Stranda med omland er stappfull av moglegheiter for unike og minneverdige opplevingar. Men sommaren varar ikkje evig. Difor har vi laga ei liste over kva du bør få med deg i løpet av sommaren.

  1. Skurahornet 

Skurahornet er den snille toppen med den eventyrlege utsikta rett ovanfor Stranda sentrum. Før har råsa til Skurahornet ofte vore blaut, men no har crewet i Stranda Fjord Trail Race lagt ut klopp, slik at du så og seie kan gå tørrskodd til topps.

PS: Vårt tips er å oppleve denne turen før han blir så kjent at alle på Sunnmøre skal gå han. Mrk. Slogen og Saksa.

Utsikt på veg opp Skurdahornet. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

 

  1. Padle kajakk. 

Opplev fjorden frå vassflata. Fjorden er lang og det finst mange fine strekningar å padle. Er du usikker på kvar du skal padle, eller skal du ut å padle for første gong? Leig deg ein kajakk og guide hos Uteguiden på Stranda, eller Valldal Naturopplevingar i Valldal.

PS: Om du ønskjer å padle kajakk rundt Ålesund eller Hjørundfjorden, så leiger Uteguiden ut kajakkar der også.

Sommarmorgen på Storfjorden under ein av Uteguiden sine guida kajakkturar. Foto: Oscar Almgren

 

  1. Stranda Fjord Trail Race

Fjelløping blir stadig meir populært, og få løp er vakrare enn Stranda Fjord Trail Race. Arrangementet går av stabelen 16.-18. august, med løp som passar for alle. Info og påmelding på www.strandafjordtrailrace.com

Kjell Magnar Berli på veg opp Båsenibba. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

  1. Sove i telt

Du skal ikkje sove bort sommarnatta, men om du først skal sove, gjer det i eit telt på fjellet, i skogen ved fjorden eller ved eit lite vatn.

Kveldsroa senker seg ved Heimste Kaldhussætervatnet. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

  1. Et jordbær

Noregs beste jordbær blir odla i Valldal. Kjøp deg ei korg eller to, og finn deg ein bortgøymd stad med sol ved fjorden. Livet blir ikkje betre enn ei korg med jordbær i sommarsol.

  1. Strandafjellet

Det vert ikkje skikkeleg sommar utan ein eller fleire turar for å nyte utsikta frå Roalden. Ta gondolen opp, eller snør på deg løpeskoa og få deg ei treningsøkt opp til toppen. Avslutt turen med ein betre middag på paviljongen: Info om åpningstider og priser.

På Roaldspaviljongen Panorama Restaurant for du nydelig mat med verdas vakraste fjordutsikt. Foto: Michaela Potterbaum.

  1. Klatrekurs i Molladalen

Molladalen er Sunnmøres svar på Yosemite. Opplev kvasse tindar i klatreselen under trygg opplæring frå instruktørane i Uteguiden. For meir info: Klatrekurs i Molladalen.

  1. Besøk ein fjordgard

Langsmed fjorden ser du gardane høgt oppe i fjellsida. Turistane som seglar inn fjorden på cruiseskipa ser opp og undrar seg over korleis folk klarte seg på slike stadar. Men du treng ikkje å nøye deg med å berre sjå opp på fjordgardane. Snør på deg fjellskoa, besøk ein av gardane og nyt utsikta frå til dømes Knivsflå eller Blomberg.

Verdsarvutsikt frå Knivsflå. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

  1. Gå på konsert på Ljøen.

Kvar sommar er det duka for store musikkopplevingar i amfiet til familien Bonsaksen på Ljøen. Opplev musikk med verdsarvutsikt i sommar.

  1. Sykling.

Anten du føretrekker sti- eller landevegsykling, området kring Stranda har alt du drøymer om. Og om du synast det blir litt for tungt å sykle opp alle bakkane, så kan du berre leige deg ein el-sykkel hos Uteguiden.

Det er viktig å ta seg tid til å nyte utsikta frå Lievarden før ein syklar ned. Foto: Martin Andè Kristoffersen.