Du har kanskje kjent på det ei stund. Varsellampene har begynt å blinke, ein etter ein, akkurat som den gamle bilen din, som du skulle hatt på EU-kontroll for lenge sidan, men som du tenkjer: Dette er ikkje noko stress, lampa har lyst lenge og det har likevel gått bra til no, dette ordnar seg, berre køyre litt til.

Tekst: Ole Kristian Årdal, Martin Andrè Kristoffersen

Samtidig dukkar det etter kvart fleire og fleire blinkande lys opp på dashbordet ditt: Du blir låk i magen og begynner å grue deg til enkle gjeremål, du har dårleg samvit og går med ei konstant kjensle av at du har gjort noko galt, sjølv om du ikkje har det, du blir stiv i nakken og sliten i musklane sjølv om du ikkje har trent, du vil vere meir og meir aleine, du sluttar å ta telefonen og sluttar å opne post…

Brettkøyrar: Henrik Sætre. Foto: Torstein Engeset

 

På Stranda møter du også veggen, men på ein litt annan møte. Nokon varsellampar vil framleis blinke: Du kan bli litt låk i magen, du hører ikkje telefonen ringe og tenkjer for all del ikkje på den uopna posten. Men om du lar deg lokke av tyngdekrafta og har ferdigheitene som trengs, kan du etter 15 sekund sjå deg tilbake. Det du ser er ein massiv vegg over hundre meter høg, signert av dine eigne ski.

Skikøyrar: Marius Berg. Foto: Torstein Engeset

Vår fotograf Torstein Engeset blei med når nokre lokale ski og brettkøyrarar sette sine linjer på Veggen ein dag i førre sesong. Du kan gjere det same om du sklir ut skiers left frå t-kroktrekket på Egga, og peiker skia rett ned mot Langedalen. No er det nemleg din tur, til å leite fram det beste som bur i deg, og overvinne og dekorere Veggen…

Foto: Torstein Engeset

(Veggen er bratt, og det kan her, som på andre bratte stadar, gå skred. Vis aktsemd med snøforhold før du sett utfor Veggen.)

Publisert i Vinter PS 2015.