Verdas mest spektakulære fjelltelemarksrenn er 20 år. Vi nyttar høve til å mimre tilbake til korleis alpeeventyret starta.

 

Tekst: Ole Kristian Årdal. (Publisert i vinter PS 2015).

Det er den 18. februar 1995, sola skin, himmelen er blå og dagane før har det kome fleire deilige dump med nysnø. Med andre ord ligg alt til rette for at det aller første Alperittet i historia skal bli ein suksess. På toppen av Roaldshornet (1230 moh) står strandaren Endre Fagerstrøm som ein av 170 deltakarar, med alpinski på beina og adrenalinet pumpande gjennom kroppen.
– Eg hugsar det var invitert mange storkanonar frå telemarklandsslaget, men vi var fleire strandarar som hadde bestemt oss for å gjere det vi kunne for å få den beste tida. Det eg hugsar best er mjølkesyre. Heile løpet var bajaskøyring frå start til slutt.

Start på Roalden. Foto: Alperittet.

Initiativtakaren for Alperittet var dåverande hotelldirektør på Stranda Hotell Roger Granum. Opplendingen mimrar tilbake til starten over telefon frå Kragerø:
– Det heile var ein vill idé for å skape meir merksemd rundt Stranda på vinteren. Strandafjellet er eit av dei beste alpinsentera i Noreg. Det einaste som er dumt med det, er at det er så langt vekke frå der folk bor. Korleis skulle vi klare å få folk til å reise langvegs frå, heilt hit?
Roger svara like godt på sitt eige spørsmål: Han kalla inn til møte med Sigmund Berge (Idrettslaget, Alpingruppa), Einar Lyse (Dagleg leiar for Stranda skisenter) og Ole Johan Lillestøl (Idrettskonsulent i kommunen) der han lufta idéen om å få til eit skirenn frå fjell til fjord. Neste vinter var det første Alperittet ein realitet.
– For meg som hotelldirektør var det veldig viktig at målgangen var heilt nede i sentrum. Rennet måtte bli ein folkefest som heile næringslivet kunne dra nytte av, og då måtte vi dra løpet heilt ned til fjorden.

Ein klassisk telemark-alperittsving gjennom bjørkeskogen på veg ned til Langlo. Foto: Alperittet.

Endre er snart nede ved skoggrensa no. Øvste delen har gått unna i rasande fart, han har satsa alt, og sete og fjøra i hockey heile vegen i den allereie godt oppkøyrte traséen. Men fjøringa har tappa han heilt for krefter, og plutseleg slår han kneet med full kraft opp i nasen, så blodet begynner å fosse ut. Likevel susar han gjennom skogen før han må over vegar og vidare gjennom hagar nede i byggefelta.

Langlo. På veg inn i den urbane delen av Alperittet. Foto: Alperittet.

– Det var eit hopp ut frå Fagerlivegen rett over huset til Helge Søvik. Der var det ei venninne av meg som akkurat hadde dotte på snowboard. Ho hylte når eg kom så eg måtte trekke opp beina i frykt for å treffe ho.
Heldigvis gjekk det bra, og den blodige alpinisten kunne fortsette vidare forbi tørkestativet til Søvik.

– Neste året måtte vi ta ned tørkestativet, det stod litt i vegen.
Helge Søvik har følgt Alperittet både som redaktør i Sunnmøringen, men også som utlånar av hagen sin for traséen dei første åra. Han meinar derimot at det ikkje er løypa i seg sjølv som er den meste imponerande faktoren med Alperittet:
– Det mest imponerande er alt arbeidet som blir lagt ned kvart einaste år for eit enkelt skirenn. Uansett kor mykje snø som kjem blir jo gangfelta brøyta, så utallige lastebillass går med på å legge ut snø heilt frå Meieribakken til Sentrum. Og ikkje nok med det, søndagen etterpå er all snøen tatt vekk.

Det er alltid folkefest i Stranda sentrum under Alperittet. Foto: Alperittet.

Alperittet har blitt ein skikkelig folkefest på Stranda. Søvik nemner nokre av dei største høgdepunkta som har skjedd rundt rennet:
2000: Den finske songaren Arja Saijonmaa held konsert i Storfjord Kulturhus.
2001: Noregs høgaste snømann blir bygd av Framhus Fotballklubb nede i sentrum, nesten nede i fjøresteinane. Snømannen var 16,46 meter høg og heile 1200 kubikk med snø gjekk med til bygginga. Same året vitja også Kari Traa med resten av det norske freestylelandslaget. Dei hadde show i  ein spesialbygd hoppbakke på Ousmarka.
2006: NM i Fjelltelemark. Pga lite snø denne vinteren blei målgongen lagt til Hevsdalen.

Endre Fagerstrøm kryssa målstreken på tida 7 minutt og 33 sekund, og med ei snittfart på 50 km/t blei han blodig og fæl den første vinnaren av Alperittet. Det skulle ta fleire år før rekorden blei slått. Sjølv om Fagerstrøm baud på heltemodig innsats hadde det nok også med at arrangørane etter synet av Endre tenkte at løypa kanskje hadde vore litt i raskaste laget. Dagens gjeldande rekord blei tatt av Nils Bjarne Krohn frå Åndalsnes IF. Han brukte ikkje meir enn 6 minutt og 15 sekund og hadde dermed ei snittfart på heile 60 km/t! Og ikkje nok med det: Romsdalingen køyrte i tillegg på telemarkski.

September 2014: Sigurd Drege sit nede på kontoret sitt i Storfjord Kulturhus og tenkjer på neste års Alperitt. Han har vore Alperittgeneral dei siste 14 åra, og måtte for første gong i historia avlyse Alperittet, vinteren 2014, pga ekstremt lite snø i fjellet.
– Fleire gongar har det vore alternative løyper, ein gong måtte vi utsette, men i år var det heilt umogleg å arrangere. Sjølv om vi skulle køyrt tusenvis av lastebillass nede i sentrum, så var det ingen plass å hente snøen.
Dermed blei 20-årsjubileet utsett til vinteren 2015, og generalen kan love ein folkefest av dei sjeldne, om då ikkje snøen enda ein gong vel å halde seg vekke.
– Dei seiast at rogna ikkje ber to gongar. Det har vore veldig mykje rogn i år, så då blir det ikkje mykje snø, men vi får håpe at det slår feil.

Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal er ikkje like einig i den konklusjonen:
– I Nordfjord der eg kjem frå, betyr mykje bær at det blir mykje snø!

Vi kryssar fingrane saman med Sigurd for at dei same vêrreglane gjeld på Sunnmøre som i Nordfjord.

Påmelding til Alperittet 2018: alperittet.com