Ryggtraversar har blitt noko av det hottaste ein kan gjere i den norske fjellheimen dei siste åra. Lenge har Besseggen trona høgst på lista til turistane, med Romsdalseggen som ein god nummer to. Denne trivelege måten å bevege seg i naturen på, der ein går rundtur eller overgangstur i staden for opp og ned same veg, har vist seg å vere eit spennande alternativ til dei meir dryge toppturane. Fleire lokale entusiastar har lenge etterspurt eit liknande konsept på Sunnmøre som ein del av ein strategi om vidare vekst og løft av aktivitetar i området, då med Hjørundfjorden som felles gjennomgåande og differensierande produkt.

Tekst og foto: Håvard Myklebust.

Ideen om ein ryggtravers gjekk ut på å skape eit konkret trekkplaster som inneheldt fleire ingrediensar som det unike fjorden kan tilby, samt er trygg, enkel og tilgjengeleg for så å seie alle som går i fjellet – både barnefamiliar, turlag og generelle fjellvandrarar. Etter suksessen med Saksa-råsa, som ligg like ved, trong ein ikkje å sjå lenger enn over Urkedalen etter eit slikt konsept. Der ligg Klokksegga og Maudekollen  som kamelpuklar på fjellryggen som strekk seg søraustover frå Urke mot Slogen og Øye.

Med utgangspunkt i setrevegen som rundar Klokksegga mot Myrsetra og Langseterdalen, danna dette allereie eit godt utgangspunkt for rundturen. Fjellryggen i seg sjølv la føringa vidare forutan om ei bratt, skogkledd fjellside nord for Klokksegga som måtte merkast og ryddast. Etter nokre sveittsame dugnadstimar frå lokale initiativtakarar vart ruta offisielt opna 3. september 2016.

Som ivrige toppsamlarar hadde vi begge vore på desse to jamnhøge toppane før. Vi var likevel nysgjerrig på korleis den nyetablerte ruta var lagt opp, ettersom det mest ikkje var nokon som vitja desse beskjedne toppane før, forutan om sauer og ein og annan skodelysten hjort. Utan sti og merking hamnar dei i skuggen av merksemda til den langt meir iaugefallande Slogen og med sine innfartsårer opp Skylstadbrekka og inn Langseterdalen. Opninga av den nye turistattraksjonen hadde fått god omtale i lokalavisene og sosiale medium, og berre på få veker hadde fleire hundre allereie vorte lokka og teke turen hit.

Det hadde vore ein nydeleg dag slik det ofte kan glimte til med tidleg på hausten. Nokre lange skyer bevega seg inn fjorden i løpet av ettermiddagen, men likevel var vi fast bestemt på å ta oss ein heller rask tur over Urkeegga, som var slagordet på den nye ruta. Vi tok 16.30-ferja frå Sæbø til Lekneset og tok av fjellvegen opp frå Klokk på Urke idet vi helste på nokre tilreisande som vandra langs Bruaparken. Kjem du frå Stranda eller Grodås, følgjer du vegen gjennom Norangdalen til Øye og kjem deretter til Urke. Sjølv om turistane utgjer mest ei dobling av innbyggjartalet i høgsesongen, så er ikkje dette akkurat verdas navle, og ein kan enkelt finne fram ved å følgje skiltinga. Følgjer ein dei meir heimesnikra skilta som «Downtown Urke», kan ein fort hamne opp blant lokale attraksjonar som Urke Kaihus og Svisjes Pub. Oppover Urkedalen går der to setrevegar som begge fører opp til Myrsetra på 280 meters høgde der ein kan starte rundturen frå. Vi valde å parkere litt lenger nede for så å ta direkte opp stien til Klokksegga og vidare rundt og attende til Myrsetra og rusle setrevegen ned igjen til bilen. På denne måten slepp ein den bratte nedstigninga frå Klokksegga, og den seige kilometeren opp igjen til bilen ved Myrsetra.

Klokka vart nærmare 17 før vi forlét parkeringsplassen og skiltet som markerte starten på stien opp lauvskogen. No låg om lag 750 bratte høgdemeter føre oss som var lempa med å gå rundturen denne retninga. Men som det oftast gjer på Sunnmøre, lønner det seg raskt i god utsikt etter bratte oppstigningar. Stien kunne nok med fordel ha vorte lagt i eit par sløyfer til der han gjekk mest beint opp den fuktige og klamme oreskogen. Likevel var det gjort ein god jobb, både når det gjaldt merking og skjering av tre. Ein såg tydeleg at det allereie var etablert eit trakk her etter alle dei skodelystne turføtene som hadde trakka seg opp og ned sidan opninga. Etter nokre korte pust i bakken og tørk av sveitte, trakka vi oss bortetter krokete fjellbjørk som klora seg fast i den sidebratte fjellsida. Idet vi runda rundt fjellet til sørsida, kom vi straks over skoggrensa og fekk utsikta som var skildra i innhaldsfortegnelsen om turen. Husa ligg godt mellom dei høge fjella, vegane snirklar seg langs strendene og kontrastane er store mellom den mørke fjorden og dei kvasse fjella, nett slik berre få andre stadar i verda har det.

Foto: Håvard Myklebust.

Vi helsar på ei mindre gruppe som kom andre vegen og var nett i gang med den bratte nedstigninga. Fordelen med denne gangretninga er nok at ein har utsikta i mot seg berre ein lettar blikket, men dertil ventar den lårtunge avslutninga ned den bratte oreskogen. Dei passerande kunne fortelje om ein triveleg tur i dei makelause omgjevnadane der ein vandra tusen meter over fjorden. Ein kort og lystig passiar som berre fjellfolk seg i mellom har, vart avslutta på tradisjonelt vis med «god tur vidare» før vi traska vidare oppover blant raudglødande lyng som førebudde seg på vinteren.

Oppe på første toppen finn ein utplassert ei bok som held teljinga på dei besøkande og gir deg poeng etter trimboksystemet til det lokale idrettslaget. Boka kunne bekrefte oss det vi nett hadde observert og talde om lag 300 ulike handskrifter sidan opninga.  Eit par signaturar seinare fortsette vi i lett tempo i retning av Maudekollen, medan vi kika oss attende mot det opne landskapet. Lynggrodde svaberg forma av istidas herjingar følgde fartsretninga og braut med den konkave forma på fjellryggen. Stien gjekk i ei triveleg berg og dalbane over mindre haugar. I lågaste skaret mellom dei to høgste toppane kan ein bryte av rundturen dersom det er ønskeleg, og følge eit markant band som fører ned til stien i Langseterdalen. Mønet frå salen og opp til Maudekollen var også lett, men litt smalare eit par stadar som fører ein tilbake til fjordutsikta og minner deg på kvifor du går denne turen. Utsikta.

Maudekollen er toppen nærast Slogen og det høgste punktet på turen (1021 m). Då vi nådde toppen, var sola i ferd med å gå ned mellom innkomande skyer som utgjorde eit flott fargespel mot den haustkledde fjorden. Frå solvarme steinar betrakta vi båtane som låg på fjorden i kvar sine oppdrag. Bilar som kunne minne om miniatyrfigurar der dei rulla sakte på dei krokete vegane der nede, med merksemda til sjåføren meir vendt mot fjorden enn neste sving. Ferja som frakta fjordfolket og tilreisande over til Sæbø for 13. gong denne dagen. Tida står mest stille når ein ser ut over ei slik harmonisk utsikt.

Langs heile fjellryggen har du god oversikt over fjorden og dei omkringliggande fjella. Foto: Håvard Myklebust.

På fjellryggen vidare er det berre Jenteskaret som skil oss mellom den mektige reisinga til Slogen som før eller seinare ville ha hindra oss i vidare framdrift forutan om bruk av tau og sikringsutstyr. I staden runda vi nedover med kurs mot Langseterdalen og meandersvingane til elva frå Storevatnet. Stien er mindre konsentrert her, truleg har folk funne sine eigne vegar opp eller nedover lyngrabbane mellom dei to relativt små vatna som er her. Vi sprang nedover langs elva før vi valde å krysse den for å kome oss inn på stien som går mellom Myrsetra og Patchellhytta. Den nye stien følgjer dalen nedover på vestsida av elva, men av omsyn til det litt ulendte terrenget der, vel vi den tydelegaste stien idet sola går ned og mørket kjem sigande. Stien kryssar så tilbake til vestsida av elva via ei bru like ved Langsætra og er enkel å følge heile vegen attende til Myrsetra og fjellvegen. Vi passerer flymotoren som står utstilt her – eit minne frå slutten av krigen, 16 februar 1945. Denne dagen var det eit luftslag mellom allierte fly og tyske fly som førte til at fire tyske Messerschmidt 109 vart skotne ned i lufta over Urke. Eit av desse styrta her ved Myrsetra i Langsæterdalen. Flygaren berga seg i fallskjerm og fekk hjelp ned til Urke av ungdomar i bygda. Den gamle setra finn ein berre restane av, og er bytta ut med moderne teknologi i form av inntaket til Urke kraftverk utforma i betong med design etter den markante toppen lengre framme i dalen. Vi ruslar nedover fjellvegen etter 9,5 flotte kilometer i variert terreng blant majestetar og ekte fjordnorsk landskap.