter å ha grave eit krater større enn traktoren Stian bruker til å rydde parkeringa på Fjellet for snø, innser du at klokka tikkar mot halv tolv. Du må ta eit val. Skal du fortsette å leite etter skia, eller skal du avslutte leiteaksjonen for å nå bursdagen til di kjære bestemor. Kva gjer du?

1. Som den familiekjære skikøyraren du er, avsluttar du leiteaksjonen, står ned fjellet på ei ski, rekker ikkje dusjen og tek bussen til Vigra.

2. Du undersøker om du har mobildekning i krateret ditt, og ringer SAS for å booke om flybilletten, slik at du kan fortsette leiteaksjonen utover dagen.

3. Du droppar 75-årsdagen til bestemora di og fortset leitinga etter skia. Det er jo berre fem år til ho blir åtti, og innan den tid vil dette vere ei god historie å fortelje i familiesamankomstar – på sommaren vel og merke.

2. For testen si skuld lèt vi som at du val alternativ ein på spørsmål ein. Sjølv om både vi og du veit at alternativ to og tre er meir realistiske. Medan du var i bursdagsselskapet på Austlandet, har det fortsett å dumpe på Stranda. Gode kompisar har via Facebook og Instagram gjort sitt aller beste for at du skal vere informert om dei eventyrlege snøforholda. Kva gjer du når du kjem attende til Stranda?

1. Du fortsett leiteaksjonen etter skia. Men klok av skade, veit du at gravearbeidet vil ta uhorveleg lang tid aleine. Difor har du engasjert tenåringane i nabolaget til gravemannskap, mot lovnad om dusør til den som finn skia. Med mindre du finn skia først – du er jo tross alt Sunnmøring.

2. Etter å ha gitt ungdomane instruksjonar og satt dei i sving, fyk du direkte til skiutleiga og leiger dei feitaste pudderskia som er å oppdrive på Sunnmøre. No når du har organisert leiting etter skia, kan  jo du sjølv gjere unna viktigare arbeid enn å grave, som å spore opp Blådalen til dømes.

3. Du tek fram skrujarnet og strammar til DIN-innstillinga på dei nye skia du bestilte medan du sat i bussen på veg til Vigra. Etter å ha stilt DIN i ”eg brekk heller foten enn å mista skia igjen-innstillinga” dreg du glad og lykkeleg opp på Roalden for å ta igjen den tapte skikøyringa frå helga på austlandet. Den tapte skia planlegg du å finne til våren, eller hausten.

3. Sidan det er meldt austaver, har du har invitert med deg ei du er litt interessert i ut på ein ski-date. Men av ein eller anna grunn har yr.no bomma grovt med verprognosen. Då de kjem opp på Fjellet ligg det tretti cm laussnø og ventar på å bli spora opp. I løpet av dei første ti høgdemetrane ned frå toppstasjonen på Roalden viser det seg at daten din har skrytt på seg skiferdigheitar. Kva gjer du?

1. Omtenksamt trer du inn i rolla som skiinstruktør og gjer ditt yttarste for å hjelpe daten med å lære å køyre pow.

2. Som den gentlemanen du er, tek du opp mobilen og booker en hastetime hos skiskulen. Du sender daten ned igjen med gondolen, og lovar å kome innom barnebakken etter kvart run på Fursetsida, noko daten går med på utan å vite at du først kjem til å køyre på Fursetsida etter at du har tapetsert Blådalen med pudderlinjer.

3. Då daten seier: «du treng ikkje vente på meg, berre køyr du.», tek du det bokstaveleg – ein skal jo tross alt ikkje lyge. Jublande glad peiker du skia ned mot fjorden og nyt kvar ein sving ned til Langlo. Daten ser du aldri noko meir til.

4. Neste års sommarferie er under planlegging. Din kjære vil til varmare strøk for å nyte sol, sommar, og kultur. Du er mest gira på sommarskikøyring, dessutan mistenkjer du at kultur betyr shopping. Du har allereie budsjettert inn tre nye skipar, to nye skredsekkar, ein lett toppturhjelm, nye karbonstavar for toppturane, ny Gopro, og den nye Lilly-drona som kan følgje etter deg når du drar på nedover fjellsida. Slik kan du endeleg få publisert din eigen skifilm, sidan ingen sponsorar eller Field productions enda har fatta kor utruleg bra du køyrer på ski. Med alt dette i budsjettposten for skirelaterte investeringar, er det rett og slett ikkje nok pengar til rådigheit for kulturopplevingar, mrk. shopping i varmare strøk. Kva gjer du?

1. Du let vinter vere vinter, sommar vere sommar, endrar kraftig på budsjettposten for skirelaterte investeringar, og dreg sørover for å nyte sol, sommar og kultur, mrk. shopping.

2. Til din kjæres store overrasking foreslår du ein roadtrip ned til Sør-Europa, og legg reiseruta innom Austerrike og Sveits under påskotet å nyte mellom-europeisk mat, sveitsisk sjokolade og ost. Som den gode skodespelaren du er, verkar du overraska då de oppdagar at det faktisk finst fantastisk bra sommarskikøyring på stadar som Saas-Fee, Zermatt og Hintertux. Sidan du alltid har skia liggande klare i takboksen på bilen i tilfelle overraskande pudderdump, ja, da kan ein jo like godt ta seg nokre dagar med vel fortent sommarskikøyring.

3. Til din kjæres enda større overrasking foreslår du at ho kan dra på jentetur til varmare strøk, medan du planlegg å låne campingvogna til svigers og busette deg på Folven for sommaren.

5. Det har gått eitt år sidan du mista skia på Colahugen og jula er i emning. Det er på tide å kjøpe inn julegåve til din kjære. Du hugsar godt dei ulike smykka ho har hinta om i løpet av sommaren og hausten. Men du har også utvikla den unike evna til å vite kva slag skiutstyr ho treng før ho veit det sjølv. Og no er du fullstendig klar over at ho treng dei nye og lettaste randoneeskoa til Dynafit, som er 85 gram lettare enn dei ho fekk til jul i fjor. Kva julegåve gir du?

1. Kjøper eit av smykka ho har hinta om, jula er jo tida for romantiske gåver.

2. I tillegg til det eine smykket kjøper du også andre ting som det har blitt hinta om. Jula er ei fin moglegheit til å investere i gåver som gir avkastning på ”eg kan ta fri frå helge vasken for å shredde pow-kontoen”.

3. Nettopp fordi jula er tida for romantiske gåver, og di oppfattinga er jo at det ikkje finst noko meir romantisk enn å stå og nyte utsikta frå ein Sunnmørstopp saman, ja, då blir det nye toppturstøvlar. Dessutan har du jo høyrt at det er viktig for damer å ha eit rikt utval av ulike sko å velje mellom. Derfor konkluderer du at nye toppturstøvlar må jo vere midt i blinken. I år som i fjor…

Poengskala:

5-8 poeng: Du har ingen teikn på å vere avhengig av pudder, eller å vere i faresona for å utvikle ein pudderavhengnad. Det verkar som at du klarar å utøve sjølvkontroll og ta ansvarsfulle val kor du prioriterer å ikkje la pudderkøyring kome i vegen for det som er viktig i livet, nemleg familie og venner.

9-12 poeng: Du er i faresona for å utvikle pudderavhengnad. På dette stadiet er det viktig at du involverer dei du har rundt deg for å hjelpe deg å stogga utviklinga før pudderet tek overhand. Om den tek overhand kan det få store konsekvensar for relasjonar til nær familie, vener, og arbeidsgjevar.

13-15 poeng: Du er ein av oss. Vårt råd til deg er å ikkje forsøke å skjule det, det vil berre gjere vondt verre. Ver open med dine nære og kjære om di avhengnaden til pudder, og gjer det einaste som hjelper: Kjøp det nye skiutstyret, den nye Go Pro´n og den nye Lilly-drona, og ikkje minst vinterens sesongkort på Strandafjellet. Om du då framleis har pengar igjen, og feriedagar tilgjenglig (om du verkeleg er avhengig av pudder og ski er det ikkje så viktig om du har feriedagar igjen, jobbar kjem og går, men ein god skidag har du for alltid i minne) då anbefalar vi ein tur til Saas-Fee for å trene opp skimuskulaturen slik at du er klar når pudderdumpet kjem på Strandafjellet. Om du treng selskap for å minke bensin-, overnatting- og matkostnader, send oss en mail. Vi blir gjerne med!