Ein variert og spennande tur, spesielt om ein går via Hesten, frå Bygdastølen, og ned igjen via Tverrdalen. Då får du ein fin rundtur i ulikt terreng, Ikkje berre rett opp og ned same veg. Turen er stort sett lett å gå, og byr på enkle klyveparti mot Litle Skruven. Toppen er nok ikkje like mykje besøkt som naboane sine litt lengre vest, som for eksempel Slogen og Jakta, men byr på like storslagen utsikt, viss berre tåka lettar.

Tekst og foto: Johan Inge Kistrand.

Det er tidleg september, og søndagsturen går til Skruven. Det er litt grått utanfor når vi køyrer frå Ålesund, men ifølge vêrmeldingane skal det lette utover dagen. Vi stolar på dei. Rett etter Hellesylt tar vi av til Ringdal, og køyrer ein bomveg gjennom Sunnylvsmoldskredalen, og ca 4.5 km inn til Rindalstølen og Bygdastølen, omlag 470 moh. Vi blir tekne litt tilbake i tid ved desse stølane, og minna på seterlivet i gamle dagar. Det kan sjå ut til at nokre av sela i dag blir brukte som hytter. I tillegg er ein geitefjøs framleis i drift.

Nærkontakt med nysgjerrige geiter ved stølane. Foto: Johan Inge Kistrand

Sola gløttar fram innimellom, og turen ser foreløpig lovande ut. Nesten framme ved stølen blir vi tekne varmt imot av 30 geiter. Dei fleste står midt i vegen, og det verkar ikkje som at dei har tenkt å flytte på seg med det første. Det viser seg at dei er svært selskapsjuke og ønskjer å bli klappa litt før dei vil sleppe oss forbi. Etterpå finn vi ein parkeringsplass ved den siste stølen, hiv på oss sekkene, og labbar i veg. Planen er å gå den lange ruta, via Hesten, og over Litle Skruven. Allereie frå start er det skilta mot Skruven. Så då er det berre å gå rett på. Men stien viser seg å forsvinne ganske raskt. Vi plukkar litt blåbær og funderer på om vi skal finne tilbake til stien, eller om vi berre skal gå vår eigen veg. Det blir det siste alternativet. Litt knoting oppover krattskogen, men så blir det meir opent terreng, og ruta vidare ser ut til å gå av seg sjølv.

Tåka ligg framleis tjukk over toppane, men innimellom skimtar vi Litle Skruven. Han ser svært spennande og innbydande ut herfrå – ein markant topp med bratte sider. Kan nok bli ein fin rygg å klyve seg oppover. Håpar berre lovnadene om betre vêr utover dagen stemmer. Etter å ha passert Hesten og gått litt vidare tek vi en avstikkar og kjem til eit flott utsiktspunkt nedover til Norangsdalen. Det er alltid like overveldande å køyre innover denne mektige dalen med den smale vegen og dei bratte fjellsidene, men det er hakket meir overveldande å stå her oppe på utsiktspunktet og skode nedover. Det er nokre hundre høgdemeter rett ned. Her ser vi rett ned mot vegen som slynger seg innover dalen, omgitt av bratte fjellsider. Rett over på andre sida ligg Skjerdingstindane og Staven. Vi blir ståande her ei god stund å nyte utsikta.

Variert terreng på veg opp mot Hesten. Foto: Johan Inge Kistrand

På avstand ser vegen vidare langs fjellryggen opp til Litle Skruven noko bratt og uframkommeleg ut. Men det viser seg å vere relativt enkelt å klyve oppover. Oppe på denne toppen er det heilt grått, og vi ser svært lite rundt oss. Her møter vi også tre andre som har gått opp frå Tverrdalen. Dei ser litt mørkt på å gå vidare til hovudtoppen, og vel å snu her på grunn av tåka. Toppen skal ligge eit kvarters gange herfrå, men vi kan ikkje sjå snurten av han. Uansett så vel vi å gå vidare. Etterkvart skimtar vi ein varde. Toppen er nådd. Men utsikta er lik null.

Enkel klyving opp mot Litle Skruven. Foto: Johan Inge Kistrand

Jaja, det var dumt, tenker vi, og kler på oss varme klede og får i oss matpakkene våre. Det ser temmelig dårlig stelt ut for at vêret skal lette. Men staheita tek overhand, og vi blir sittande i 45 minutt. Det er heldigvis vindstille, og vi har gode og varme klede. Det positive med slik tåke er at alt blir så stille. Det einaste vi kan høyre er lyden av ein ramn som flaksar forbi. Det er fortsatt like grått. Vi begynner å tenkje tanken på å snu. Men det er jo litt keisamt å bruke så mykje tid, og ikkje få med seg utsikta frå hovudmålet. Og så bryt det plutseleg opp. Sola får skine gjennom. Vi får sett Slogen og Norangangsfjorden frå ei litt ny side for vår del. Men det er ikkje til å ta feil av kva for ein topp det er. Han ser like flott ut frå alle kantar. Like markant og stolt. Smørskredtindane skimtar til innimellom. I andre retninga er det nesten blå himmel, vi ser elva som slynger seg nedover Tverrdalen helt ned til stølane kor vi parkerte, og vi ser kjente og ukjente fjell. Mange til inspirasjon til framtidige turar. Heilt fantastisk seier vi til kvarandre med store smil, og konkluderer med at det var vel verd ventetida.

 Utsikt frå toppen. Norangsfjorden og Slogen midt i bildet. Foto: Johan Inge Kistrand

Turen har teke litt lengre tid en venta. Tilbake på Litle Skruven ser vi ruta vi har gått opp. Litt lang tenkjer vi, og vel heller å gå rett ned i Tverrdalen. Her var det småbratt og veldig mykje laus stein, noko som kjennast godt på låra idet vi kjem ned i dalen. Vidare ned til stølane går i fint lettgått terreng. Når vi ser oss tilbake, ligg Skruven midt i en skydott. Trur vi var heldige med den. Tilbake til bilen begynner det å bli mørkt ute. Hausten har kome og kveldane er ikkje like lange. Ingen geiter å sjå på veg tilbake. Dei har nok krope til sengs. Nok ein flott dag i Sunnmørsheimen er over.