Uteguiden har fått med seg ski-legendene Kaj og Sverre på vinterens feitaste skicamp på Stranda.

Campen er for alle som diggar frikøyring og vil utforske Sunnmørsalpane på topptur i hyggelig lag. Dette er ikkje tenkt som ein camp med ekstremkøyring, men ein camp for dei som vil ha det gøy på ski. Kaj og Sverre vil dele av sin kunnskap om frikøyring og gje tips og råd om korleis ein kan forbetre skikøyringa si. Sjølvsagt skal dei som har lyst til å pushe seg få mogligheiter til det, då det blir ulike grupper kvar dag avhengig av nivå og lengde på tur.

Info og påmelding: uteguiden.com

Frå campen i 2016. Foto: Håvard Myklebust.