Sommarvinden blæs over parkeringsplassen på Tjøreveden. Vi er på Sykkylvssida av kommunegrensa i Hevsdalen. Reimane på sekkane er stramma, turskoa snøra, og minstemann i turfølgjet, som har inttatt leiarposisjon i bæremeisa, signaliserer at det no er på tide å setje av stad.

Tekst og foto: Martin Andrè Kristoffersen

Sunnmørsalpane byr på eit nesten uendeleg mangfald av flotte fjellturar. Mange assosierer Sunnmøre med kvasse tindar som stuper ned mot blå fjordar (sjå andre stadar i magasinet). Men ein treng ikkje berre gå bratt for å få godt utsyn over dette eventyrriket. Det finst også turar som klatrar langsamt opp mot himmelen på slake stiar. Turar som er perfekte for dei som vil på tur med barn, eller som trivst med at det ikkje går rett opp heile tida. Ein av desse turane går frå Svartevatn til Roaldshorn. Denne turen har lenge vore ein lokal favoritt, og er no i ferd med å bli ein klassikar som fleire og fleire besøkande sommar- og haustturistar gler seg over.

Vi spaserer over riksvegen og inn på stien som snirklar seg mellom fjellbjørkene. Vinden rislar sin sommarsong medan vi akkompagnerer med lydar av tursko som tråkkar på røter og steinar. Det tek ikkje lange tida før vi legg den siste bjørka bak oss og terrenget opnar seg opp. Kvit myrull står tett i tett og nyt sola. Det er nesten som å gå i snø, berre utan kulde. Stien går gjennom eit lite myrstrekke før den kjem over på hardare underlag. Minstemann i bæremeisa har bestemt seg for at ho slettes ikkje berre vil nyte turen sitjande. Vi stoppar opp, bæremeisa blir sett ned, og glad stabbar ho oppover stien mot Langevatn. Det er mykje å oppdage på ein sti. Stein, kvistar, og insekt som vi vaksne ofte overser. Framdrifta er ikkje den største, men gleda over naturen er desto større.

Det blir litt brattare rett før vi kjem opp til Langevatn, og minstemann finn plassen i bæremeisa medan vi gjer unna eit av turens to delvis bratte parti. På toppen av bratta ligg Langevatn og ventar på oss. Vi tek ein liten pust i bakken ved turskilta som peikar oss fram til Kleivdalsfjellet (1154m), og vidare mot målet for turen, Roaldshorn (1230). Medan vi let pulsen roe seg ned, nyt vi utsikta mot Ystevasshornet og dei kvasse tindane over Brunstad.

Langevatn.

Frå Langevatn er stien behageleg bratt opp til Kleivdalsfjellet. Vinden tek betre her oppe i høgda, så vi nyttar terrenget til å finne le for å ete nistematen. Med litt lettare sekker og litt tyngre magar er det klart for å gå den siste kneika opp til Kleivdalsfjellet. Frå toppen av Kleivdalsfjellet bretter catwalken til Roaldshorn seg ut. Det er forholdsvis flatt og fint heile vegen, heilt til den siste biten opp til Roaldshorn. Her blir det litt brattare, men ikkje brattare enn at oppdagaren i bæremeisa søv seg gjennom heile denne etappen.

Oppe på Kleivdalsfjellet, Roaldshorn i sikte.

Mot toppen av Roaldshorn opnar fjordpanoramaet seg for kvar ein meter vi går. Fjord og fjell til alle kantar. Om det er på grunn av utsikta, eller om det berre er fordi at bæremeisa står i ro, som gjer at oppdagaren vaknar, er ikkje godt å seie. Men å nyte ei skive, nokre rosiner og ei storslagen utsikt som denne, verkar å vere midt i blinken for både barn og vaksne. Vi vaksne tek fram kaffitermosen og lurar også i oss ein sjokoladebit medan oppdagaren utforskar steinar og mose etter alle kunstens reglar.

På toppen av Roaldshorn opnar fjordpanoramaet seg.

Fleire som har gått frå Svartevatnet kjem også til topps, medan andre har teke snarvegen til topps via gondolen. Gondolen er neste stopp for oss, vi tek fatt på den siste biten av turen: nedoverbakken mot Fjord Panorama Restaurant og toppstasjonen til gondolen. I tillegg til den fine stigninga og utsikta, er det nettopp dette som gjev denne turen ein ekstra dimensjon til familiar som vil på tur. Om ein ønskjer, kan ein avslutte turen med ein god matbit laga av dei finaste lokale råvarer, og ein kjølande is før ein tek gondolen ned. Det er ikkje mange stadar ein kan gjere slikt på toppen av eit fjell. Og i gondolen ned får små barneføter, og ikkje fullt så godt trena vaksne føter, kvile medan auga kan avslutte turen med å nyte utsikta heile vegen ned til Hevsdalen.

Startstad: P-plassen ved Svartevatn

Lengd: 5,5 km

Høgdemeter: 900

Berekna tidsbruk: 3 – 5t til Roaldshorn

Egnar seg svært godt for barnefamiliar.

Tips: Om de er fleire som skal gå denne turen, parker ein bil på p-plassen på Strandafjellet, slik at de kan køyre tilbake til startstaden ved Svartevatn og dermed sleppe å traske tilbake langs riksveg 60.