Spenninga med julegåvene då eg var liten handla ikkje om kva eg fekk. Den handla om kor stor pakke og kor mange lag med avispapir mor mi hadde brukt i forsøket på å kamuflere sesongkortet på Strandafjellet.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen

Stian Græsdal ser ut glaset frå kontoret over varmestova på Strandafjellet. Det er snart vinter, og sjefen på Strandafjellet har framleis ro i kroppen. Kanskje fordi haustjakta blei vellykka, eller fordi kalenderen framleis berre viser slutten av september. Når det dreg seg nærmare november og desember, er det slett ikkje sikkert at Stian er like avslappa. Etter å ha jobba på fjellet sidan sesongen 86/87, har Stian vore med på det meste ein kan oppleve på Strandafjellet. Han veit kor viktig ein god sesongstart er.

– Det ein ventar på er korleis første del av sesongen blir. Når får vi snø? Når får vi kulde slik at vi kan sette i gong snøkanonane? Det er ikkje så lenge til eg startar å analysere lågtrykk som kjem inn frå golfen og Grønland på radarbileta til yr.no.

Korleis er din treffprosent kontra yr.no sin?

– Min treffprosent er heilt eksepsjonell. Nei da … Men du ser jo sjølv kva vêrmeldinga melder, og du ser korleis lågtrykka kjem inn og korleis høgtrykka sperrer – du lærer deg å tolke.

Korleis er det å ha deg i hus om snøen ikkje kjem før februar?

– Nei, eg veit ikkje om eg er den rette til å svare på det. Eg blir frykteleg rastlaus. Eg føler jo ansvar for alle dei tilsette, at dei skal få jobbe. At dei som har kjøpt sesongkort skal få stå på ski i anlegget. Det er det som tærer mest på.

Du føler altså ansvar for noko du sjølv ikkje har kontroll over?

– Ja, eg gjer jo det. Eg sel produktet, og er arbeidsgivar til mange. Det er dette vi lever av. Om vi ikkje klarer å oppfylle forventinga om god skikøyring, då kjenner eg jo sjølvklart på den kjensla av å ikkje få til det vi ønskjer mest av alt i verda: å ha eit kvitt og opent anlegg.

Korleis var sesongen 86/87 då du starta å jobbe på Strandafjellet?

– Det var alltid meir snø før. Eg hugsar vi skulle arrangere Word Cup-renn her i 88/89-sesongen. Det var ikkje snø først på vinteren, men då vi skulle arrangere rennet, kom det enorme snømengder. Dette varierer frå vinter til vinter. I 97 måtte vi stenge i vinterferien då det var for lite snø. Tidleg på totusentalet hadde vi nokre utruleg snørike vintrar. Då var det periodar det snødde 50-70 cm i løpet av ei natt. Snøen låg over T-krokane på Egga og det var litt av ein jobb å måke fram trekktraseen. Eg har opplevd det meste, normalsesongen finst ikkje.

Kva liker du best med jobben?

– Å vere vertskap i eit et så bra anlegg som vi no har fått, og sjå nøgde gjestar i alle aldrar. Vi er jo eit heilt nytt anlegg. Nye driftsikre heisar med stor kapasitet – det er så å seie aldri kø, uansett kor mykje folk som kjem. Eg blir nesten litt ordlaus når en begynner å tenkje på dei store forbetringane som har skjedd sidan 2009.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Andre juledag 2009 erstatta ein splitter ny stolheis det gamle T-kroktrekket på Fursetsida. Den same vinteren stod også paviljongen på toppen av Furset-trekket klar. Strandafjellet var ikkje ferdig med utbygginga, og 12. februar 2011 stod den nye Telemix-heisen med stol og gondol klar på Roaldsida. Denne heisen plasserte for alvor Strandafjellet på kartet over Europas beste frikøyringsdestinasjonar. Samtidig opna også paviljongen på Roaldsida. Pga. desse store utbyggingane snakkar ein ofte om tida før og etter 2009 på Strandafjellet.

Kvar går vegen vidare for Strandafjellet?

– Anlegget er ikkje ferdig utvikla. Då Frode, Per Magne og Bjarte kjøpte anlegget, sa Frode blant anna at dei ikkje kjøpte fjellet på bakgrunn av vêrmeldingane. Vi er så heldige å ha eigarar som ser langsiktig på utviklinga her oppe. No er det planar om å bygge eit stort servicebygg ved p-plassen. Teikningane er på teiknebordet og det begynner å nærme seg tid for å melde byggemelding. Når vi får servicebygget på plass, kan vi tilby eit skikkelig servicetilbod her. Då begynner det å nærme seg eit komplett anlegg. Og vi skal ikkje stikke under ein stol at vi ser på område for nye heisar og løyper. Vi har ein plan om korleis dette anlegget skal vere om 10 og 20 år.

Kva er det som gjer Strandafjellet spesielt eigna for frikøyring?

– Det er den unike kombinasjonen vi har av fjord, fjell, utsikt, og ikkje minst snøen vår. Anlegget har stor fallhøgde. Frå toppen av heisen har ein utrulege moglegheiter for alpine toppturar. Om ein gjeng få minuttar frå heisa, kan ein oppleve å vere heilt aleine. Sjølv om det er mykje folk her, skal du ikkje gå langt før du finn urørt pudder.

Driv du på med frikøyring sjølv?

– Skal ikkje skryte på meg at det blir så veldig mange turar, men frikøyring er utruleg spennande og artig. Særleg med det utstyret som har kome den siste tida. Før 2009, og på 90-tallet, hadde vi jo ikkje ope på dagtid i vekedagane. Då hende det at vi køyrde i gang trekket og sto på ski første delen av dagen for å leike oss før vi starta å jobbe.

Korleis er det å vere sjef for det du ønska deg til julegåve kvart år?

– Det er eit privilegium å få lov til å jobbe med dette. Eg tenkjer ikkje over det i det daglige, men når eg kjem opp med skuteren på Roalden for å starte heisa på morgonen og får sjå soloppgangen,  må eg berre stoppe opp og nyte utsikta. Kva skal eg seie? Det finst vel ingen finare arbeidsplass. Eg kan i alle fall ikkje sjå for meg noko finare. Men så er det dei dagane eg lurer på kva eg styrar med. Når det er snøstorm eller regn, at det går litt i mot, spesielt om det ikkje kjem snø tidleg på sesongen. Om vi ikkje kjem i gang, det er det verste eg veit.

Kva gledar du deg mest til for den komande vinteren?

– Den første frostnatta. Å følgje med på temperaturane, funderinga på om vi skal starte snøkanonane, eller om vi tørr å vente litt til. Den enorme spenninga. Den blir verre og verre for kvart år.

(Publisert i Vinter PS 2016).