Det var litt som å ete veldig sterk mat. Eg kan ikkje heilt hugse kva maten smakte, berre at han var veldig sterk. Litt sånn har eg det når eg tenkjer tilbake på SFTR. Eg hugsar ikkje heilt korleis det kjentest, berre at det var ei veldig sterk oppleving. 

Eg vart utfordra av redaktøren i dette magasinet til å springe SFTR. Han bur på Stranda, spring i fjella og arrangerer fjelløp. Eg bur i Oslo og har kontorjobb. Han meinte eg kunne klare det. Eg tenkte: Kor dårleg kan det gå?

Eg hadde førebudd meg litt altså. Eg hadde trena og lese og tenkt, men aldri sprunge eit liknande løp. Han spurde meg ei veke før start: «Kva plan har du for å unngå gnagsår og sånt?» «Nei, eg har ikkje vore så mykje plaga av gnagsår» svara eg. «Skoa mine sit ganske godt, og eg har tenkt å bruke dei i løpet.» Han svara: «Hehe, eg tenkte ikkje på skoa. Kva gjer du for å unngå gnagsår i lysken, eller at du byrjar å blø frå brystvortene dine?» Eg vart usikker på om eg eigentlig var førebudd.

Løpsdagen kom, eg teipa brystvortene og smøra sjenerøst med vaselin i lysken. Eg var så nervøs på veg til start. Kona mi køyrde meg til startområde, og eg såg alle dei andre løparane. Alle såg ut til å vere i sjukt god form! Alle hadde ultralette goretex-jakker i friske fargar, folk smilte!

Eg fann min plass i startområdet og kjende at sommarfuglane i magen vaks til store blåkvalar som rulla rundt.

Her ser de nokre av Gore Tex-jakkene som var i mykje betre form enn meg.

 

Her er mine tankar rett etter løpet.

Start:

Me sprang i tog opp mot Lievarden. Eg var bekymra for at eg hadde feil plass i feltet. Folk murra om at det gjekk for seint. Eg syntest det gjekk meir enn fort nok. Tanken på å bryte kom fyrste gong etter 2,5 km. Eg tenkte mest på å halde ryggen til personen framfor meg, og var eigentleg glad for at tåka gjorde det umogeleg å sjå kor sjukt langt ned det var rundt meg.

Då me klatra opp Mønet høyrde eg folk som ropte frå tåka over meg «Laus stein! Pass på!» Eg såg for meg armageddon der eg og løparane rundt meg vart hagla ned av stein frå tåkehimmelen. Ingen stein i hovudet, køyr på vidare! Det byrja å bli alpint terreng og ur. Eg måtte bremse tempo for å ha auga med meg. Me sprang i tjukk tåke, det gjekk ikkje an å sjå anna enn bakken rundt meg. Då eg kom opp til Fremste Blåhorn, sa løypevakta: «Du treng i alle fall ikkje å stoppe for å sjå på utsikta!» Me byrja på nedstigninga. Sjukt teknisk, eg måtte springe sakte, alle andre såg ut til å halde høgt tempo. Folk flaug nedover steinane! Eg prøvde å setje opp farta, men det vart berre tøys. Eg hadde makspuls utan stigning eller fart. Makspuls av bekymring.

Eg kom ned i dumpa mellom Blåhorna. Tenkte at no kan eg setje opp farta. Det vart fort slutt på det då stigninga mot Heimste Blåhorn byrja. Eg prøvde å henge på ein kar med stavar som såg ut som han var født i ei steinrøys. Han glei over dei tekniske partia. Berre å sleppe ryggen hans.

På veg ned Heimste Blåhorn. Foto: Johan Inge Kistrand.

Over Heimste og ned mot Dregetua, endeleg litt gras! No kan eg setje opp farta! Så sklei eg, tryna, og slo sida i ein stein. Første teikn til medmenneskelegdom: «Hur gikk det?» spurde ein svenske. Eg svara med to tomlar opp, altså kjempebra!

Så såg eg myra opne seg framfor meg, himmelen letta og eg kunne sjå kor langt eg skulle springe. Det var herfrå til horisonten. Myra vart ei lang reise, både i tid og inn i mitt indre. Til slutt fekk eg jobba meg gjennom myra og byrja nedstigning mot sentrum. Eg kan sjå sentrum! Så kom eg ut på asfalten, endeleg kan eg få opp farta! Men eg var heilt tom for krefter. Ingen juice igjen i beina. Eg prøvde å motivere meg til å springe forbi en løpar framfor meg, men eg hadde nok konkurranse inne i mitt eige hovud.

Då eg kom til drikkestasjonen i sentrum såg eg kona mi. «Hei André!! Bra jobba! Dette går bra! Korleis er det med kroppen din?» Eg fekk klump i halsen, tenk at ho bryr seg! «Det er trøbbel i det eine kneet.» Eg klarte ikkje å seie så mykje meir. Eg fekk ein klem. Eg slukte den klemmen. Sei kva du vil om energigel og sukkerinntak, ein klem frå kona når ein er midtvegs, gjer meir enn noko anna!

Eg samla tankane litt. Herfrå går det berre oppover. På alle vis. Eg tenkte litt på om eg skulle bryte etter eit halvt løp. Tenkte på arrangøren, (han som utfordra meg) som hadde skildra løpet sånn: «Fram til sentrum er det berre sightseeing, SFTR byrjar eigentleg etter sentrum.» Eg skulle gjerne fortalt han ein ting eller to akkurat der.

Opp til stadion, krampe krampe krampe. Sat på huk og prøvde å tøye ut krampa. Løypevaktene på stadion meinte at eg kunne klare dette. Eg var ikkje så sikker.

Hugsar at eg sprang forbi Spar og tenkte at det er rart å kalle ein butikk for Svingen. Så skjedde det noko. Eg har ingen minne frå Svingen til Skuravatnet. Det er nesten 500 høgdemeter og ein heil time som er heilt svart for meg. Men då eg kom til Skuravatnet og snudde meg, så var eg over skyene. Dette var fyrste gong eg tenkte at eg kanskje klarer å fullføre.

Frå Skuravatnet og opp Roalden var det berre ein lang serie med skuffelsar. Trollveregga inneheld ei lang rekkje små platå som alle ser ut som toppen når du spring opp. Eg spurde løypevakter på kvar knaus på veg opp om dette var toppen av Roalden? Alle svarte det same: «Du er nesten oppe, køyr på!» Dei laug.

Målområdet på Roalden. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Men til slutt, etter ein uendeleg motbakke, kom eg til toppen av Roalden! Løypevakta ropte «Gratulerer, du er på toppen, no er det berre 300 m igjen til mål!» Eg trudde ikkje på ho, men etter kvart såg eg målområdet. Eg skulle gjerne satt opp farta og sprinta i mål, men eg var heilt tom for krefter. Eg subba i mål med tårer i augo og vondt i heile kroppen, så sliten som eg aldri hadde vore før!

Dette var fyrste gongen eg følte meg trygg på at eg kom til å fullføre. Foto: Martin Andrè Kristoffersen.

Eg trefte kona mi i målområdet og prøvde å seie takk for at ho heia på meg, men eg fekk ikkje fram eit einaste ord. Tårene berre rann og eg trengte nokre augeblikk for meg sjølv for å samle meg. I tida etter løpet har eg tenkt eit par tankar om meg sjølv som eg aldri har tenkt før. Eg veit til dømes at eg kan pushe meg sjølv mykje lengre enn eg trudde.

Eg har aldri vore så glad for å sjå kona mi.

Sjølv om det var ein lang dag med mykje vondt, vil eg anbefale å springe løpet. Du kjem til å verte konfrontert med deg sjølv, og du kjem til å angre. Men du kjem også til å overraske deg sjølv, du kjem til å lure på kor kreftene dine kjem frå på slutten. Eg er utruleg glad for at eg melde meg på. Eg konkurrerte berre mot meg sjølv. Offisiell tid vart: 7 t 21 min og 29 sek. Eg kom på 187. plass, men eg vann over meg sjølv!

Ting eg lærte under SFTR:

Ekstremt viktig å gå på do før start!

Teip brystvorter!

Finn ut før løpsdag kva slags næring du likar på langtur.

Ikkje ha produkt i håret dersom det regnar.

Smør sjenerøst med vaselin i lysken før start!