Liahornet ligg bak den trivelege bygda, Liabygda, rett over fjorden frå Stranda. Medan Strandarane sit og nyt kveldsskuggen på seine sommarkveldar, sit Liabygdarane og grillar i sola ut i dei små nattetimar. Liabygda er solbygda. Sjølv om Strandarane ikkje innrømmer det, hadde nok nokon av dei kunne tenkt seg å bu i Liabygda, om det fanst ei bru vel og merke.

Lunneplassen på Lied er eit fint utgangspunkt for turen til Liahornet. Herifrå kan ein sykle sætrevegen opp til Liasætra. Frå Liasætra er stien skilta til Liahornet.

Liasætra. Foto: Rocky Strong.

Frå toppen kan ein nyte utsikta over fjorden til Stranda, Eidsdal og omkringliggande tindar.

Utsikt fra Liahornet mot Stranda og Slogen. Foto: Rocky Strong.

Toppryggen byr på teknisk fjellsykling. Etter kvart blir stien mindre teknisk der den strekk seg over Storskrednakken (i staden for å sykle over Storskrednakken, kan ein sykle ned mot Sætrenakken, men da får ein tråkke oppover sætrevegen igjen for å ta seg tilbake opp til Liasætra).

Flytsti ned frå Liahornet. Foto: Rocky Strong.

Frå Storskrednakken glir stien gjennom fin bjørkeskog ned til Liasætra. Her syklar ein på sætrevegen på venstresida av vatnet forbi den litle sætra. Vidare går stien gjennom granskog før den går over ein sæterveg, og fortsett den siste delen gjennom furuskog med fine flytparti. Det heile blir runda av med eit bratt lite parti ned til riksvegen. Det blir fortalt at syklistar har blitt så glade av å sykle ned frå Liahornet, at dei byrja danse nede på riksvegen i sykkelgledesrus. Kva meir kan ein ønskje seg enn sol og gode opplevingar? I Liabygda får ein begge deler.

Liahornet byr også på herleg sykling i fin fin furu skog. Foto: Rocky Strong.

Rekn om lag to til tre timar opp til toppen.

Obs. Det går beitedyr i terrenget som deler av stien går gjennom. Vis respekt og aktsemd for dyra.