I vår opna Uteguiden eit nytt aktivitetssenter i Notenesgata 3, like ved Brosundet i hjartet av Ålesund. Dei nye lokala gjev regionens største guidefirma mogligheita til å tilby kajakk «out and in» for grupper på opptil 80 personar, og «stand up padle»-turar i Brosundet for opptil 20 personar.

Nicolas Bourdillat har ansvar for den daglege drifta av aktivitetssenteret. Med seg har han fire sesongtilsette guidar. Eigar og dagleg leiar av Uteguiden AS, Oscar Almgren, er begeistra for det nye lokalet, og fortel om stor interesse for turane dei tilbyr. Dagane er hektiske og innhaldsrike med mange gjestar frå rundt omkring i verda.

– Vi opplever stor etterspørsel  etter opplevingane vi tilbyr. Vi har allereie vore fullbooka fleire dagar i mai, og enda er ikkje sommarsesongen skikkeleg i gang, seier Almgren.

I tillegg til kajakkar og «stand up paddle» har dei også 15 el-syklar, 20 vanlege syklar og sju landevegssyklar til utleige. Nicolas har drive med landevegssykling på høgt nivå i Frankrike, og tek med seg stor sykkelkompetanse inn i verksemda.

– Det har vore utruleg kjekt å få Nicolas med på laget, kompetansen hans på sykkel gir oss moglegheita til å tilby nye opplevingar for turistane som besøkjer Ålesund. Vi har nok berre sett starten på trykket frå turistar som vil ha naturopplevingar. Innan kort tid kjem nok Ålesund til å vere ein naturleg stad å besøkje for dei som vil oppleve eventyr på Sunnmøre.

Det er ikkje berre turistar som tar kontakt med Uteguiden for naturopplevingar mellom fjell og fjordar.

– I tillegg til å gje besøkjande unike opplevingar, skreddarsyr vi og guidar lokale bedrifter som vil gje sine tilsette nye opplevingar. Til dømes har vi nettopp gjennomført turar med Sparebanken Møre og Ekornes. I tillegg blir det meir og meir populært med guida utdrikkingslag i vill Sunnmørsnatur, seier Almgren.