Kl.13.03.55, 22 . august 2015, kryssa ein jublande Ola Hovdenak mållinja framfor Roaldspaviljongen som den første vinnaren av Stranda Fjord Trail Race.

Tekst: Martin Andrè Kristoffersen. Foto: Axel Brunst og Håvard Myklebust.

4 timar, 3 minutt og 55 sekund tidlegare, la 43 spente fjelløparar i veg frå Vasset-skiftet og oppover langs grusvegen mot garden Lie. Ikkje akkurat nokon mild start på eit 31 km langt fjelløp. Arrangøren hadde sørga for at løparane fekk høgdemeter i føtene frå start. Dei hadde også tima det godt då mjølkebilen ikkje skulle opp til garden på Lie før klokka ti – det kunne blitt trongt om plassen om løparane skulle konkurrert mot mjølkebilen på vegen.

Etter 500 høgdemeter og 2.5 km stiløping venta den første av mange eventyrlege utsynsplassar på løparane. Frå Lievarden kunne løparane sjå rett ned i den majestetiske Sunnylvsfjorden og vidare innover i fjordlandskapet som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Ikkje berre kunne løparane sjå innover fjorden, men om dei tok seg tid til å snu seg og sjå seg tilbake, kunne dei også sjå Roalden ligge og vente på dei. Men til mål på Roalden var det bortimot 28.5 km att å springe. No venta to kilometer med fantastisk løping på fin flytsti langs fjellryggen 700 meter over Sunnylvsfjorden. Stien leda til det ein av deltakerane omtala som ein vegg av eit fjell som berre blei større og større og brattare og brattare jo nærare ein kom. Den omtala veggen heiter Fremste Blåhorn. Løypa gjekk opp det som blir kalla for Mønet – eit bratt parti heilt på kanten av fjellet på sida mot fjorden. Frå rett vinkel kan vegen opp Mønet sjå ganske bratt ut, ja, nesten som ein vegg. Her må deltakarane ta i bruk hendene, då dette partiet grensa til lett klyving. Til gjengjeld fekk løparane ei fantastisk høgdeoppleving då dei kom opp. Frå Mønet kan ein kan sjå 900 meter rett ned i Sunnylvsfjorden. Men løparane var framleis ikkje på toppen. Opp til sjekkpunktet på Fremste Blåhorn var det framleis 600 høgdemeter att, i tidvis bratt steinur.

Utsikt frå toppen av Lievarden. Foto: Axel Brunst.

I Noreg har det ikkje vore vanleg med konkurransar i terreng som er så krevjande som det er opp Fremste og Heimste Blåhorn. Men internasjonalt har løp i liknande og meir krevjande terreng vore gjennomført i mange år. Denne konkurranseforma stammar, som mykje anna bratt moro, frå Alpane. På 1990-talet byrja ideen om skyrunning å forme seg i Alpelanda. Den italienske tinderanglaren Marino Giacometti og ei handfull fjellklatrarar byrja å konkurrere på fjella Mont Blanc og Monte Rosa. Berre månadar seinare blei det arrangert fleire tilsvarande løp i Himalaya, Mount Kenya og til og med på vulkanar i Mexico. I 1995 blei organisasjonen The Federation For Sport at Altitude grunnlagt i den hensikt å legge til rette for løp i høgfjellet. I 2008 tok International Skyrunning Federation over ansvaret med å organisere denne forma for løpekonkurransar, som i dag sjølvklart har eige verdsmeisterskap og verdscup. Årleg blir det arrangert over 200 løp tilknytt International Skyrunning Federation, og over 30.000 løparar frå 65 ulike nasjonar deltek i desse løpa.

Vinnaren av Stranda Fjord Trail Race, Ola Hovdenak, er ein merittert fjelløpar og skialpinist. Han har delteke i mange fjelløp i Noreg og Europa, og har i mange år vore mannen å slå i norske fjelløp. Han innehar mange rekordar på motbakkeløp og fjelløp rundt omkring i landet. Etter målgang kunne Ola fylle på med ein varm middag på Roaldspaviljongen og nyte utsynet over løypa han nettopp hadde løpt.

Ola Hovdenak på veg opp Roalden og siger i SFTR 2015. Foto: Håvard Myklebust.

«Det var eit kjempefint løp og ein spektakulær trasé. Ruta passa bra til meg, med mykje fjell og terreng. Løypa har sugande stigningar, teknisk løping og fine flytstiar som tek deg utmatta til toppen av Roalden.»  Ola Hovdenak

Etter alpin løping på Fremste og Heimste Blåhorn med spennande teknisk løping ned den smale ryggen frå Heimste Blåhorn, endra løypa karakter nede ved Blåhornsvatnet. Her fekk løparane eit høgfjellsplatå å springe over på veg til Vardnakken. Medan løparane lengst bak i feltet var på veg frå Vardnakken vidare mot Dregetua, sprang Kristin Larsson i mål som vinnar av kvinneklassa på tida 5.38.59. Ho er i Europa-toppen i swim-runn, ei konkurranseform der ein konkurrerer i ei løype som består av symje- og løpestrekk. Det var ikkje mykje symjing innlagt i SFTR, men Kristin sette likevel stor pris på opplevinga.

«Mitt sterkaste minne frå løpet er frå då eg sprang opp den første stigninga. Eg begynte å bli trøtt, men såg opp og blei møtt av ei fantastisk utsikt over fjorden. Dei gongane eg konkurrerer gir så mykje energi. I staden for å kjenne meg trøtt, kjenner eg berre glede og takksemd for å kunne springe på så vakre plassar.»  Kristin Larsson

Frå Dregetua kunne løparane sjå nedover til Stranda sentrum, og sjølvklart også til målgang på Roalden. Den raske stien ned til Stranda sentrum tok løparane gjennom sætrane på Heimarhaugane og vidare ned til Stranda Hotel der det var drikke- og matstasjon. Øystein Drabløs Langlo sa følgande om turen ned frå Dregetua:

«Stiløpinga nedover til Heimarhaugane var veldig fin og det var mykje tid å innhente på denne strekninga. Samtidig var det eit herleg naturpanorama. Å passere Heimarhaugane er eit nostalgisk tilbakeblikk på gamal sætredrift. Det var utruleg koseleg å passere desse hyttene med jublande rop frå lokale folk.»

Øystein Drabløs Langlo på veg opp Lievarden. Foto: Axel Brunst.

Tidlegare på sommaren hadde Øystein vore i Sveits og delteke i Zermatt Marathon, eit fjelløp på den ikkje ukjende alpedestinasjonen som ligg ved foten av Matterhorn. Her var ikkje Øystein einsam. Årleg deltek ca. 2400 løparar i Zermatt Marathon. Det er nok ikkje kapasitet til å ha med så mange deltakarar i SFTR enda då det ikkje finst overnatting til så mange deltakarar på Stranda. Men det er kanskje ikkje alltid nødvendig å trakte etter å vere størst? Eit løp som ikkje har det største deltakartalet, men som kanskje er det mest anerkjende fjelløpet i verda, er Hardrock 100 i Colorado. Løpet tek stad i fjella mellom dei gamle gruvebyane Silverton og Ouray, sydvest i Colorado. Det er kjend for å vere eit av dei hardaste fjelløpa på planeten. Ikkje så rart når løypa er åtti kilometer lang, og tek turen innom fleire toppar på 4000 meters høgde.

Hardrock 100 er ikkje berre populært blant løparane, men også blant dei frivillige. Faktisk er det så populært å hjelpe til under dette løpet at til det eine sjekkpunktet er det sju års venteliste for å vere funksjonær. No skal det leggast til at sjekkpunktet er midt på ein fjellrygg, kor dei ikkje har plass til å huse meir enn åtte personar og passerande løparar. Om ein skal bruke dei frivillige som målestokk på om eit løp kan bli stort eller ikkje, så har Stranda Fjord Trail Race det som trengs. Løparane var utruleg nøgde med dei frivillige funksjonærane dei møtte under løpet. Fleira av funksjonærane har allereie tinga same sjekkpunkt eit år til, deriblant Marvin Hole som kunne seie følgande om løpet frå sitt sjekkpunkt mellom Blåhorna:

«Det var ei oppleving å få sjå utøvarane kome “dansande” ned ura frå Fremste Blåhornet. Ulik fart og teknikk, men alle med eit smil om munnen i det dei passerte, uansett kor slitne dei var. Imponerande! Kjekt var det også å rekke å ta gondolen opp til Roalden, og i godt sosialt lag få ta imot utøvarane ved målgang.»

Medan Marvin og dei andre funksjonærane som var utplassert tidlegast i løypa var på veg ned frå sine respektive sjekkpunkt, var Natalie Lauf frå Canada innom mat- og drikkestasjonen på Stranda Hotel. Ved hotellet var løparane no godt over halvegs, men nokre av dei var ganske langt nede i kjellaren og grov etter krefter til å ta fatt på ferda gjennom Stranda sentrum, og vidare oppover langs Langloelva opp mot Skuravatnet. Natalie var nok den som imponerte oss mest av alle. Ho er nemleg i utgangspunktet ingen løpar, men fjellklatrar, og brukar mykje meir tid i klatreselen enn i løpeskoa. Berre eitt år tidlegare var ho i ei alvorleg klatreulykke i Lofoten. Ho låg i koma, hadde to hjerneoperasjonar, og har vore i rehabilitering sidan. Då er det ikkje anna enn beundringsverdig at ho fem timar etter starten ved Vasset-skiftet stod og drakk energidrikk ved Stranda Hotel.

«For meg var dette løpet ein moglegheit til å bevise for meg sjølv at energinivået mitt er tilbake til det det var før ulykka, og ein moglegheit til å bruke styrketreninga eg får gjennom klatringa.» Natalie Lauf

Heile kjensleregisteret kom i sving etterkvart som løparane blei tatt imot med stor jubel frå tilskodarane som hadde samla seg oppe ved Roaldspaviljongen. Her var det både smil, latter og tårer. Det var tydeleg at det kosta å fullføre løpet. Strekket frå Skuravatnet og opp Trollvardegga hadde vist seg å vere mykje hardare enn kva mange hadde forventa. Etterkvart som deltakarane skifta til tørre klede, fekk dei varm mat som dei kunne nyte inne i paviljongen. Herfrå kunne dei sjå tilbake på Stranda nede ved fjorden og fjelltoppane dei hadde vore innom på ferda til Roalden. 36 av dei 43 løparane som stilte til start fullførte løpet, og fleire av dei sa allereie etter målgang at dei skulle kome tilbake neste år. Ein av dei var Bjørn Inge Hepsø frå Åndalsnes:

«Eg er utruleg glad og takksam for å ha vore med og løpe i denne fantastiske traseen. Ein trasé som inneheld alt: raske stiar og klyving og løping i terreng utan sti. Ein krevjande, spennande og morosam trasé. Superhyggelege folk i løypa og målområdet. Måltidet i paviljongen og gondolbana ned var prikken over i-en. Me sjåast neste år!»

*Publisert i sommer PS 2015.

I år vert Stranda Fjord Trail Race arrangert 16.-18.august med tre ulike løp. Båsenibba 9k, SFTR 35k og Stranda Uphill Race 10k. For info og påmelding: Strandafjordtrailrace.com