Før i tida køyrde vi på lange, smale ski i laussnø. No flyt ein berre oppå snøen på breie plankar. Arve smilar lurt, sett frå seg smørejarnet og tar ein ny slurk av kaffekoppen med pulverkaffe. Mannen som har drive skiutleiga på Strandafjellet i tjue år, har meiningar om ski og snø, samt stort sett alt anna mellom himmel og jord. 

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. 

Ein sommar har gått sidan vi stakk innom skiutleiga til Arve på Strandafjellet. Eg treff han på G-sport, nede ved ferjekaia i Stranda sentrum. Han har nettopp gjort unna ein travel periode med Stranda-dagar, innkjøpsmesse og hjortejakt. Kor hjortejakta sjølvsagd var det viktigaste. På grunn av hjortejakta har det vore vanskeleg å få tak i mannen for ein skiprat. Jaktlaget har allereie skote tre dyr, noko han meir ein gjerne vil fortelje om. Men det får bli ein annen gong. No skodar vi vinteren i horisonten. Eg vil snakke ski med nordvestlandets beste skireparatør.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Du har arbeidt med ski i tjue år. Kva betyr ski for deg, Arve?

”Ski, kva betyr ski for meg? Vel, det betyr arbeid. Nei, det er klart, ski betyr veldig mykje. Ski er ein del av livet. Eg har drive med ski i alle år. Eg likar ski, det er artig å køyre ski. Så ja, det betyr mykje, men ikkje alt.” seier Arve, på ein måte som han berre kan seie det på. Dei som kjenner han forstår kva eg meinar.

Når og kvar stod du på ski første gongen?

Første gongen eg stod på ski var i vinteren 73, sjølvsagt på Fjellet. Eg starta å køyre alpint då eg var åtte år gammal, trente alpint aktivt fram til eg var atten år gammal og drog i førstegongsteneste. Eg køyrde lokale renn, fekk med meg siste året av ranking-renn i Noreg, FIS-renn og køyrde NM i jr.- og sr.-klassa.

Kven var det som lærte deg å stå på ski?

Det var fadern som lærte meg å stå ski, og han har hatt mykje å seie for mi glede over skikøyring. I starten betydde han alt for skikøyringa mi. I alle fall til eg blei vaksen. Dei beste minna eg har frå skikøyring, har eg frå skiferiar i Østerrike saman med mor og far. Der køyrde vi blant anna ski i Saalbach og Lech.

Du nemner at du lærte å stå ski på Fjellet? Er det Strandafjellet du meiner?

Arve ventar eit par sekundar før han svarar:
”Strandafjellet er ikkje eit fjell, Strandafjellet Skisenter er nettopp det, eit ski senter. Det heiter Hevsdalen, Roalden og Egga. Eller kort og godt Fjellet. Hevsdalen er området, Roalden er ein fjelltopp. Strandafjellet er eit skisenter, i alle fall i mitt hovud. Rett namn er viktig, ting skal heite det det heiter.”

Dette med lokale namn er noko som engasjerer Arve. Eg lærer meg blant anna at dei ”runnsa” som for mange norske frikøyrarar heiter ”einern”, ”toern” og ”treern”, eigentleg heitar Benkane. Det same gjelder det mange omtaler som baksida. Det heitar eigentlig Tørrsnik-dalen, og han går ned til Kjerringbotn. No kunne vi nok lett fortsette denne reisa i lokale namn, men det er ski vi skal prate, eller i alle fall prøve å prate om.

Du har jobba med ski i tjueto år Arve, korleis blei det til at du starta opp med skiutleiga på Fjellet?

Før i tida hadde butikken, sportsbutikken som familien har drive sidan 1963, ein liten skipark på fjellet som vi hyrte inn folk for å styre utleiga på. Men då eg kom att frå militære i einognitti, måtte eg ha noko å gjere på. Så dermed starta eg skiutleiga. Eg trudde det skulle vere lite arbeid og mykje peng å tene. Det blei i alle fall mykje arbeid, for å sei det slik. Hadde det ikkje vore for den dårlege sesongstarten i fjor, så hadde eg stått einogtjue første nyttårsdagar på rad i skiutleiga.

Når du no har jobba med ski i så mange år, så har du jo fått med deg utviklinga som har skjedd. Noko av den største utviklinga dei seinaste åra har jo vore rocker på skia. Kva tenkjer du om utviklinga på ski?

Arve drar litt på det. ”Må eg snakke om det?” flirar han. ”Utvikling har det jo alltid vore, og det kjem det alltid til å vere. Eg har vore borti mange ulike typar ski i løpet av åra. Rocker har kome for å bli, ingen tvil om det. Det finst jo rocker på storslalåmski, og på vanlege bakkeski. I tilegg til på pudderski, kor ein så vidt har eit punkt midt på skia som har vanleg spenn. Men sjølv om eg forstår prinsippet med rocker. Så meinar eg at rocker er noko tull. Kvifor må du ha rocker til å hjelpe deg å køyre i laussnø? Før i tida køyrde vi i laussnø. Då fanst det noko som heitte snorkelføre. Det finst ikkje lenger i dag. No flyt dei berre oppå snøen på grunn av rocker-forma på skia, seier Arve med eit lite smil på lur.

Og det er kanskje ikkje så rart at han seier som han gjer. Favoritt-runnet til Arve på Roalden er storslalåmløypa. Helst med hardpakka snø, gjerne blåis. Gi mannen det, pluss eit par nykvassa storslalåmski, og du vil få sjå det største gliset han har på lur. Eit glis ein elles får sjå om han dreg storlaksen på land, eller fell ein hjort.

No er det snart vinter igjen, kva burde folk som tar fram skia frå loftet, boda eller garasjen tenkje på før dei stikk til fjells?

Helst burde ein vaske av skit frå skia og smurt dei inn med voks før ein sette dei bort om våren. Har ein ikkje gjort det, får ein sjølvsagt gjere det no. Det kan også være bra å slipe kantar, og få lagt inn struktur i skia. Og hugs å sjekke bindingane, og smørje dei. Det er fjører inni bindingane, og om dei ikkje er i bra stand, så verkar ikkje bindinga slik den skal. Noko som fort kan resultere i eit beinbrot. Ingen vil køyre på glatta med sommardekk. Det same gjeld med ski. Sørg for at du har utstyret i orden.

Noko vi la merke til då vi var innom skiutleiga i vår, var skimalane som hang på veggen. Nokon av dei var jo veldig gamle. Kva er formålet med dei?

Skimalane er historie. Enkelte vil nok seie at eg er ein samlar, at eg samlar på for mange ting. Men det er ikkje sant, eg samlar på skimalar og ski. Men eg samlar ikkje på gamle syklar.

Foto: Martin Andrè Kristoffersen

Har du nokon ski i samlinga di som betyr meir for deg enn andre?

Dei gamle skiene til han far. Rossignol Stratos 215 er eit klenodium som betyr mykje for meg. Det same gjeld dei gamle utforskia mine C4.

Rossignol det med, spør eg? Det er like før eg får passet påskrive. No heiter det Fischer C4, unge mann! Det er tydeleg ikkje berre lokale stadsnamn som engasjerer Arve. Skinamn er også viktig.

Ein epoke går mot slutten, Arve. For deg og Fjellet. Du har selt skiutleiga. Korleis trur du det blir å ikkje leige ut ski kvar helg? Kjem du ikkje til å sakne lukta av utsvetta skistøvlar og skivoks?

Nei. Det blir godt. Det blir mektig godt å sleppe å vere basten og bonden. Sleppe å møte opp på søndagar etter ei lang arbeidsveke på sportsbutikken, for å opne opp skiutleiga. I vinter skal eg stå på ski.

(Publisert i Vinter PS 2015)