Det er sommar, slik sommar berre kan vere lengst inne i ein norsk fjord kransa med høge fjell. Smeltevatnet kjem buldrande ned fjellsida i høge fossefall og blomane viser seg fram i si finaste festkledning, der dei kosar seg i solskinet. Vi traskar oppover grusvegen mellom husa på Homlong og vidare på stien som leiar oss oppover berga. Dagens turmål er Skageflå, den segnomspunne garden der kongeparet feira sølvbryllaup i 1993. 

Tekst og foto: Martin Andrè Kristoffersen

Vi treng ikkje gå lenger enn til berga over Homlong før utsynet tilbake til Geiranger er ein pause verdig. Her kan vi sitte og beundre fjella kring Geiranger heile dagen. Men som så mange gongar før lokkar stien oss vidare, den pirrar nysgjerrigheita på kva som ligg bak neste sving, idet den fører oss inn i bjørkeskogen, akkompagnert av fuglekvitter og susande sommarlauv.

Råsa til Skageflå godt skilta.

Det er kanskje ikkje så rart at H.M. Kong Harald og H.M. Dronning Sonja såg seg ut nettopp Skageflå som ein verdig stad å feire 25 års ekteskap. Dette er ein av dei absolutt finaste og mest spektakulære fjellgardane vi har her til lands. Dronninga og mange av dei kongelege gjestane tok sjoavegen opp til garden. Denne «vegen» går rett opp frå fjorden og var i si tid ein av dei mest strabasiøse sjoavegane av alle langs Geirangerfjorden. Det seiast at ein gong lensmannen var på veg til garden for å krevje skatt, tok bonden like godt opp tømmerstokkane som låg til hjelp på eit svaberg på veg opp til garden. Dermed måtte lensmannen reise tomhendt tilbake.

Etter ca. 2,5 kilometer på fin sti har vi komme opp på Skagen, fjellplatået ovanfor Preikestolen. Her ligg Homlongsetra med særs fin utsikt over fjorden til Ørnesvingen kor vi ser bussane og bilane stå parkert på lang rekke. Der står folk frå alle verdas kantar og knipsar bilete av fjorden, slik hundretusenvis har gjort før dei. Homlongsetra ligg på 522 meters høgde og er det høgste punktet på turen til Skageflå. Setra blei i si tid brukt til vårseter for Homlong. Hit tok dei dyra om våren før snøen hadde smelta i Skagedalen, ein dal der også dyra på Skageflå hadde sommarbeite.

Homlongsætra.

Sjølv om utsikta frå Homlongsetra også er ei utsikt vi kunne slått oss til ro med resten av dagen, tenker vi at vi får fortsette vandringa til garden. I starten går stien slakt nedover mot fjorden gjennom fin og open bjørkeskog. Men det tek ikkje lang tid før det blir betrakteleg brattare. Kvar sommar har sine augeblikk ein sit igjen med når hausten kjem, augeblikk som blir til minner som ein kan ta fram og glede seg over seinare i livet. På veg ned gjennom bjørkeskogen til Skageflå, får vi eit nytt slikt minne. For akkurat der bjørketrea må gi tapt mot fjellet, og ikkje kan vekse lenger ut på klippa, opnar det seg opp eit lite platå. Herifrå kan vi sjå ned mot garden, og til nabogarden Knivsflå og Dei sju systrene på andre sida av fjorden. Utsikta utover fjorden kor hurtigruta kjem seglande, er majestetisk. Vi forstår kvifor dette er ein av favoritturane til så mange besøkande, for det finst ikkje mange utsikter lik denne. Det er eit utsyn og ei oppleving for auge og hjarte som vi kjem til å bere med oss lenge etter at sommaren er over.

Utsikt mot Knivsflå og dei sju systre.

Vi ventar til Hurtigruta passerer rett under oss, og let beina ta fatt på den siste etappen ned til garden. Stien går tett inntil fjellsida. Det er gjort ein god sikringsjobb og det er mogleg å halde seg fast i ein utlagt vaier på dei luftigaste plassane. Etter femten korte minutt kan vi kjenne sommarhøgt gras stryke over låra medan vi spaserer inn på bøen til garden som ligg på ei fjellhylle, 250 meter over fjorden. Skageflå var i si tid ein av dei rikaste gardane langs Geirangerangerfjorden. Noko av grunnen til det er at det lengre opp i fjellsia, opp mot Skagedalen, fanst svært gode beitemarker for dyra på garden. På det meste kunne ein fø opptil 125 geiter på denne fjellgarden, samt femten kyr og to hestar.

Det går ingen dyr og beitar i områda rundt garden då vi er på besøk. Derimot sit ei stor gruppe som har komme opp sjoavegen og høyrer på ingen ringare enn Oddgeir Bruaset fortelje historia til garden. Det er som vi plutseleg er med i TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Ute på kanten, like ved der gruppa sit, er det eit stup som går rett ned i fjorden. På grunn av dette stupet var gardsfolket nøydd til å sikre småungane med tau når dei leika utanfor husa. Då vi ser over kanten og ned på to små synåler som flyt rundt på fjorden, eigentlig to kajakkpadlarar, skjønar vi godt kvifor foreldra sikra småungane med tau.

Det er godt med ein sommarkvil i graset. Vi et nistepakka og kastar igjen eit blikk over fjorden til Dei sju systrene og Knivsflå. Medan vi sit og drøymer oss bort i fossefall og fjellsider, kjem nokre andre, som er ute på tur, pustande og pesande opp sjoavegen. Gardsfolket pusta sikkert også godt når dei kom oppover sjoavegen. Dei bar nok betrakteleg tyngre bører opp og ned den bratte vegen enn kva dagens besøkande gjer. Ein kan ikkje gjere anna enn å la seg inspirere av vilja og pågangsmotet til menneska som budde på denne garden og andre fjellgardar langsmed fjorden. Kvar henta dei styrka og motet sitt frå? Historiene deira er på mange måtar like imponerande som utsikta, om ikkje enda meir imponerande. Dei fortel oss at ingenting er umogleg så lenge ein ikkje er redd for å ta i eit tak eller hundre.

Nistepakka er eten opp, og vi vender ryggen mot fjorden og går inn på stien som skal ta oss tilbake same vegen vi kom opp, til Skagen og Homlongsetra og vidare ned til Homlong og Geiranger. Om vi ikkje går feil og tar opp til Skagedalen, det blir sagt at det er fint også der oppe, og sommaren er lang.

Fakta om Skageflå

Fjellgard som ligg 250 meter over Geirangefjorden.

I si tid ein av dei rikaste gardane langs Geirangerfjorden

Stad for kongeparets sølvbryllaupsfeiring i 1993.

Verdsarven blei feira her i 2006