Stranda er utvald som Noregs Arvesølvperle og Stranda hotel inviterer til eit lanseringsevent av dei sjeldne på Fjord Panorama Restaurant laurdag 12. mai frå kl. 19:00 – 23:30.

Det Norske Brenneri lagar kvart år ei spesiell utgåve av fatmodna akevitt som dei kallar Arvesølvet Summer Edition. For 2018 er Stranda, med utsikta frå Strandafjellet ned mot den kvite bygdebyen ved Storfjorden, vald ut som ein av tre destinasjonar.

Line Løseth på Stranda hotel fortel at det vil bli  servert arvesølv frå Stranda på Fjord Panorama Restaurant denne kvelden. “Lokal spekemat, laks og øret, heimebrygga kønnøl av Stein Eldar Langlo og i tillegg andre lokale skattar. To av våre partnarar kjem også på besøk med smakeprøver til oss, Geiranger Bryggeri og Tonga Gårdsbryggeri.”

Lanseringsshowet vil ikkje hotellet røpe, men dei seier at ein ikkje vil gå glipp av dette arrangementet.

Bestill billettar på Tikkio.com

Eller på booking@strandafjellet.no

Pris kr.475,- per person og dette inkluderer:

Fjord Gondol opp kl. 18:30 – 19:00
Velkomst til smakeprøver av heimebrygga kønnøl frå Stein Eldar Langlo på Stranda, smaksprøver av Arvesølvet Summer Edition i tillegg til sortar få har smakt før. Arvesølvbuffet med lokale råvarer av høg standard, lanseringsshow og litt underhaldning.
Fjord Gondol ned kl. 23:15 – 23:45