I samband med sykkelrittet «Nordic Escape» lagar Strandafjellet ei ny sykkelløype frå gondolstasjonen på Roaldshorn og ned til Hevsdalen. Skisenteret har fått med seg «Bike Solutions» som blant anna har utvikla sykkelløypene i Trysil. «Bike Solutions» skal designe løypa, bygge ho og kurse tilsette på Strandafjellet i å bygge og vedlikehalde sykkelstiar.

Katrin Ericsson er sykkelansvarleg på Strandafjellet, og ser fram til å kunne tilby besøkjande å oppleve Fjellet frå sykkelsetet.

– I tillegg til sykkelløypa frå Roaldshorn skal vi også leggje betre til rette for sykling nede i Hevsdalen, både på «catwalken,» lysløypa, og opp til Skauhaugen. I tillegg skal vi byggje ein «pump track». Vi kjem til å leige ut hardtails- og cross-x-syklar for dei som vil sykle i dalen, og fulldempa syklar for dei som vil nyte sykling med verdas vakraste fjordutsikt frå toppen av Roalden. I samband med sykkelutleiga kjem vi til å ha bike wash, og selje kaffi, is og vaflar, seier Ericsson.

Med seg på laget har Katrin sambuaren Dave Clifford, som også jobbar på Strandafjellet. Paret møtte kvarandre i Canada, nettopp gjennom stisykling. Saman har dei vitja mange av dei beste sykkeldestinasjonane i Canada og Alpane.

– Vi har sykla i mange av dei beste sykkelparkane som finst, og har opparbeidt oss mykje kunnskap om kva som krevjast av ein bra «bikepark». Potensialet her er enormt stort. Når gondolen allereie går på sommaren, finst det ikkje nokon grunn for at det ikkje skal finnast eit sykkeltilbod her på Strandafjellet. No gler vi oss til å komme i gang, konkluderer Clifford.