Dei ni nye superior-hyttene til Stranda Feriesenter er på plass, og dei første gjestane hadde gleda av å nyte ekstra høg campinghyttestandard allereie i april. Tilbakemeldingane frå gjestane er svært gode og eigar Helge Ibrahim er strålande nøgd med hyttene.

– Dei nye hyttene gjev gjestane hotellstandard. Dagens campingjestar forventar høg standard, og dei nye hyttene, saman med fiber på nett og TV, gjer at vi får svært gode tilbakemeldingar, seier Ibrahim.

Ibrahim har mange spennande planar på gang for feriesenteret midt i Stranda. Blant anna utviding av området slik at han kan få plass til 40 nye hytter. Ein «Via Ferrata» (klatresti) i fjellveggen bak feriesenteret er også ferdigteikna og feriesenteret ventar berre på at reguleringsplanen skal bli ferdigstilt før det vert lagt endelege planar for dette prosjektet. Framtidige gjester på Stranda Feriesenter har mykje å glede seg til.