Sommaren er tida for sol, bading, strandliv og late dagar. Langsmed fjorden vår finst det uteljelege badeplassar. Lokalbuarane kjenner godt til desse plassane, men vi vil at også du som kjem hit som turist skal kunne ta deg ein forfriskande dukkert i sommar. Difor gir vi deg nokre tips på dei mest besøkte badeplassane langsmed fjorden.

 

Helsemvika

Strandas badeplass nummer 1. Her finst eit stort område med gras til å breie seg ut på handduken ein varm sommardag, om du ikkje vil breie deg ut på handduken, kan du til eksempel nytte graset til å spele krokket. Her er gode grillmoglegheiter – du treng berre ta med eige grillkol. Om lag 25 meter frå land ligg ei flåte med stupebrett. Det er steinbotn her, og for dei minste kan det vere smart å nytte badesko.

Badehuset på Hellesylt

Like ved ferjekaia og småbåthamna i Hellesylt ligg badehuset. Badehuset blei bygd i 1937 og er eit staseleg badehus i tre. I 1997 blei badehuset kåra til årets kulturminne i Stranda kommune. Her er det ei fin sandstrand, og eit stupetårn på 12,5 meter med ulike avsatsar for stuping. I tillegg er det eit idyllisk grøntareal kor ein kan slappe av på graset eller grille om ein er svolten. Ein perfekt stad å vente på ferja til Geiranger på ein varm sommardag.

Liasjøen

Blant dei meir kjende plassane på denne lista er Liasjøen å rekne som ei bortgøymd perle. Hit kjem du ved å svinge bort frå allfarveg, og den svingen tek du ned til høgre i «vegkrysset» i Liabygda om du kjem køyrande i retning Valldal frå Stranda. Du skal sjølvklart frå rv 650 og ned til fjorden. For å kome til fjorden må du følge ein smal grusveg som tek deg på ei eventyrferd forbi hus og hytter der den svingar seg nedover i terrenget. Nede ved fjorden er det som at du har kome til ei anna verd, skjerma frå turistbussar og campingbilar. Her er steinbotn, så det er smart med badesko til dei minste. Det finst også ei fin brygge å hoppe frå.

Tafjord Friluftsbad

I Tafjord har dei oppvarma symjebasseng, slik at du er garantert eit varmt bad i bygda som ofte er varmast i landet på sommaren. Fjellveggane som kransar Tafjord lagar ei gryte som gjer at det blir ekstra varmt og godt her inne. I friluftsbadet finst det symjebasseng på 25×12 meter med djupne på 0,9-1,85meter. I tillegg finst eit plaskebasseng på 8×8 meter, med djupne på 0,3-0,5 meter. Vassklier og leikeapparat finst også.

Muribugen, Valldal

Sandstranda på Muribugen ligg idyllisk plassert eit par steinkast utanfor sentrum i Valldal. Stranda er langrunn og særs barnevenleg. Utsikta utover fjorden og til omkringliggande fjelltoppar gir ei mektig naturoppleving. Og når det i tillegg på varme sommardagar kan kome opp i 20 grader i vatnet her, er det slettes ikkje feil å stoppe i Valldal på veg til eller frå Trollstigen ein sommardag.