I Fjørå finn ein det mest berømte sykkelfjellet i Noreg. Dette har nok Norrøna sin legendariske reklamefilm for sykkelkolleksjonen, Fjørå, mykje av æra for. Kvifor dei valde å kalle opp sykkelkolleksjonen etter Fjørå, er ikkje vanskeleg å forstå. Syklinga her er av ei anna verd. 

Har ein to bilar er det lurt å sette att ein av bilane nede ved fjorden. Køyr vidare opp til Hauge (400 m.o.h.) og parker på anvist parkeringsplass. Følg skilting og traktorvegen opp til Nysætra. Denne strekninga går fint an å sykle. Oppe på Nysætra (750 m.o.h.) står ein av Storfjordens mest fotograferte benkar perfekt plassert for ein liten pust i bakken. Følg stien vidare langs ryggen opp til Mefjellet (1100 m.o.h.). På vegen opp har du tid til å vurdere dei ulike partia til nedfarten. Vel oppe på Mefjellet blir det ofte konkurrert heftig i bruk av ymse superlativar for å beskrive utsikta. Vi skal ikkje gjere det her.

Utsikt mot Eidsdal frå toppen av Mefjellet. Foto: Rocky Strong.

Nedfarten begynner på same stien ein kom gåande opp. Fjellsykling blir ikkje betre enn syklinga på denne fjellryggen. Når du nærmar deg slutten på ryggen, har du to val: Du kan fortsette forbi Nysætra og følgje den same traktorvegen du kom opp eit lite stykke, før du tar til høgre og følgjer skiltet til Ruggå. Eller du kan ta ein hard høgresving og sykle inn under ryggen og vidare ut til Bjorstadnakken. Frå Bjorstadnakken er det bratt nedover mot stien til Ruggå.

Mefjellet. Foto: Rocky Strong.

Når du treff stien til Ruggå, begynner flytfesten. Hugs å halde til høgre i første stikryss. Frå Ruggå flyt stien nydeleg vidare med skilting mot Ytterlinakken. Så kjem nokre tunge høgdemeter opp Syltefjellet før stien flyt vidare ned gjennom furuskog og over ei lita myr. Undervegs ser ein skilt som forklarar kva del av stien som er for syklistar. Vi oppmodar folk til å respektere skiltinga. Etter myra held ein til venstre, gjennom ei grind og vidare på traktorveg til garden Ruset (350 m.o.h.). Herifrå går ferda vidare på ein gamal handbygd kløvsti. Vi har mykje å takke tidligare generasjonar for, særskilt bøndene. Stien går i hårnålsvingar gjennom furuskogen og plutseleg er du nede på bilvegen ved fjorden. Då er det berre å sykle tilbake til Fjørå med eit stort smil om munnen.

Jean Christophe Barbier flyg mot fjorden. Foto: Rocky Strong.

Rekn ca 1,5- 2 timar opp Mefjellet frå Hauge.

Obs: Vis respekt og aktsemd for dyra i området. Til dømes er det fint å bremse ned og sykle sakte forbi sauer og lam.