Å gå tur over Flofjellet er som å vere med i Nintendo-spelet Super Mario Bros, der ein går ned i eit grønt røyr og plutseleg kjem opp ein heilt annan stad, ein annan dal, i eit anna fylke.  

Tekst: Ole Kristian Årdal. Foto: Hamish Melville

Flofjellsvegen er ein ni km lang turveg mellom garden Vollset i Sunnylven og bygda Flo i Stryn. Skal du køyre bil mellom dei to stadane, må du køyre heile 81 km rundt fjellet. Då er det rart å tenkje på at folket på Vollset ein gong sokna til Stryn prestegjeld, og dermed måtte gå over fjellet kvar gong dei skulle i kyrkja.

Fram til 1848 måtte folket på Vollset gå over Flofjellet kvar søndag for å kome seg til kyrkje. I dag er vegen ein populær turveg for både for sunnmøringar og nordfjordingar. Foto: Hamish Melville.

I dag er turen over fjellet ein flott tur for folk i alle aldrar. både som sykkel-, fot- og ridetur. På vegen går du forbi fleire vatn og setrar før du møter eit nydeleg utsyn over Strynevatnet på veg ned til Flo.

Ved Ångelsvatnet vaktar kyrne vegen ned til Flo. Men dei er ikkje farlege, dei vil berre sjekke om du veit kven som skåra det første norske målet då Noreg slo Brasil i Fotball-VM i 98. Om ikkje kan det fort bli pinleg når du kjem ned til Flo. Foto: Hamish Melville.

 

Tre karar om Flofjellet

Tore André Flo

Eg har vore masse på Flofjellet, og har veldig gode minne frå den vegen. Tidlegaste minne er frå då vi drog opp i traktor med heile slekta. Av og til har vi gått heilt ned til Vollset, det er ein svært flott tur.

I starten, då eg var barn, syntes eg det var veldig bratt å gå opp frå Flo, men no er det ein flott trimtur. I barndomen tok vi sjølvsagt med oss ballen opp, og hadde nokre fine kampar på plenen utanfor hytta. Det einaste var at ballen fór så langt av garde når den først begynte å rulle.

Jostein Flo:

Flofjellet, dit har eg tatt med alle fotomodellane i Noreg i ei årrekkje. Neidå, berre tulla. Men fjellet har betydd mykje for heile familien. Vi har ei felleshytte der oppe med familien til Håvard. Frå Øvre Flosætra kan ein gå ein fantastisk fjelltur opp til Rinddalshyrna (1670 m.o.h.). Spør du meg, har Flofjellet den finaste naturen i verda.

Det tek ca. 30 minutt å jogge opp frå Flo, men Floarane pleier å køyre opp med bilar, traktorar og alt mogleg. Sjølv har eg ikkje turt å køyre opp, men mor mi på 70 gjer det. Bommar du med 20 cm, rullar du plutseleg 4000 rundar ned. Det er ein tøff tur.

Håvard Flo: 

Eg har mange gode minne frå turen over Flofjellet til Vollset. Då vi var yngre, gjekk vi ofte opp på fjellet for å fiske i vatna som låg der. Når eg, Jostein og Tore André har vore tilbake på Flo om somrane, har det vore eit ritual å ta oss ein tur over fjellet og ned mot Vollset. No tar eg ein årleg sykkeltur frå Flo til Stryn, Hellesylt og tilbake igjen til Flo over fjellet.

Foreldra mine gjekk ofte over fjellet til Sunnylven for å fare på fest, og så gjekk dei tilbake igjen til Flo om natta. Før vegen kom, var Flo veldig isolert, og det var meir naturleg å reise over fjellet til Vollset, enn til Stryn. Bestefar min var i si tid med på å byggje denne vegen over fjellet.

I starten av juni skal eg ta meg ein ny weekend på Flo, og då skal eg love deg det blir sykkeltur.

Foto: Hamish Melville.

 

Faktaboks om Flofjellsvegen

Lengde: 9 km

Høgdemeter: 185 høgdemeter frå Vollset,  328 høgdemeter frå Flo

Tid: 2-3 timar til fots, 1 time med sykkel.

Vanskegrad: lett

Tilkomst til Vollset: Fylg skilting frå Hellesylt mot Flofjellsvegen til parkeringsplass på Vollset.

Tilkomst til Flo: Fylg riksveg 15 frå Stryn mot Otta, og ta av til venstre mot Flo ved munningen av Strynevatnet. Merka parkeringsplass på Øvste Flo.